|
Ein kommentar til Curt Rice og Øystein A. Vangsnes' artikkel i Labyrint nr. 1:
Spørremåten "E du gammel?" finst i andre norske dialektar også, t. d. i trøndersk. Der er som kjent ein finstilt nyanse om kva svar ein ventar, avhengig av trykklegginga: Er det eit lite trykk på "E", spør ein etter alder, og svaret skal vere eit tall. Er derimot trykket lagt på "gammel", gjeld spørsmålet om ein er ung eller gammal, og svaret bør vere ja/nei.
Hundhamaren 2008.01.29 Emil J. Samuelsen
|