Nyheter
Nyhetsarkiv
Om HIFO
Kalender
Styret
Lokallag
Skole-HIFO
Oppdragsforskning
Priser og stipend
Internasjonalt
Historiedagene
Ta kontakt
Bli medlem
English
Publikasjoner
Historisk tidsskrift
HIFO-nytt
Skriftserie
 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › hifo › 5836 › 3882
Printer friendly

13.01.2007

Kven kan skrive eit liv?

Historiefagleg åndskveik, onsdag 21. mars 2007


 

Hifo-Tromsø og Institutt for historie (UiT) inviterer i samarbeid med Gyldendal Norsk Forlag til Tromsø-historikaranes tredje historiefaglege åndskveik. Tema denne gongen er biografiar. Me ønskjer å belyse fleire sider ved denne populære, men ofte omdiskuterte sjangeren. Kven kan skrive personorientert historie, og korleis blir resultatet i ulike fagtradisjonar? Korleis kan me få innsikt i eit levd liv,¬ og korleis framstiller me det? Kva blir resultatet av ei aktørorientert historieskriving? Og kven er det me skriv om?

Her er med andre ord mykje interessant for historikaren, språkfolk og litteraturvitarar, den faglitterære forfattaren og den allment interesserte akademikaren!

Rom E-0101, Hum-fak, Universitetet i Tromsø
Påmelding til Åse Johansen (aasej@sv.uit.no, 776 44 294) innan 16. mars. Lunsj kr 100,- festmiddag kr 150,- (betaling ved oppmøte).


Program:

10.30: Velkomen v/ leiar i Hifo-Tromsø, Richard Holt

10.40: Narve Fulsås: Liv og verk – oppkomsten av forfattarbiografien

11.10: Birgitte Possing: Sjangeren med mange liv. Biografiens historie i akademia

11.45: Lunsj

12.30: Stephen J. Walton: Treng vi skrive biografiar fordi om vi skriv om livet til folk?

13.00: Geir Mork: Historie og historia: Spenninga mellom analyse og forteljing

13.30: Kaffi

13.45: Sigrun Slapgard: Kva er spesielt med forfattarbiografien?

14.15: Åsmund Svendsen: Historikaren om historikaren

14.45: Frukt og grønt

15.15: Einar-Arne Drivenes: Historia om antihelten

15.45: Harald Dag Jølle: Helteforteljinga

16.15: Instituttleiar Hallvard Tjelmeland oppsummerer til debatt: Kven kan skrive eit liv?

19.30: Fest på Ølhallen med ”Havets delikatesse” frå Dragøy og festtale ved Einar Niemi


Om innleiarane:

Einar-Arne Drivenes er førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Tromsø og skriv biografi om den tidlegare polarhelten Adolf Hoel.

Narve Fulsås er professor i historie ved Universitetet i Tromsø og er redaktør for brevbanda i Henrik Ibsens skrifter.

Harald Dag Jølle er doktorgradsstipendiat i historie ved Universitetet i Tromsø og skriv biografi om Fridtjof Nansen.

Geir Mork er konsernsjef i Gyldendal Norsk Forlag og har skrive doktoravhandling om Arne Garborgs ironi.

Birgitte Possing er adj. professor og seniorforskar ved det danske Rigsarkivet og arbeider med biografihistorie. Ho er stadig aktiv i dansk biografidebatt og skriv for tida om Bodil Koch.

Sigrun Slapgard er NRK-journalist og forfattar. No skriv ho biografi om Sigrid Undset.

Åsmund Svendsen er historikar og skriv biografi om Halvdan Koht.

Stephen J. Walton er professor i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, har skrive biografi om Ivar Aasen og arbeider no med ei bok om biografisjangeren.


HIFO, AHKR, Postboks 7805, 5020 Bergen
e-post: HIFO@sv.uit.no, telefon: 55 58 32 60, telefaks 55 58 96 54
Oppdatert av Harald Dag Jølle den 26.03.2007 07:02
Ansvarlig for sidene: Harald Dag Jølle


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk
Sider:
Viser 1-10 av 16
   
Universitetsstipendiat - Universtitetet i Tromsø
Rødvinsseminar
Tromsø 2008
Min familie i historisk lys prisvinnere 2007
Stilling ledig som bygdebokforfatter
Biografiseminar i Tromsø
Operahistorie i Kristiansund
Det Nordiske Historikermøtet
Språket i historien - historien i språket
Ny bok
set width of right cell in netscape 4