|
Dei norske historiedagane 2008
Saman med Hifo-Tromsø skal Institutt for historie, Universitetet i Tromsø arrangere dei norske historiedagane 2008 helga 20.-22.juni.
Hovudsesjonen heiter: “Korleis feire ein nasjonalstat i ei globalisert verd?”, der feiringa av 1905 og 1814 blir drøfta nærmare.
I det internasjonale mangfaldsåret vil også kulturelt mangfald i historia få sin sesjon, tilliks med ein nordområdesesjon. Ut over det er fagmiljøa oppmoda om å kome med innspel og framlegg til andre sesjonar. Frist er sett til 1.september 2007.
Elles vil seminaret få ein høg sosial profil, med ekskursjonar både i byen og i omlandet rundt. Det blir dessutan ein ekskursjon i forkant av seminaret torsdag formiddag, med buss gjennom Lyngen til Nord-Troms, og med retur frå Skjervøy same kveld.
Leiar for hovudkomiteen Hallvard Tjelmeland tar i mot framlegg til sesjonar på epost (hallvard@sv.uit.no ), så vel som tlf.: 776 44359
Program
|