Historisk foreining i Tromsø 
Startsiden

Til fakultetssider
 
Om instituttet
 
HIFO
Historiedagane 2008
 
Language:

 
[ Logg inn ]
set width of left cell in netscape 4
Startsiden › svfak › historie › 7972
Printer friendly

Velkomen til Historisk foreining i Tromsø!

Hifo-Tromsø er eit lokallag i Den norske historiske forening. Laget har utgangspunkt i miljøet kring Institutt for historie ved Universitetet i Tromsø, men femner også andre institusjonar og einskildpersonar i Tromsø og omland. Registreringssentralen for historiske data, Universitetsbiblioteket, Statsarkivet, Tromsø museum og andre museum i området har alle ein medlem eller to i Hifo.

Laget arbeider med ulike tilskipingar gjennom året, og det er særleg to område me har ansvar for - raudvinsseminara og Koht-festen - begge tradisjonsrike fagleg-sosiale hendingar for historikarar i Tromsø. Raudvinsseminaret vart i si tid initiert av hovudfagsstudentane og er eit uformelt forum, på kveldstid, for meir og mindre populærvitskaplege innlegg og påfylgjande debatt. Koht-festen er til minne om ein av Noregs store historikarar, Halvdan Koht, som var fødd og veks opp i Storgata i Tromsø.

Laget har elles ei særskilt oppgåve i å danne sosiale møterom kring fagleg arbeid som går føre seg på og kring Institutt for historie og vil gjerne vera pådrivar for å halde aktiv og god kontakt med historiemiljøa utanfor universitetet. I tillegg vil laget gjerne fange opp og halde kontakten med nye og gamle historieundervisarar i skuleverket.

Dei norske historiedagane 2008


Oppdatert av rådgivar Sigrun Høgetveit Berg den 20.08.2007 13:13
Ansvarlig for sidene:: rådgivar Sigrun Høgetveit Berg


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk

Sider:
Viser 1-7 av 7
Velkomen
Styret
Program 2006
Program 2007
Årsmeldingar
Referat
Reisebrev
set width of right cell in netscape 4