Institutt for historie 
Startsiden

Til fakultetssider
 
Om instituttet
Nyheter
Forskning
Studietilbud
Programmer
Andre studier
Emner
Utvekslingstilbud
Ansatte
Studenter
Lenker
 
HIFO
 
Language:

set width of left cell in netscape 4
Startsiden › svfak › historie › 1644 › studietilbud › emner › 6
Printer friendly

ImportFS

HIS-1005: Nord-Norge mellom tradisjon og modernisering 1870-2000

Vekting
10  studiepoeng
Mål
Emnet er valfritt i bachelorstudiet i historie. Inngår som valfritt emne i emnesamlinga historie for lærere 60 stp. Passar som støtteemne til samfunnsvitskaplege disiplinar som statsvitskap, sosiologi og samfunnsplanlegging.
Innhold
Emnet omhandlar framveksten av det moderne Nord-Noreg. Det dreiar seg på den eine sida om korleis landsdelen blir omskapt, om ein moderniseringsprosess som integrerer landsdelen i større nasjonale og globale samanhengar økonomisk, politisk og kulturelt. Men det dreiar seg også om gjenstridig motstand mot dei omformande kreftene, om tradisjonsforsvar. Denne spenninga mellom det tradisjonelle og det moderne som blir blir eit gjennomgåande tema. Gjennom moderniseringsprosessen og ulike politiske handlingsval blir også landsdelen meir integrert, og det oppstår ein nordnorsk regional identitet. Det handlar difor også om den motseiingsfulle vegen fram mot Nord-Norge som region.
Undervisning
Emnet har varierte undervisningsformer.
Vurdering
2 essay a 5 sider innan ein gitt frist i løpet av semesteret. Vurderes samlet etter karakterene A-F. Det tilbys kontinueringseksamen ved karakteren F.
Eksamenssemester
Høst
Emnetype
Teoretisk.
Emnenivå/studieår
Vanligvis første eller andre året.
Pensum
Se hjemmeside.
Undervisningsspråk
Norsk
Emnet overlapper disse emnene
HIS-1111 -1      2 sp
Hjemmeside
http://uit.no/historie/1982/6
Timeplaner
http://timeplan.uit.no/emne.php?department=ALLE&module=HIS-1005-1

Undervisning høsten 2005
Førsteframmøte mandag 22.08, kl. 12.15-14.00, M-025
ForelesningFørste frammøte mandag 22.08, kl. 12.15-14.00, M-025

Undervisningsperiode: 22.08.2005 til 16.12.2005

Undv. periode: 15.08.2005 til 12.12.2005
Mandag 12:15 til 14:00
M-025 Breiviklia

Varighet: 1 semester
EksamenEksamensoppgåve 1 utleverast 27.10. kl. 09.00 og leverast inn 3.11. kl. 14.00. Oppgåve 2 blir utdelt 2.12. kl. 09.00 og innleverast 9.12.kl.1400. All inn- og utlevering på ekspedisjonen i Breiviklia, rom N- 229
Undervisningsperiode: 22.08.2005 til 16.12.2005

Varighet: 1 semester


Utfyllende informasjon
Her finn du informasjon om undervisninga på emnet hausten 2005

Oppgåver til første gong med Steinar Aas
Eksamen planlagt slik:
1. essay utleverast 27.10. med innlevering 3.11.
Kollektiv rettleiing i samband med oppgåva kl 1215 på rom M-025 den 27.10.2005.

2. essay utleverast 2.12. med innlevering 9.12.


Litt materiell til studentane:

Arbeidsoppgåver framfor 12. september (1. gong med S.Aas)
Disposisjon over den politiske utviklinga i Nord-Noreg fram mot 1940

Eit lite notat om krigens verknader på Nordlands næringsliv frå seminaret den 17.10.

Litt info om arbeidarbevegelsen etter krigen

Pensum
(Titler merket med * finnes i kopisamling på SVF-butikken)1. Hushaldsøkonomi og moderniseringDesse omgrepa blir sentrale i fordjupingsemnet, og i denne innleiande delen blir dei drøfta både teoretisk og empirisk ut frå nordnorske forhold.

* Hallvard Tjelmeland: Kva er modernisering? Art. i J.E. Myhre: "Nord-Norges modernisering", stensilserie B nr. 35, ISV, Universitetet i Tromsø, 1995. (12 sider)

Einar-Arne Drivenes: Fiskarbonde og gruveslusk, Univer-sitetsforlaget 1986, s. 11–20. (10 sider)
* Åsa Elstad: "Mentalitet og økonomi Nord-Noreg 1750–1950", i Historisk tidsskrift nr 4, 1991, s. 586–603. (18 sider)

2. Økonomisk modernisering og politiske spenningar 1870–1920
Fire aspekt blir teke opp her: Spørsmålet om i kva grad den eksisterande klassen av handelsborgarar i landsdelen bidrog i modernisering av økonomien, særleg i tydinga industriali-sering, spørsmålet om korvidt den tidlege industrialiseringa representerte ei undergraving av den tradisjonelle fiskar-bondeøkonomien, kva som var bakgrunnen for den raske transformasjonen av fiskeria i denne perioden ("motori-sering") og korleis allmugen nordpå møtte desse endringane på det politiske planet.
* Narve Fulsås: Voksteren og fallet til ein nordlandsk handelsstad. Kjerringøy i K. Zahl si tid 1850 1900, utrykka hovudoppgåve i historie, Tromsø 1983, s. 29-38, 103-118, 122-124, 147-151, 167-171, 192-206. (54 sider)
* Håvard Dahl Bratrein: ""Nessekongene" i Nord-Troms", i Nils M. Knutsen (red.): Nessekongene, Oslo 1988. s. 97–112. (16 sider)
* Edgeir Benum: "Industrialisering i Nord-Norge ca. 1875 ca. 1920", i Ottar nr 119–120 (1980). (21 sider)
Einar-Arne Drivenes: Fiskarbonde og gruveslusk, Univer-sitetsforlaget 1985, s. 20-32, 95- 96, 111-120 og 129-153. (50 sider)
* Narve Fulsås: ”Kvifor fekk ikkje industrialismen fotfeste i Nord-Noreg?”, i Eriksen (red.): Det nye Nord-Norge, Fagbokforlaget, Bergen 1996, s. 39–69. (31 sider)
* Einar-Arne Drivenes: ”Den politiske vekkelse”, utdrag av kapittelet "Det gjenstridige Nord-Norge. Religiøs, politisk og etnisk mobilisering, 1850–1990", i Drivenes, Hauan og Wold (red): Nordnorsk kulturhistorie, bind 1, Gyldendal 1994, s. 226–241. (16 sider)
* Svein Lundestad: "Fiskarbønder, arbeidere og arbeider-bevegelse i Nordland og Troms 1900–1940", i Arbeider-historie, Årbok for Arbeiderbevegelsens Arkiv og Bibliotek, Oslo 1990, s. 174–199. (26 sider)
* Hallvard Tjelmeland: "Fiskerinæringa mellom tradisjon og modernisering", LOS i Nord-Norge notat nr. 5 (1993), s. 1–12. (13 sider)

3. Fiskarbondeøkonomien gjennom krise, krig og gjenreising 1920–1950
Ein hovudproblematikk i denne delen blir spørsmålet om korleis den tradisjonelle sektor stod seg i ein periode med sterke konjunkturrørsler. Representerte krise- og krigsår ei konsolidering og styrking av bygdenæringane, eller var det nettopp i denne perioden grunnlaget vart lagt for etter-krigstidas moderniseringsoffensiv?

Pål Christensen og Abraham Hallenstvedt: På første hånd. Norges Råfisklag gjennom 50 år, Tromsø 1990, s. 9–77 og 106–113. (84 sider)
* Pål Christensen: ""En havenes forpester et kjempe-stinkdyr". Om trålerspørsmålet i Norge før andre verdenskrig", i Historisk tidsskrift nr 4, 1991, s. 622–635. (14 sider)
* Henry Minde: "Skiferbønder eller ødemarkskommunister? Perspektiver på samvirkebevegelsen i Nord-Norge", i Katia Båsk (m.fl): Arbetarklassen i samhällets vardag, Helsinki 1991, s. 133–149. (17 sider)
* Inge Strand: "Næringsliv og økonomisk utvikling i Nordland 1940–60", kap. 4 i Svein Fygle, Svein Lundestad og Inge Strand: Banken, folket og fylket. Nordlandsbanken og Nordlands næringsliv gjennom 100 år 1893–1993, Bodø 1993, s. 202–228. (27 sider)
* Ottar Brox: Nord-Norge fra allmenning til koloni, del 1, s. 17–47, Universitetsforlaget 1984. (31 sider)
* Randi Rønning Balsvik: "Kvinner i nordnorske kystsamfunn", i Historisk tidsskrift nr 4, 1991, s. 636-653. (18 sider)
* Åsa Elstad: ”Arbeidsroller i nordnorske fiskerbonde-hushold”, i Siri Gerard og Randi Rønning Balsvik (red.): Globale kyster. Liv i endring – kjønn i spenning, Kvinnforsks skriftserie nr. 1/1999, Tromsø, s. 17–25. (9 sider)

4. Modernisering gjennom industrialisering og spesialisering 1950–1970
I denne lange høgkonjunkturen var det at visjonane om det moderne Norge skulle realiserast, og for Nord-Noreg sin del gjaldt det å heva produksjonsnivået opp på landsnivå. Industrien skulle vera motoren, og primærnæringane måtte avgi arbeidskraft og bli meir produktive gjennom bruk av moderne teknologi og ved at den gamle fiskarbonde-økonomien skulle erstattast av eit spesialisert fiske og jordbruk. I kor stor grad vart denne moderniseringsstrategien gjennomført og kor mykje stod att av den tradisjonelle strukturen ved inngangen til 70-åra? I kva grad var denne politikken rotfesta i folket nordpå ? Korleis slo spenninga mellom modernisering og tradisjon ut i denne perioden som allment var prega av sterke strukturendringar og konsensus?

* Ivar Bjørklund, Einar-Arne Drivenes og Siri Gerrard: "På vei til det moderne. Om jordbruk, fiske, reindrift og industri, 1890 til 1990", Einar-Arne Drivenes m. fl.) (red): Nordnorsk kulturhistorie, bind 1, Gyldendal 1994, s. 296–334. (39 sider)
* Studieselskapet for Nord-Norsk Næringsliv: Problemet Nord-Norge, Skrift nr. 1/1948, Bodø, s. 5–20. (16 sider)
* Utbyggingsprogrammet for Nord-Norge (”Nordnorge-planen”), St. meld. Nr. 85 (1951), s. 1–4, 39–85. (50 sider)
* Hallvard Tjelmeland: "Fiskerinæringa mellom tradisjon og modernisering", LOS i Nord-Norge notat nr. 5 (1993), s. 12–22. (10 sider)
* Bård A. Berg: Norsk reindriftspolitikk etter 2. verdenskrig - en politikk for utvikling eller avvikling? Art. i Thomassen & Lorås (red.): "Spenningens land - Nord-Norge etter 1945", Ad Notam Gyldendal, Oslo 1997, s. 87–113. (27 sider)


5. Det seinmoderne Nord-Noreg. Offentleg sektor som motor 1970-2000
Utviklinga har frå 1970-åra teke ei anna retning enn moderniseringsstrategane og tradisjonsforsvarar på 1950-60-talet tenkte seg. I denne perioden måtte både primær- og sekundærnæringane vika for den ekspanderande offentlege sektor og tenesteproduksjon elles. Landsdelen blir integrert på ein heilt annan måte gjennom dei omveltingar som er knytta til kommunikasjon, utdanning og ein stadig meir dominerande tenesteytande sektor. Kva skjer med kultur og levesett og korleis skal vi forstå endringane i landsdelens politiske geografi i denne perioden då spenningane mellom tradisjon og modernisering spelar seg ut på ein historisk ny måte. Det er i denne perioden at Nord-Noreg verkeleg blir ein integrert region, og vi må her også ha eit sideblikk til kva som skjer med utvikling av regional identitet og regionalisering i våre naboland.

* Ivar Bjørklund, Einar-Arne Drivenes og Siri Gerrard: "På vei til det moderne. Om jordbruk, fiske, reindrift og industri, 1890 til 1990", Einar-Arne Drivenes (m.fl.) (red): Nordnorsk kulturhistorie, bind 1, Gyldendal 1994, s. 335–345. (11 sider)
* Svein Lundestad: ”Industrien 1960–1990: Vekst, krise og omstilling”, utdrag av kapittel 6 i Svein Fygle, Svein Lundestad og Inge Strand: Banken, folket og fylket. Nordlandsbanken og Nordlands næringsliv gjennom 100 år 1893–1993, Bodø 1993, s. 331–345. (15 sider)
Stortingsmelding nr. 20 (2002–2003): Strukturtiltak i kystfiskeflåten, kap. 1, 2, 4 og 10. (Internett-utgaven: http://odin.dep.no/fid/norsk/publ/stmeld/008001-040010/ (40 sider).
* Hallvard Tjelmeland: "Fiskerinæringa mellom tradisjon og modernisering", LOS i Nord-Norge notat nr. 5 (1993), s. 22–27. (6 sider)
* Hallvard Tjelmeland: "Det seinmoderne Nord-Norge. Om tettstader, tenesteyting og tusseladdar", i Nordnorsk kulturhistorie, bind 1, Gyldendal 1994, s. 348–385. (38 sider)
Erik-Oddvar Eriksen: "Statens rolle i Nord-Norge", LOS i Nord-Norge, notat nr 4 (1993). (8 sider)


Universitetet i Tromsø, Institutt for historie, 9037 Tromsø,
Tlf.: 77 64 61 80, faks: 77 64 61 81, epost: breiviklia@sv.uit.no
Oppdatert av førstekonsulent Sylvia Steffensen den 07.11.2006 10:09
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Bjarte Toftaker


Read this page in: Bokmål | English

set width of main cell in netscape 4

Alle UiTø-sider
Avansert søk
Tema:
Viser 1-3 av 3
2006 - Høst
2007 - Vår
Andre

Sider:
Viser 1-23 av 23
HIS-1005
HIS-1006
HIS-1007
HIS-1009
HIS-1010
HIS-1011
HIS-1012
HIS-1013
HIS-1015
HIS-1017
HIS-2005
HIS-2009
HIS-2011
HIS-2012
HIS-2013
HIS-3006
HIS-3011
HIS-3012
HIS-3014
HIS-3015
HIS-3016
HIS-3017
HIS-3020
set width of right cell in netscape 4