Heim
 
Nettverk
 
Aktivitetar
 
Forum
 
Prosjekt (pl)
NORMS
ScanLex
 
Bibliografi
 
Dialektsamlingar
 
Blogg

Engelsk flagg2
Norsk flagg
 
[ Logg inn ]
Printer friendly

ScanLex - eit interskandinavisk leksikon

Eit delprosjekt under ScanDiaSyn-prosjektet er å utvikla ei fellesnordisk ordliste. Ei slik ordliste, der dei ulike språka er kopla saman, er naudsynt for å kunna gjera søk i ScanDiaSyn-databasen. Datalingvistisk prosessering av dialektmaterialet i databasen vil ta utgangspunkt i standardspråklege transkripsjonar, dvs. på anten dansk, færøysk, islandsk norsk eller svensk. Ei mellomspråkleg ordliste vil gjera det muleg å definera søk på eit av språka som vil gi tilslag på alle språka i databasen. Engelsk vil også vera med i ScanLex-ordlista slik at databasen blir tilgjengeleg også for forskarar som ikkje kan noko nordisk språk. Ei meir utførleg prosjektbeskriving ligg her.


NMR-logo

ScanLex-delprosjektet blir administrert av Oslo-gruppa i ScanDiaSyn. Delprosjektet har så langt fått støtte frå Nordens Språkråd i 2005, og prosjektgruppa samarbeider med Nordisk Netordbog som er eit nordisk konsortium som Nordens Språkråd har oppretta for å få utvikla ei elektronisk internordisk ordbok. Resultata frå ScanLex-prosjektet vil bli gjort tilgjengelege for bruk utanfor ScanDiaSyn-databasen.

Kontaktperson når det gjeld ScanLex-prosjektet er Janne Bondi Johannessen (leder), professor dr. philos.

Resultat/rapportar
• Sjå her for ein beta-versjon av pronomensystema i dei nordiske språka, engelsk og tysk.
• Hrafnbjargarson, Gunnar Hrafn (under utgiving). Generating a lexicon of Scandinavian Modals. Kjem i Kristine Bentzen og Øystein A. Vangsnes (red.): Scandinavian Dialect Syntax 2005, temahefte av Nordlyd – Tromsø University Working Papers in Language & Linguistics. Tromsø: Universitetsbiblioteket i Tromsø.


Frie ordboksressursar for nordiske språk på Internett:

Einspråklege:
-Bokmålsordboka og Nynorskordboka på Internett
-Jysk Ordbog
-Norsk Ordbok
-Ordbog over det Danske Sprog
-Svenska akademiens ordbok

To- og fleirspråklege:
-Dansk-svensk ordbok
-FreeTranslation.com: har omsetjingsfunksjon frå engelsk til norsk (ikkje omvendt)
-Færøsk-dansk amatørordbog
-Heinzelnisse - Norsk-tysk ordbok
-Nordterm
-Skandinavisk ordbok
-Svensk-dansk ordbok
-Öresunds Översättningsbyrå: diverse spesialordlister frå dansk til svensk


Andre relevante sider:
-Norsk ordboksamling: Heimeside med fyldig oversikt over frie og kommersielle ordboksressursar for nordiske språk på Internett
-Nordisk Netordbog: Heimeside med opplysingar om det nordiske konsortiet som Nordens Språkråd har oppretta for å få utvikla ei elektronisk internordisk ordbok.
-Nordisk Netordbog (passordbeskytta): Heimeside med interne opplysingar for samarbeidspartnarane i Nordisk Netordbog.


Det humanistiske fakultet, Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø TLF: 776 44240
Oppdatert av forskar Øystein A. Vangsnes den 26.09.2006 10:58
Ansvarlig redaktør: fakultetsdirektør Bjarte Toftaker


Read this page in: Bokmål | English