|
Norske Historiedagar 2008
Saman med Hifo-Tromsø skal Institutt for historie, Universitetet i Tromsø arrangere Norske Historiedagar 2008 helga 20.-22.juni.
Hovudsesjonen heiter: “Korleis feire ein nasjonalstat i ei globalisert verd?”, der feiringa av 1905 og 1814 blir drøfta nærmare.
I det internasjonale mangfaldsåret vil også kulturelt mangfald i historia få sin sesjon, tilliks med ein nordområdesesjon. Ut over det kan vi by på ei rad med andre spanande sesjonar. Sjå Norske Historiedagar si nettside.
Elles vil seminaret få ein høg sosial profil, med ekskursjonar både i byen og i omlandet rundt. Det blir dessutan ein ekskursjon i forkant av seminaret torsdag formiddag, med buss gjennom Lyngen til Nord-Troms, og med retur frå Skjervøy same kveld.
Program Norske Historiedagar 2008
|