|
ImportFS
HIS-2015: Ting og tekst - arkiv- og museumskunnskap i et historiefaglig perspektiv Omfang 20 studiepoeng | Emnetype Teoretisk | Emnenivå/studieår 2000-nivå | Undervisningsspråk Norsk | Eksamenssemester Vår
| Mål
Kurset vil gi eit historisk oversyn over museet/arkivet si samfunnsrolle, og skal samstundes reflektere omkring teoretiske spørsmål som minne, kulturminnekonstruksjon og identitet, alltid i samspel med praksis. Sentrale element er derfor bruk og formidling av historiekunnskap, så vel som korleis historiske kjelder i vid forstand blir forvalta og gjort tilgjengeleg. Kurset skal drøfte museum og arkiv i eit historisk perpektiv, og styrke profesjonsaspektet i historieutdanninga. Studiet er også eit tilbod til folk som alt arbeider innafor kultursektoren, både sentralt og lokalt, særleg på museums-, arkiv- og kulturminnefeltet, likeså biblioteksektoren og læraryrket. I kurset vil ein lære om oppbevaring av historiefaget sine mange typar kjelder. Med til kurset hører også drøftingar om kjeldegrunnlaget for samfunnsminnet, og korleis ein handsamar visuelle og materielle kjelder. Studentane skal dessutan få større forståing av institusjonane si historie og deira funksjon i samfunnet, herunder korleis kjelder er kontekst- og tidsavhengig, og deriblant prega av lokale og nasjonale diskursar. Ein skal også lære å kjenne hovudtrekka i musèet og arkivverket si historiske utvikling med fokus på endringane frå arkiv, bibliotek og museum til integrerte ABM-institusjonar i eit samspel mellom teori og praksis. | Innhold
Kurset består av to hovuddelar: I. Museumskunnskap: - Innføring: Kva er eit museum? Kva museumstypar fins det? Kva tid utvikla musea seg? Kva er skilnaden mellom museum og temapark/opplevingssenter (experience centre og science centres)? Korfor er det viktig å forstå musèhistoria frem til i dag? Museumshistorie (inkl. samlingshistorie, privatarkiv) - endringar i samfunnet sitt blikk på kulturminne og det som er verdt å bevare - den auka spesialiseringa innafor museumslandskapet (galleri, kunstmuseum, naturhistorisk museum og på 1800-talet sine kulturhistoriske og/eller etnografiske museum) - museum i skaping av kollektive identitetar. Musear i Noreg på 1900-talet og fram til i dag - utviding av museumsomgrepet som følgje av postmoderne strøymingar. - fagleg spesialisering og endring frå dei store nasjonale narrativa til små forteljingar i kjølvatnet av den postkoloniale diskursen, f. eks. samiske/kvenske museer. - spegle multikulturelle forhold og kulturmøte. Kjeldekritikk Korleis fortel ein historikar ei historie gjennom gjenstandar og bilete? Studentane skal i tillegg lære å finne mangfaldet i historisk kjeldemateriale på ein målretta måte: altså, korleis skal ein orientere seg i ei museumssamling eller i eit arkiv, og korleis prioriterer ein? Å jobbe på museet - besøk på Tromsø museum/ Perspektivet museum/Polarmuseet og analyse av utstillingane. - rundgang på musea og informasjon om arbeidsfelt, samlingspolitikk, inventarisering, formidling. - sjå på problemstillingar knytt til musea si formidling, forsking og popularisering. II. Arkivkunnskap:
Arkivets historie. Innføring: Kva er eit arkiv? Korleis blir arkiv skapt, korleis oppstår dei og korleis utviklar dei seg? Ulike arkiv si historie. Arkivet sin funksjon i samfunnet. Fokus på: - Arkivdanning og arkivdepot. - Endring i arkiva si rolle over tid. - Kven sin hukommelse blir tatt vare på i arkivet og korfor overlever nokre arkiv framfor andre? - Arkiva som forvaltningsinstitusjon og kulturinstitusjon. - Arkivaren/arkivinstitusjonen som mellomledd mellom forskar og arkiv. - Arkiv og demokratisering: Arkiva som kunnskapsbase. Spørsmålet om tilgjengelegheit og tilgang. - Skilnaden mellom arkiv og samlingar. - Privatarkiv som del av samfunnsdokumentasjonen. - Forebyggande konservering i det moderne arkivet. - Arkiv og kjeldekritikk.-arkivdanning, arkivdepot, kjeldekritikk og formidling. - Å jobbe i ein arkivinstitusjon på ulike arkiv med informasjon om arbeidsfelt. - Ulike roller - arkiva sett frå forskaren og/eller tilretteleggaren. | Anbefalte forkunnskaper HIS-1000 Hvordan historie blir til - Belyst gjennom forholdet mellom stat ogminoriteter | Undervisning Undervisninga består av seminar, forelesingar, ekskursjonar og oppgåveløysingar i arkiv og museum. | Arbeidskrav
Fire siders rapport
| Eksamen og vurdering
Alle studentanse ha godkjent eit arbeidskrav i form av ein fire siders rapport om ei museumsutstilling, før han/ho får framstille seg til eksamen. I Karakterfastsettinga inngår ei mappe med tre arbeid som skal evaluerast: 1. Eit arbeid med eit gitt tema knytt til arkiv, med løysing av ei problemstilling gjennom ei 6 siders oppgåve ut frå materiale i arkivet. 2. Arbeide saman med minst to andre om ei museumsutstilling over eit gitt tema. Til utstillinga skal det utarbeidast ei brosjyre. Utstillinga er offentleg. 3. Munnleg eksamen som justerer den endelege individuelle karakteren frå mappa. | Kontaktperson Steinar Aas/Åse Johansen | Pensum Museum Grunntekster
Amundsen, Arne Bugge, Bjarne Rogan og Margrethe C. Stang (red.), Museer i fortid og nåtid. Essays i museumskunnskap. Oslo: Novus forlag 2003, 383 s.
Museum, minne, møtestad. NOU 1996: 7, 13-51; 68-70; 75-79; 94-95; 112-116; 127-131. 59 s.
Statistikk for bibliotek og museum 2006. ABM-skrift 41 (2007), 64-81. 18 s.
Vei i vellinga. Håndbok i dokumentasjon av museumsgjenstander. ABM-skrift 5 (2003), 4-6; 12-16; 22-23. 10 sider.
Museer og samlinger: et historisk perspektiv
Abt, Jeffrey: The Origins of the Public Museum. I: Sharon Macdonald (red.), A Companion to Museum Studies. Malden et al.: Blackwell Publishing 2006, 115-134. 20 s.
Bohman, Stefan: Historia, museer och nationalism. Stockholm: Carlsson Bokförlag 1997, 13-23; 103-107. 16 s.
Jølle, Harald Dag: Nordpolens naboer. I: Einar-Arne Drivenes og Harald Dag Jølle (red.), Norsk polarhistorie. Bind 2. Vitenskapene. Gyldendal Norsk Forlag AS 2004, 259-327. 69 s.
Macdonald, Sharon: Exhibitions of Power and Powers of Exhibition: An Introduction to the Politics of Display. I: Sharon Macdonald (red.), The Politics of Display: Museums, Science, Culture. London og New York: Routledge 1998, 1-24. 24 s.
Preziosi, Donald: Brain of the Earth´s Body: Museums and the Framing of Modernity. I: Bettina Messias Carbonell (red.), Museum Studies: An Anthology of Contexts. Malden et al.: Blackwell Publishing 2004, 71-84. (artikkelen først utgitt i 1996). 14 s.
Sandberg, Mark B.: Living Pictures. Missing Persons: Mannequins, Museums, and Modernity. Princeton og Oxford: Princeton University Press 2003. 1-17; 145-231. 114 s.
Å lage og lese utstillinger (gjelder utstillinger på museum, arkiv, osv.)
Ahlsén, Maria, Johanna Berg, Kristina Berg: Hela historien? Tjugo frågor til en utställning. I: Inga-Lill Aronsson og Birgitta Meurling (red.), Det bekönade museet. Genusperspektiv i museologi og museiverksamhet. Skrifter utgivna av Institutionen för ABM vid Uppsala universitet. Volym 1, 2005, 173-189. 17 s.
Bohman, Stefan: Historia, museer och nationalism. Stockholm: Carlsson Bokförlag 1997, 131-156. 16 s.
Brudd. Om det ubehagelige, tabubelagte, marginale, usynlige, kontroversielle. ABM-skrift 36 (2006). 65 sider.
Hooper-Greenhill, Eilean: Museums and the Interpretation of Visual Culture. London og New York: Routledge 2000, 108-119. 12 s.
Mathisen, Stein R.: Representasjoner av kulturell forskjell. Fortelling, makt og autoritet i utstillinger av samisk kultur. I: Tidsskrift for kulturforskning 3 (2004), 5-25. 21 s.
Schlereth, Thomas J.: Collecting Ideas and Artifacts: Common Problems of History Museums and History Texts. I: Bettina Messias Carbonell (red.), Museum Studies: An Anthology of Contexts. Malden et al.: Blackwell Publishing 2004, 335-347. (artikkelen først utgitt i 1978). 13 s.
Vi skal også se på virtuelle rundganger og nettutstillinger:
Secondhand Story
Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland
Norsk Folkemuseum link: Friluftsmuseet / Kart over Friluftsmuseet
Naturhistorisches Museum, Bern link: Naturhistorisches Museum Virtuell rundtur link: virtueller Rundgang
Martin Luther King Memorial, Atlanta
Amsterdams Historisch Museum, Amsterdam links: The Amsterdam Historical Museum / Museum Layout
Heeresgeschichtliches Museum, Wien link: tour
Arkiv Grunntekster
Mykland, Liv: Håndbok for brukere av statsarkivene. Oslo 2005. Kapittel 1: "Bruk av arkivmateriale i statsarkivene" (s. 17-25) og kapittel 2: "Administrasjon og øvrighet" (25-51)
Valderhaug, Gudmund: Lokalt arkivarbeid, Landslaget for lokal- og privatarkiv 2001 (42 s.)
Arkivlova, 1992-12-04
Marthinsen, Jørgen H.: Arkivdanning. Veiledning i arkivarbeid. Oslo 1987, 15-24, 264-284. 31 s.
Til kildene! Kartlegging av regionale og lokale arkiver. I: ABM-skrift 40 (2007). 96 s.
Valderhaug, Gudmund: Utvalsprinsipp og innsamlingsstrategiar for privatarkiv. 20 s.
Bevaring og kassasjon. Rapport fra bevaringsutvalget 2002, 4-25. 22 s.
Fonnes, Ivar: Elektronisk arkiv. I: Vilhelm Lange, Dag Mangset og Øyvind Ødegaard (red.), Privatarkiver. Bevaring og tilgjengeliggjøring. Oslo: Kommuneforl. 2001. Kapittel 12. 34 s.
Lindbach, Harald: Formidling av arkiv. Et forsøk på en problematisering. Foredrag holdt på KAI-Konferansen i Balestrand 9. september 2004. 8 s.
Statsarkivet i Tromsø. Dokumentene forteller. [Oslo:] Riksarkivaren 2005. 60 s.
Det anbefales også å se regelmessig på: Statsarkivet i Tromsø
Arkivet: et historisk perspektiv
Duchein, Michel: The History of European Archives and the Development of the European Archival Profession. I: American Archivist 55, 1 (Winter 1992), 14-26. 13 s.
O´Toole, James M.: Understanding Archives and Manuscripts. Chicago: Society of American Archivists 1990, 3-33. 31 s.
Posner, Ernst: Some Aspects of Archival Development Since the French Revolution. I: Maygene F. Daniels og Timothy Walch (red.), A Modern Archives Reader. Washington, D.C.: National Archives and Records Service 1984, 3-14. (artikkelen først publisert i The American Archivist 3, 1940). 12 s.
Arkivverket 100 år: Bergen
Arkivverket 100 år: Trondheim
Statsarkivet i Oslo 90 år
Arkiv og minne
Foucault, Michel: Forord. I: Tingenes Orden. En arkeologisk undersøkelse av vitenskapene om mennesket. Oslo: Aventura 1996 (Fransk originalutg. 1966), 9-19. 11 s.
Alexander, Ben: Excluding Archival Silences: Oral History and Historical Absence. I: Archival Science 6, 2006, 1-11. 12 s.
Harvey Brown, Richard og Beth Davis-Brown: The Making of Memory: The Politics of Archives, Libraries and Museums in the Construction of National Consciousness. I: History of the Human Sciences 11, 4 (November 1998), 17-32. 16 s.
Ketelaar, Eric: Archival Temples, Archival Prisons: Modes of Power and Protection. I: Archival Science 2, 2002, 221-238. 18 s.
Lindbach, Harald: Arkivinstitusjoner og dokumentasjonssentre - problemer og muligheter. Foredrag 2007, 7 s.
Maliniemi Lindbach, Kaisa: Arkiv og minoriteter. Nyere arkivteorier og studiet av minoriteter i offentlige arkiver. I: Arkiv, demokrati og rettferd ABM-skrift 28, 68-79. 12 s.
Millar, Laura: Subject or object? Shaping and reshaping the intersections between aboriginal and non-aboriginal records. I: Archival Science 6, 2006, 329-350. 22 s.
Piggott, Michael: Archives and Memory. I: Sue McKemmish, Michael Piggott, Barbara Reed og Frank Upward (red.), Archives: Recordkeeping in Society. Wagga Wagga, New South Wales: Centre for Information Studies 2004, 299-328. 30 s.
Schwartz, Joan M. og Terry Cook: Archives, Records, and Power: The Making of Modern Memory. I: Archival Science 2, 2002, 1-19. 19 s.
Sekula, Allan: The Body and the Archive. I: October 39 (winter 1986), 3-64. 62 s.
Ut av mørkerommet. Forvaltning av kulturhistorisk fotografi i Norge. ABM-skrift 34 (2006), 10-13; 21-38; 46-50; 53-57. 32 s.
Vi skal også se på:
artiklar frå arkivverket
Lesbianstoryarchives
Statsarkivet i Tromsø
Arkivverket 100 år: Bergen
Arkivverket 100 år: Trondheim
Statsarkivet i Oslo 90 år
NB: Tekstene er ordnet etter kursets to hovedfelt. Mange av tekstene inneholder likevel perspektiver som er relevante til begge to.
| Timeplaner http://timeplan.uit.no/emne.php?year=2008&department=ALLE&module=HIS-2015-1 |
Undervisning våren 2008 Arbeidskrav: Leverast 10.2. innan kl 1200 til ansvarleg faglærar. Alle les kvarandre sine rapportar til samlinga 14.februar. Innlevering av arbeidskrav til ekspedisjonen Breiviklia kl 1200 den 22.2. Oppgåve om arkivet blir delt ut fredag 15.februar kl 1000. Innlevering 1.utkast: Fredag 14. mars kl 1400 til ansvarleg faglærar. Endeleg oppgåve innlevering 10.april kl 1200 ekspedisjonen Breiviklia. Ustilling med brosjyre truleg siste veka i mai (veke 22). Munnleg i veke 23 eller 24. Første gang: Se timeplan | | Forelesning | Første samling er torsdag 24. januar kl 0915. Rom M- 026 i Breiviklia og Fredag 25. januar kl 0915-1215 Andre gong: 14.2.-15.2. Tredje gong: 27.3.-28.3. Fjerde gong: 24.4.-25.4.
Foreleser Rune Blix Hagen
Foreleser Prof. Lars Ivar Hansen
Foreleser F.aman. Einar-Arne Drivenes
Lærer Ulrike Spring
Foreleser prof. Einar Alfred Niemi
|
Utfyllende informasjon
Undervisninga pågår på torsdag og fredag. Torsdag frå 0915-1700, Fredag frå 0915-1215.
Tidspunkt for undervisning:
Første gong: 24.1. og 25.1.
Her finn du planen for første samlinga
Andre gong: 14.2.-15.2.Her finn du plan for samlinga
Tredje gong: 27.3.-28.3.Her finn du plan for samling nummer 3
Fjerde gong: 24.4.-25.4.Her finn du plan for siste samlinga
Pensum
Linker til pensumlitteratur. Du finner pensum i sin helhet ovenfor.
Museum
Grunntekster
Museum, minne, møtestad. NOU 1996: 7, 13-51; 68-70; 75-79; 94-95; 112-116; 127-131. 59 s.
Statistikk for bibliotek og museum 2006. ABM-skrift 41 (2007), 64-81. 18 s.
Vei i vellinga. Håndbok i dokumentasjon av museumsgjenstander. ABM-skrift 5 (2003), 4-6; 12-16; 22-23. 10 sider.
Museer og samlinger: et historisk perspektiv
Brudd. Om det ubehagelige, tabubelagte, marginale, usynlige, kontroversielle. ABM-skrift 36 (2006). 65 sider.
Vi skal også se på virtuelle rundganger og nettutstillinger:
Secondhand Story
Haus der Geschichte der Bundesrepublik Deutschland
Norsk Folkemuseum
link: Friluftsmuseet / Kart over Friluftsmuseet
Naturhistorisches Museum, Bern
link: Naturhistorisches Museum
Virtuell rundtur
link: virtueller Rundgang
Martin Luther King Memorial, Atlanta
Amsterdams Historisch Museum, Amsterdam
links: The Amsterdam Historical Museum / Museum Layout
Heeresgeschichtliches Museum, Wien
link: tour
Arkiv
Grunntekster
Arkivlova, 1992-12-04
Til kildene! Kartlegging av regionale og lokale arkiver. I: ABM-skrift 40 (2007). 96 s.
Valderhaug, Gudmund: Utvalsprinsipp og innsamlingsstrategiar for privatarkiv. 20 s.
Bevaring og kassasjon. Rapport fra bevaringsutvalget 2002, 4-25. 22 s.
Det anbefales også å se regelmessig på:
Statsarkivet i Tromsø
Arkivet: et historisk perspektiv
Arkivverket 100 år: Bergen
Arkivverket 100 år: Trondheim
Statsarkivet i Oslo 90 år
Arkiv og minne
Maliniemi Lindbach, Kaisa: Arkiv og minoriteter. Nyere arkivteorier og studiet av minoriteter i offentlige arkiver. I: Arkiv, demokrati og rettferd ABM-skrift 28, 68-79. 12 s.
Ut av mørkerommet. Forvaltning av kulturhistorisk fotografi i Norge. ABM-skrift 34 (2006), 10-13; 21-38; 46-50; 53-57. 32 s.
Vi skal også se på:
artiklar frå arkivverket
Lesbianstoryarchives
Statsarkivet i Tromsø
Arkivverket 100 år: Bergen
Arkivverket 100 år: Trondheim
Statsarkivet i Oslo 90 år
NB: Tekstene er ordnet etter kursets to hovedfelt. Mange av tekstene inneholder likevel perspektiver som er relevante til begge to.
|