Søk Tavla Hum.fak. Jur.fak. Mat.-nat.fak. Med.fak. NFH SV-fak. Sentre TMU UB Adm.
Startsiden

Fakultetet
  
Studietilbod
Ex.fac.
Bachelor
Master
PhD
Årsstudium
Emneoversikt
Pensumlister
Samisk
Etter- og videreutdanning
Studieopphold i utlandet
Yrkesmuligheiter
  
Forsking
  
Institutt og senter
  
Faggrupper
 
Tilsette
  
Om fakultetet
 
[ Logg inn ]
 
Language:

set width of left cell in netscape 4
Startsiden > humfak > studietilbod > 2
Printer friendly

Kva slags yrkesmuligheiter gir studiar ved Det humanistiske fakultet?

Journalist, forlagsmedarbeidar, tolk, lærer, eksportsjef….. Språk- og kulturkunnskap blir bare meir og meir viktig i vår globaliserte kvardag. Du kan velje mellom fleire studieprogram, som gir deg forskjellige jobbmuligheiter etterpå. Innafor kvart studieprogram er det mulig å ta valfrie emne frå andre fagområde enn dei som programmet hovudsakeleg består av. Du kan for eksempel kombinere språk med økonomi, statsvitskap, bibliotekutdanning, data, jus eller historie.

Ein bachelorgrad innan språk- og kulturfag gir ei rekke arbeidsmuligheiter innan museer og kulturinstitusjonar, som kulturkonsulent, journalist eller kulturjournalist. Med praktisk-pedagogisk utdanning har du eit grunnlag for å jobbe som lærar. Også innan forsking, forlags- og medieverksemd, reklame og offentleg forvaltning vil det være muligheiter for dei som har språk- og kulturfaglig utdanning. Biblioteks- og arkivarbeid og kulturyrke innafor fylkeskommunal og kommunal sektor vil være særleg aktuelle for dei med hovudvekt på kulturfag.

Nedafor har vi lista opp nokre områder innan arbeidslivet der du ofte finn oss ”humanistar”:

- Litteratur- og kulturformidling i TV/radio, presse
- Forlagsverksemd
- Informasjonsarbeid
- Kulturarbeid/muséer/bibliotek
- Internasjonal kontakt, utanriksteneste
- Statleg og kommunal forvaltning
- Kultursamarbeid på Nordkalotten (finsk, samisk, russisk)
- Undervisning i og utafor skoleverket


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av it-konsulent Thor Øivind Johansen den 11.11.2003 12:19
Ansvarlig redaktør: forskn./studiedir. Eirik Liland


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

Sider:
Viser 1-6 av 6
Studieprogramma
Emneoversikt høst 2004
Emneoversikt vår 2004
Yrkesmuligheiter
Studiekonsulenter
Kvalitetssikring
set width of right cell in netscape 4