Institutt for historie 
Startsiden

Til fakultetssider
 
Om instituttet
Nyheter
Forskning
Studietilbud
Ansatte
Studenter
Lenker
 
HIFO
Historiedagane 2008
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › svfak › historie › 1644 › 1645 › 4878
Printer friendly

Ting og tekst

Ting og tekst

Institutt for historie med nytt arkiv-/museumsemne.
Emnet startar opp i januar 2008.
Søknadsfrist 1.desember.

Kontaktinformasjon:
Steinar Aas
tlf 776 45 569
epost: steinara@sv.uit.no

Emneomtale:

HIS-2015: Ting og tekst – arkiv- og museumskunnskap i et historiefaglig perspektiv
Omfang
20 studiepoeng
Undervisningsspråk
Norsk

Mål
Kurset vil gi eit historisk oversyn over museet/arkivet si samfunnsrolle, og skal samstundes reflektere omkring teoretiske spørsmål som minne, kulturminnekonstruksjon og identitet, alltid i samspel med praksis. Sentrale element er derfor bruk og formidling av historiekunnskap, så vel som korleis historiske kjelder i vid forstand blir forvalta og gjort tilgjengeleg.

Kurset skal drøfte museum og arkiv i eit historisk perpektiv, og styrke profesjonsaspektet i historieutdanninga slik at det kan skape rekruttering av historikarar til museum og arkiv. Gjennom emnet skal ein derfor klårgjøre behovet for historikarar innafor arkiv og musum, gjennom å lære om oppbevaring av historiefaget sine mange typar kjelder. Med til kurset hører også drøftingar om kjeldegrunnlaget for samfunnsminnet, og korleis ein handsamar visuelle og materielle kjelder. Studentane skal dessutan få større forståing av institusjonane si historie og deira funksjon i samfunnet, herunder korleis kjelder er kontekst- og tidsavhengig, og deriblant prega av lokale og nasjonale diskursar.

Ein skal også lære å kjenne hovudtrekka i musèet og arkivverket si historiske utvikling med fokus på endringane frå arkiv, bibliotek og museum til integrerte ABM-institusjonar i eit samspel mellom teori og praksis.

Innhald

Kurset består av to hovuddelar:
I. Museumskunnskap
Denne delen skal mellom anna gje ei innføring i kva eit museum er og kva ulike typar museum som finst, kva tid musea utvikla seg, og kva som skil museum frå temapark/opplevingssenter (experience centre og science centres). Eit sentralt moment er å sjå på korfor musea treng historikarar. Delen vil derfor ta for seg museumshistorie (inkl. samlingshistorie, privatarkiv) og ulike spesialiseringar innafor museumslandskapet. Sentralt i dette emnet er også musea si rolle som skapar av kollektive identitetar, og deriblant korleis dei speglar multikulturelle forhold og kulturmøte. Her blir også spørsmål som kjeldekritikk, og korleis ein historikar fotel ei historie gjennom formidling av gjenstandar og bilete.
I samband med dette spørsmålet blir det lagt inn museumsekskursjonar og –besøk, der eit tema vil vere kva ein jobb i museet går ut på. Dessutan vil det bli rikeleg tid til å drøfte og analysere utstillingar og spørsmålet om formidling, samlingspolitikk, inventarisering, så vel som forsking og popularisering

II. Arkivkunnskap:
Denne andre delen vil ta for seg arkivhistorie; Kva er eit arkiv? Korleis blir arkiv skapt, korleis oppstår dei og korleis utviklar dei seg? I tillegg er det viktig å få ei innføring i arkivet sin samfunnsfunksjon, der fokus blir lagt på arkivdanning og arkivdepot, endring i arkiva si rolle over tid. Sentrale spørsmål som skal takast opp er dessutan; Kven sin hukommelse blir tatt vare på i arkivet og korfor overlever nokre arkiv framfor andre? Her blir ein ført inn i arkiva som forvaltningsinstitusjon og kulturinstitusjon, og ein får kunnskap om arkivaren/arkivinstitusjonen som mellomledd mellom forskar og arkiv. Andre viktige tema er arkiv og demokratisering: Arkiva som kunnskapsbase, og spørsmålet om tilgjengelegheit og tilgang. Studentane skal også lære om skilnaden mellom arkiv og samlingar, og privatarkiv som del av samfunnsdokumentasjonen. Digitalisering står også sentralt i kurset, under temaet forebyggande konservering i det moderne arkivet. I likskap med muesumsdelen skal arkivdelen også omhandle eit tema om arkiv og kjeldekritikk der spørsmålet om arkivdanning, arkivdepot, kjeldekritikk og formidling står sentralt.
Emnet skal og ha ei praktisk vinkling mot jobben i ein arkivinstitusjon, med besøk på ulike arkiv med informasjon om arbeidsfelt, og informasjon om ulike roller - arkiv sett frå forskaren si side og/eller tilretteleggaren sin ståstad.


Undervisning
Undervisninga består av seminar, forelesingar, ekskursjonar og oppgåveløysingar i arkiv og museum.
Arbeidskrav
Alle studentane skal ha godkjent eit arbeidskrav i form av ein fire siders rapport om ei museumsutstilling, før han/ho får framstille seg til eksamen.
Eksamen og vurdering

I karakterfastsettinga inngår ei mappe med tre arbeid som skal evaluerast:
1. Eit arbeid med eit gitt tema knytt til arkiv, med løysing av ei problemstilling gjennom ei 6 siders oppgåve ut frå materiale i arkivet.
2. Arbeide saman med minst to andre om ei museumsutstilling over eit gitt tema. Til utstillinga skal det utarbeidast ei brosjyre. Utstillinga er offentleg.
3. Munnleg eksamen som justerer den endelege individuelle karakteren frå mappa.

Vurdering etter karakterskalaen A-F.


Universitetet i Tromsø, Institutt for historie, 9037 Tromsø,
Tlf.: 77 64 61 80, faks: 77 64 61 81, epost: breiviklia@list.sv.uit.no
Oppdatert av førstekonsulent Steinar Aas den 08.11.2007 12:44
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål | English

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk
Sider:
Viser 1-5 av 5
Arkiv-og museumskurs
Biografiseminar
Det XXXII. nordnorske historieseminar
Nordplus-stipend
Polarhistorie på nett
set width of right cell in netscape 4