Search Tavla Humanities Law Science Medicine Fishery Sciences Social Sciences Centres TMU Library Administration

Top page

Studietorget
For studenter
For studiesøkere
Info
From A to Z
News
Contact us
Campus map
Quality assurance
Introduction
- to the system
Information about
Education offered
Start of semester
Summer university
Quality Reform
Hva er nytt?
LEC
Services from
Department of Academic Affairs
Student life
Associations
Student-IT
SWO
Counselling/priest
StudentWeb
Online application
Registration
Registration for examination
Grades online
  
 
[ Login ]
 
Language:

set width of left cell in netscape 4
Startpage > studier > kvalitetsreformen > programmer > 3
Printer friendly

Tettare oppfølging

Eit av dei sentrale måla i utdanningsreforma er å styrke kontakten mellom studentane og lærestaden. Innføring av utdanningsplanar er eitt av bidraga til tettare oppfølging av studentane. Planen skal leggje til rette for at studentane kjem gjennom studiet til normert tid og skal omhandle rettleiing, informasjon og studieplanlegging for den enkelte. Utdanningsplanen skal vere eit verktøy for begge partar ved planlegging og gjennomføring av eit studieprogram. Både fulltids- og deltidsstudentar som tek studium av 60 studiepoengs omfang eller meir, skal vere omfatta av ein utdanningsplan. Unntak er privatistar. Utdanningsplanen er regulert i lov om universiteter og høgskoler § 4-2.

I utdanningsplanens generelle del, som vil vere relativt lik for alle, inngår blant anna ein avtale mellom studenten og universitetet om kva plikter og rettar dei har i forhold til kvarandre. Avtalane skal blant anna vise til sørviserklæringa og gjeldande lover og forskrifter som regulerer forholdet mellom studenten og universitetet. Vidare skal planen vise korleis universitetet legg til rette for at studentane kjem gjennom definerte læringsmål på normert tid og skal synleggjere studentanes ansvar for å oppfylle dei studiekrava som universitetet stiller i form av krav til deltaking, obligatoriske arbeid og studieprogresjon.

I den individuelle delen av utdanningsplanen er det lagt inn informasjon frå studie- eller fagplan for det studieprogrammet studenten er teke opp til. Fagleg innhald og oppbygging av studiet, arbeidsformer, normert studietid og vurderingsformer skal også vere omtalte. Utdanningsplanen viser alle obligatoriske emne, eventuelt anbefalte og valfrie emne innanfor eit studieprogram. Det skal også gå fram kven som er ansvarleg kontaktperson.

Utdanningsplanen skal inngåast ved starten av studiet. Han skal bekreftast kvart semester, og det er ope for å gjere endringar av val undervegs. Planane vil vere nettbaserte og studentane skal kunne endre og bekrefte planane på nettet. Universitetet i Tromsø vil leggje vekt på mulegheit for personleg rettleiing i samband med oppsetting og endring av studieplan.


Universitetet i Tromsø, 9037 Tromsø, tlf. 77 64 40 00
Updated by studieveileder Grethe Karlsen on 21.11.2005 at 13:54
Ansvarlig redaktør: konst. informasjonsdirektør Karen Marie Christensen


Read this page in: Bokmål

set width of main cell in netscape 4

All UiT-pages

Advanced search

Pages:
Showing 1-9 of 9
Biology
Begynnerstudier
Påbygningsstudier
Tettere oppfølging
Bokstavkarakterer
Studiepoeng
Bachelor- og mastergrad
Overgangsordninger
Internasjonalisering
set width of right cell in netscape 4