Startsiden UiT
Labyrint
Hjem
Om Labyrint
Abonnement
Kontakt
Debatt
2007
Nr. 1 2007
2008
Nr. 1 2008
 
[ Logg inn ]
 
[ Registrer ]
set width of left cell in netscape 4
   
Startsiden › labyrint › 9341 › 3
Printer friendly

Går det langt sørover, dette fenomenet?

 
Takk, Emil J. Samuelsen, for kommentar!

Det stemmer at "spørjeordslause" mengdespørsmål av typen "E du gammel?" er vanlege òg i trøndersk, altså spørsmål der ein forventar ein kvantitet som svar snarare enn ja eller nei trass i at det har lik syntaktisk form som eit ja/nei-spørsmål. Øyalf Endresen har skildra dette for trøndersk i ein artikkel i Maal og Minne i 1985, sjå her for fullstendig referanse. To år seinare skreiv Tove Bull eit tillegg (også i Maal og Minne) der ho trekkjer fram at spørjemåten er utbreidd også i nordnorsk og der ho gjer greie for nokre skilnader på detaljnivå mellom trøndersk og nordnorsk (fullstendig referanse). Konklusjonen frå desse to artiklane er at spørjemåten truleg finst i eit samanhengande område frå Trøndelag og nordover: Endresen nemner også at han har fått stadfestingar på konstruksjonen frå Sunnmøre.

I det pågåande prosjektet Nordisk dialektsyntaks (sjå http://uit.no/scandiasyn/) undersøkjer vi no for det første om spørjemåten finst utanfor trøndersk/nordnorsk og for det andre om det verkeleg er utbreidd i heile det nordlege området.

Ei anna og nyare litteraturtilvising der fenomenet på ein interessant måte vert sett i ein meir teoretisk lingvistisk samanheng, er elles denne artikkelen av Peter Svenonius og Christopher Kennedy. Der trekkjer forfattarane m.a. ein parallell til islandske mengdespørsmål, noko vi attgir i vår populærvitskaplege artikkel i Labyrint.



Øystein A. Vangsnes & Curt Rice

[page|Side-lenke (eksempel)|9341|3]


   
Ønsker du å motta e-post om oppdateringer i denne mappen?
E-post adresse:
Velg intervall her:

Opprettet av forskar Øystein A. Vangsnes den 25.03.2008


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4
Sider:
Viser 1-2 av 2
Går det langt sørover, dette fenomenet?
"Dialekten din er viktig"
set width of right cell in netscape 4