|
 |
| Steinar Aas. Foto: Ronald Johansen(Bladet Tromsø) |
Til grunn for disputasen til Steinar Aas frå Institutt for historie, Universitetet i Tromsø, ligg boka ”Byen, banen og bolaget. Narviks historie, bind 1 1902-1950” og manuskriptet ”Ei byhistorie om Narvik 1902-1950 – eit refleksjons¬tillegg”.
Byhistorie – historie, identitet og tradisjon
– Samla er arbeida meint å vere både eit bidrag til norsk og nordnorsk byhistorie, og ei teoretisk og metodisk tilnærming til byhistoriefeltet, forklarer Aas.
Tillegget til disputasen handlar like mye om historia til norsk historieskriving – historiografi – så vel som spørsmålet om korleis ein har brukt historie til identitetsbygging og tradisjonsskaping i eit lokalsamfunn.
Narvik innanfrå, utanfrå, nedanfrå og ovanfrå
Byhistoria om Narvik tar for seg oppkomsten av byen, og dei første femti åra av byens liv. Fokus er lagt på det indre bylivet, både sosialt og politisk, byen sitt økonomiske fundament og byen sin kontakt med omverda.
– I byhistorieverket har eg hatt den intensjon å skildre Narviks historie gjennom den nemnte perioden med skiftande perspektiv, uttaler historikaren. Eg har sett på byen både innanfrå, utanfrå, nedanfrå og ovanfrå.
Det overordna perspektivet i bindet er at jernbanen og bolaget (LKAB) er grunnpilaren byen står på, og hovudpulsåra i Narvik i heile det tidsrommet som er omhandla.
Lagnaden til byen var uløyseleg knytt til banen og bolaget, og malmeksporten like mye til internasjonale konjunkturar som til nasjonale og regionale utviklingstrekk og hendingar.
Band mellom fortid og notid i malmbyen
– I tillegget til disputasen tar eg for meg korleis lokalhistoria bidrar til å konstruere byfellesskap og byidentitet, seier Aas. Eg analyserer den kjente nordnorske historikaren Nils A. Ytreberg som historikar.
Kva tradisjon stod han i, kva ambisjonar hadde han med si historieskriving, og korleis kom han frå det med arbeidet om Narvik som vart trykt i 1953-54?
Byhistoriearbeidet til Ytreberg vart startskotet for etablering av tradisjonar og minnestader knytt til rallarkulturen.
– Vi får sjå korleis rallarritualar, minnesmerker og kulturevenement har blitt brukt for å bygge band mellom fortid og notid for innbyggjarane i malmbyen, avsluttar Steinar Aas.
Om doktoranden
Steinar Aas er fødd i 1965 og voks opp i Bodø. Han har vore skolemålsskrivar i Noregs Mållag 1989-1992 og redaktør for Norsk Tidend i 1992.
Aas vart tilsett som førstekonsulent ved Institutt for historie, Universitetet i Tromsø (UiT) 1993-1998. Han vart Cand.Philol. i historie ved UiT i 1998 og har vore Dr.art.-student ved UiT sidan 1998.
Steinar Aas var tilsett som oppdragsforskar for å skrive Narvik kommunes historieverk 1998-2001.
Han vart deretter engasjert som førstekonsulent i perioden 2001-2003, og tilsett som administrativ leiar 2003-2005 og har vore kontorsjef ved Institutt for historie, UiT sidan 2005.
Kontaktperson: Steinar Aas, telefon 776 45569 eller e-post: steinara@sv.uit.no
Bakgrunnsinformasjon:
Boka ”Byen, banen og bolaget. Narviks historie, bind 1 1902-1950”
Boka var det eine bindet av eit to-binds historieverk som kom ut i samband med Narvik kommune sitt 100-årsjubileum i 2001.
Bindet, som er på 555 sider, er rikt illustrert og delt inn i fire delar og 13 underkapittel.
Del 1 heiter ”Jernbanen skaper en ny by” og tar for seg etableringa av og bakgrunnen for byetableringa, gjennom tre ulike faser frå 1870-1902.
Del 2, ”Spenninger i nettverksbyen” dekker tida mellom 1902 og 1919, og vektlegg den fysiske, organisatoriske og identitetsmessige forminga, med fokus på særdrag, typologi og politisk utvikling.
Del 3, kalla ”Spenninger og fellesskap mellom to kriger 1920-39”, dekker mellomkrigstidas økonomiske krise med dei politiske og sosiale spenningane denne medførte. Likeins dekker delen idretts- og kulturlivet sine fellesskapsbyggande og splittande funksjonar, og tiltaka for å skape ein Narvik-identitet kring 25-årsjubileet i 1926.
Del 4 omhandlar krigen og den første fasen av gjenreisingstida, og har tittelen ”Krig, okkupasjon, gjenreising og oppgjør 1940-50”.
Ei byhistorie om Narvik 1902-1950 – eit refleksjonstillegg
I tillegg til sjølve byhistorieverket har Steinar Aas skriven eit tredelt ”refleksjonstillegg” til disputasen.
Del 1 heiter ”Konstruksjon av byfellesskap og byidentitet – om identitetsskaping i lokalhistoria”, medan del 2 krinsar rundt omgrep som kritikk og konstruksjon, analyse og syntese, og er ei analyse av Nils A. Ytreberg sin to bind byhistorie om Narvik, publisert i 1953-54. Delen har tittelen ”Narviks historie mellom kritikk og konstruksjon”.
Den siste delen i refleksjonstillegget handlar om ”Lokalhistorias skaping av ’minnestader’”. Der ein særleg får innblikk i korleis byhistoriearbeidet til Ytreberg vart startskotet for etablering av tradisjonar og minnestader knytt til rallarkulturen i Narvik.
|