|
 |
| Steinar Bøyum |
Tenkinga om filosofiens rolle i utdanninga har i liten grad handsama desse spørsmåla på ein måte som sjølv er filosofisk. Bøyum peiker på tre tema som saknar diskusjon: Filosofiens sjølvkritiske side, dens destruktive kraft i form av skeptisisme, samt samspelet mellom filosofiens håp om allmenngyldigheit og dens personlege tyding.
Forfattaren søkjer å integrere desse tema i ein oppfatning av filosofisk danning, som igjen består av to moment som verker saman: eit kritisk og eit konstruktivt. Desse kan førast tilbake til respektive Wittgenstein og til Kant sin estetikk. Her utviklar forfattaren eit omgrep filosofisk erfaring, og han argumenterer for den danningsmessige verdien av å søkje å gje si erfaring ei universell form, eller i det minste ei mindre privat form. På same måte som ein kunstkritikar kan øve seg opp til å uttrykkje si erfaring av eit kunstverk på ein måte som får andre til å kjenne at han også set ord på deira erfaring, kan ein øve seg opp til å uttrykkje si filosofiske erfaring av verda på ein måte som andre kan kjenne seg igjen i og anerkjenne som si eiga.
Eit liknande omgrep finn doktoranden også uttrykt i Rousseaus sjølvbiografiske skrifter, men då i form av filosofiske allegoriar, der ein skildrar deler eller aspekt av sitt eige liv i filosofiske termar. Rousseau si forteljing om då han vart runne overende av ein grand danois les han til dømes som ei skildring av høvet mellom einsemd og fellesskap, visdom og melankoli. I forlenginga av dette diskuterer doktoranden til sist omgrepet den allmenne stemme i relasjon til John Rawls sin seine politiske filosofi.
Steinar Bøyum er født i 1974 og vaks opp på Voss. Han vart cand. philol. ved Universitetet i Bergen i 2000. I perioden 2002-2006 var han universitetsstipendiat ved Institutt for filosofi, Universitetet i Tromsø. Bøyum er no tilsett som førsteamanuensis ved Seksjon for utdanningsvitenskap, Det psykologiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Avhandlinga med tittelen: In a Universal Voice – An Essay on Philosophical Education, var avlagt for graden dr. artium ved Institutt for filosofi, Universitetet i Tromsø.
Kontakt:
Steinar Bøyum
Seksjon for utdanningsvitenskap
Institutt for utdanning og helse
Det psykologiske fakultet
Universitetet i Bergen
steinar.boyum@iuh.uib.no
|