Institutt for historie 
Startsiden

Til fakultetssider
 
Om instituttet
 
HIFO

Norske historiedager 2008
 
Language:

 
[ Logg inn ]
Startsiden › svfak › historie › nhd › 3
Printer friendly

Ekskursjonar/Sosialt program



Dagen før historiedagane kan du vere med på ei magisk reise gjennom vakkert landsskap

Torsdag 19.juni
NORD-TROMS TIL LANDS OG TIL VANNS

Gå ikkje glipp av denne glimrande sjansen til ein smakebit av Hifo-Tromsøs vidgjetne reiseseminar, ei faglegsosial erfaring av dei sjeldne.

Buss og fergje tar oss gjennom Lyngen til Skjervøy, der vi tar Hurtigruta tilbake til Tromsø - bada i midnattssol. Det heile blir følgt av kunnskapsrike og underhaldande føredrag frå våre beste menn og kvinner.

Pris: kr. 900,- som inkluderer buss, ferje, pausegodt, hurtigrute og trerettars middag.
Bindande påmelding innan 15. mars 2008

nord-troms
Nord-Troms og Tromsøområdet

Dei som deltar på Hifo sine årsmøte har fått med seg at HIFO-Tromsø har drive utstrekt reiseverksemd med faglegsosialt tilsnitt. Dei siste åra har vi vore både nordover og sørover leia med hurtigruta, vi har vore på besøk hos naboane våre i aust og fått med populærhistorie frå Vittula, og på dei ytste kystsamfunn i vest og budd i gamme på Spildra.

Dei strabasane som utspelte seg på desse eventyrlege reisene kan de lese meir om i reisebreva som ligg på heimesida vår. Reiseseminara har vore drive på basis av friviljug medverknad, og både faglege bidragsytarar og andre medverkande har slutta frimodig opp om prosjekta. I samband med dei norske historiedagane i juni 2008 har vi difor bestemt oss for å gje dei tilreisande ein smakebit, både på landsdelen og på reiseseminaret sin unike kombinasjon av det fornuftige med det fornøyelege.

NB!! Reiseseminaret har begrensa plass, så her gjeld det å vere først til mølla.

Detaljert program for ekskursjonen finn du her


Fredag 20.juni vil vi kl. 20.00 holde ei mottaking på Ølhallen i sentrum av Tromsø. Her serverer vi havets gleder. Professor Einar Niemi vil kåsere om Ølhallens historiske betyding, og det vil bli andre kulturelle innslag. Mottakinga inngår i registreringsavgifta.

Laurdag 21.juni kan deltakarane etter enda fagleg program velje mellom fire spanande ekskursjonar. Disse er medrekna i registreringsavgifta.

Ekskursjonar:
1. Dei som ønskjer det kan få ein guida tur til Straumen gård på Kvaløya, eit komplett gardsanlegg frå 1800-tallet.
2. Det blir ein felles ekskursjon til Perspektivet Museum og Polarmuseet.
3. Ei historisk byvandring gjennom Tromsø sentrum.
4. Eller ein guida tur i Tromsø Museum.

Kro:
Når ekskursjonane er over samlast vi kl. 16.00 på studenthuset Driv for Historiekro med quiz.

fjellheisen
Tromsø sett frå Fjellheisen i midnattsol

Festmiddag:
På laurdagskvelden holdar vi festmiddag for deltakarane på Historiedagane. Det blir satt opp buss frå Prostneset i sentrum til Fjellheisen kl 19.30. Deretter tar vi gondolbanen opp til Fjellstua på Fløya for ein middag med spektakulær utsikt over Tromsø-øya. Festmiddagen må betalast utanom registreringsavgifta.

Førstesida Program Ekskursjonar/Sosialt Praktisk informasjon Kontakt
Registrering


Universitetet i Tromsø, Institutt for historie, 9037 Tromsø,
Tlf.: 77 64 61 80, faks: 77 64 61 81, epost: breiviklia@list.sv.uit.no
Oppdatert av Miriam Tveit den 16.06.2008 16:20
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Jørgen Fossland


Read this page in: Bokmål