Utskriftsversjon Nettstedskart Kontakt SFT Sámiegiella/Samisk English






Nyheter

Brev
Dokumenter
Offentlig journal
Høringer
Kunngjøringer
Leserinnlegg
Emner
Utslipp fra bedrifter
og grunnforurensning
Forbrukerstoff
Klimakvoter
Akutt forurensning
Om SFT
Publikasjoner
Regelverk
Skjema og maler
Bibliotek og lenker


01.08.02
Mindre forureina luft og nedbør

Luft og nedbør fører med seg mindre forureining til Noreg enn tidlegare. Den sure nedbøren er også redusert. Det viser resultata frå overvakinga av langtransporterte luftforureiningar i fjor.

Resultata kjem fram i ein samandragsrapport som Norsk institutt for vannforskning (NIVA) har utarbeidd for Statleg program for forureiningsovervaking. SFT har ansvaret for dette omfattande overvakingsprogrammet.

Persistente organiske forbindelsar (POP)
Persistente organiske forbindelsar (POP) er bestandige og fettløyselege, klorhaldige organiske miljøgifter. Nivåa av HCH (omfattar sprøytemiddelet Lindan) og HCB (forbrenningsprodukt frå søppelforbrenning og metallattvinning) i luft og nedbør på Lista er dei lågaste som er registrerte sidan målingane starta i 1992. På Svalbard var HCB-nivået i fjor det lågaste sidan 1992. 

Metall
Nivåa av metall i luft (Lista og Svalbard) er uendra dei siste ti åra. Også i nedbøren er nivåa av metall uendra sidan 1992. Nivåa av bly, kadmium og sink er reduserte med 50 til 80 prosent sidan målingane starta på slutten av 1970-talet.

Sur nedbør
Resultata frå 2001 viser same trend som dei siste åra: Det blir stadig mindre sur nedbør i Noreg. Betringa me no ser er eit resultat av internasjonalt samarbeid om å løyse problema.

  • Utsleppa av svovel i Europa blei reduserte med nær 60 prosent frå 1980 til 1999             
  • Utsleppa av nitrogenoksid er reduserte med 23 prosent sidan 1990             
  • Konsentrasjonane av svovel i nedbør i Noreg har minka med 52 til 74 prosent frå 1980 til 2001             
  • Konsentrasjonane av svoveldioksid i luft er reduserte med 72 til 97 prosent.             
  • Dette har ført til at vasskvaliteten i innsjøar og elvar stadig blir betre, men tilførslane over store delar av Sør-Noreg er framleis større enn kva naturen toler. Dette vil gjelde særleg i Agder-fylka og Rogaland også etter 2010. Då vil Gøteborgprotokollen om utsleppsreduksjonar av svovel og nitrogen virke for fullt. Det vil ta mange år før forsuringsproblemet er løyst.

Les meir:

Spørsmål kan rettast til SFT:


Tips en venn             Utskriftsversjon             Abonner på SFTs nyheter per e-post
Send tipset til:  Din e-post: 
Din melding:
 
 
Statens forurensningstilsyn (SFT)



Strømsveien 96, Postboks 8100 Dep, 0032 Oslo | Tlf: 22 57 34 00 | Faks: 22 67 67 06 | E-post: postmottak@sft.no

English Kontakt oss Nettstedskart Søk Utskriftsversjon www.sft.no