|
FAGSPESIFIKKE TILLEGGSNEMNINGAR TIL DEI NYE GRADANE
KVALITETSREFORMA – FAGSPESIFIKKE TILLEGGSNEMNINGAR TIL DEI NYE GRADANE
-------
Bakgrunn – ny gradsstruktur
Som ein del av utdanningsreforma blir det som kjent innført nye gradar: bachelorgrad (lågare grad), mastergrad (høgre grad) og ph.d-grad (doktorgrad). Desse tre gradane vil erstatte dei fleste av dei nærmare 50 eksisterande gradar og yrkesutdanningar. Gradane cand.med., cand.psykol. og dr.philos. blir likevel vidareførte ved universitetet. Graden høgskolekandidat skal brukast for toårige utdanningar ved dei statlege høgskolane, bachelorgrad for utdanningar som er treårige og mastergrad for utdanningar med ei samla studietid på fem år. Gradane er fastsette som formelt lovbeskytta nemningar utan fagspesifikke tilleggsnemningar i tråd med departementets forslag i St. meld. nr. 27 (2000-2001) Gjør din plikt – Krev din rett. Kvalitetsreform av høyere utdanning. Fagspesifikke tilleggsnemningar som markerer fagområde for graden, har institusjonane sjølve myndigheit til å bestemme, og vil altså ikkje vere ein del av lovbeskytta grad og tittel, jf. departementets brev av 21.10.02 Forskrift om grader og yrkesutdanningar, beskyttet tittel og normert studietid ved universiteter og høgskoler (vedlegg). I stortingsmelding nr. 27 er det føresett at tilleggsnemningane skal vere på norsk. Ved behov for omsetjing og utskriving av vitnemålstillegg vil institusjonane kunne omsetje dei spesifikke nemningane til engelsk.
Alternativ for fagspesifikke tilleggsnemningar
Universitetsdirektøren ser tre ulike modellar det er tenkjeleg å knyte den fagspesifikke tilleggsnemninga til.
Alt 1
Det enkelte studieprogram kan danne basisen for den fagspesifikke tilleggsnemninga og la tilleggsnemninga vere identisk med namnet på studieprogrammet. Dette alternativet vil gi like mange tilleggsnemningar som studieprogram, for eksempel bachelor i matematikk, akvakultur, og historie, og tilsvarande master i matematikk, akvakultur og historie.
Alt 2
Eit alternativ er å knyte tilleggsnemninga til eit overordna fagområde (for eksempel knytt opp til det fakultetet som gir undervisning på området). Dette alternativet vil eksempelvis gi tilleggsnemninga bachelor i humanistiske fag, realfag osv. og på same måte master i humanistiske fag, realfag osv.
Alt 3
Ein tredje veg kan vere ei løysing der ein skil mellom lågare og høgre grad slik at ein på lågare grad har fagspesifikke tilleggsnemningar knytt til fagområde (jf. alt. 2) og på høgare knytt til dei enkelte studieprogramma (jf. alt. 1). Eit eksempel frå det samfunnsvitskaplege fagområdet:
Eit bachelorgradsstudium i statsvitskap vil etter dette føre fram til graden bachelor i samfunnsfag (tilleggsnemning lik fagområde) mens eit mastergradsstudium i det same faget vil føre fram til graden master i statsvitskap (tilleggsnemning lik tittel på studieprogram).
Tilleggsnemningar knytte til studieprogram eller til fagområde
Etter universitetsdirektørens syn er det kompliserande at departementet ikkje har lagt føringar for ei nasjonal koordinering av dei fagspesifikke tilleggsnemningane til gradane sjølv om dette er eit bevisst val frå departementets side for å gi institusjonane friare spelerom. I ulike samanhengar har spørsmålet om koordinering av tilleggsnemningane vore drøfta mellom universiteta med tanke på å komme fram til ein mest muleg hensiktsmessig og samtidig stringent bruk av tilleggsnemningar, men det er mange og dels sprikande interesser, og det har derfor vist seg vanskeleg å komme fram til einigheit. Styret ved Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) gjorde allereie før nyttår vedtak om struktur og nivå på tilleggsnemningane. Dette tidlege vedtaket har også til ein viss grad låst for eit vidare samarbeid. Studiedirektørane har òg drøfta spørsmålet, men også det utan at dei har klart å komme fram til ein felles modell for tilleggsnemningar. Det ser derfor ut til at det kan bli ein svært differensiert og lite heilskaplege struktur for tilleggsnemningar ved lærestadene. Ulike nivå på fagspesifikke tilleggsnemningar vil truleg føre til at det blir kronglete for brukarane å orientere seg i utdanningslandskapet, og det kan bli vanskeleg å samanlikne gradsoppbygging, studiestruktur og innhald ved dei ulike lærestadene.
Nasjonal samordning
Etter det universitetsdirektøren kjenner til, har det ikkje kome utspel frå Universitets- og høgskolerådet når det gjeld nasjonal samordning av fagspesifikke tilleggsnemningar. Unntaket her er at det innanfor teknologiske fag har vore formalisert kontakt mellom lærestadene gjennom Nasjonalt råd for teknologisk utdanning (NRT). Med tanke på å kunne identifisere same type utdanningar ved ulike lærestader har NRT anbefalt lærestadene å bruke felles tilleggsnemningar på dei noverande sivilingeniørutdanningane som blir til mastergradsutdanningar. For den tidlegare sivilingeniørgraden har NRT anbefalt institusjonane å bruke fagspesifikk tilleggsnemning master i teknologi. Sivilingeniørutvalet ved Universitetet i Tromsø har vidare anbefalt å følgje NRTs tilråding. Det matematisk-naturvitskaplege fakultet har seinare gitt uttrykk for at det ønskjer å følgje NRTs tilråding og ønskjer tilleggsnemninga master i teknologi for sine fire tidlegare sivilingeniørutdanningar. Det medisinske fakultet har derimot ønske om å halde fast på tilleggsnemning knytt til namnet på studieprogrammet for det eine programmet fakultetet tilbyr. Ved Det samfunnsvitskaplege fakultet er det uttrykt ønske om nasjonal samordning av tilleggsnemninga innanfor det samfunnsvitskaplege området utan at det er konkretisert kva løysing dei samfunnsvitskaplege fakulteta går inn for.
Val ved dei andre lærestadene
Styret ved Universitetet i Oslo gjorde 06.05.03 vedtak om å knyte dei fagspesifikke tilleggsnemningane til to store fagområde på bachelorgradsnivå, ein for samfunnsvitskaplege/humanistiske fag: bachelor i kultur- og samfunnsfag og ein for realfag: bachelor i realfag. I tillegg kjem tilleggsnemningar for tre mindre fagområde: teologi, tannpleie og teiknspråk og tolking. På mastergradsnivå er ikkje tilleggsnemninga knytt til område, men skal vere i samsvar med studiets faglege tyngde eller fagprofil. Eksempelvis vil ein kandidat etter gjennomført treårig bachelorstudium i historie bli tildelt graden bachelor i kultur- og samfunnsfag. Men etter gjennomført toårig påbyggingsstudium i faget (mastergradsstudiet) vil altså kandidaten bli tildelt graden master i historie.
Ved NTNU er hovudstrukturen for tilleggsnemningar lik på bachelorgrads- og mastergradsnivå. Her har ein valt å leggje den fagspesifikke tilleggsnemninga til større fagområde gjelde både på lågare og høgre nivå, mens studieprogramma berre skal framstå som søkjealternativ ved søknad om opptak. NTNU har heller ikkje valt å slå saman samfunnsvitskaplege og humanistiske fag, men har teke i bruk éi tilleggsnemning for samfunnsfag og éi for humanistiske fag. Med utgangspunkt i eksemplet over vil ein kandidat i statsvitskap ved NTNU få identiske tilleggsnemningar til begge gradane, bachelor i samfunnsvitskaplege fag og master i samfunnsvitskaplege fag.
Universitetet i Bergen har enno ikkje gjort vedtak i spørsmålet om fagspesifikke tilleggsnemningar. Eit forslag er ute på høring ved avdelingane. Etter det universitetsdirektøren kjenner til, liknar den framlagde modellen det som NTNU har vedteke, altså å la den fagspesifikke tilleggsnemninga til større fagområde gjelde både på lågare og høgre nivå, men utan at nemningane er fakultetsspesifikke. Anbefalinga for allmennfakulteta er slik: bachelor/master i kultur- og samfunnsvitskap og bachelor/master i naturvitskap.
Universitetsdirektøren kjenner ikkje til kva løysingar dei forskjellige statlege høgskolane har valt. Namn på tillegga er ikkje koordinert, men det er klart at Høgskolen i Oslo på bachelorgradsnivå vil gi tilleggsnemning som er identisk med namnet på studieprogrammet. Departementet har elles fastsett fagleg tilleggsnemning for ei rekkje av høgskolanes profesjonsutdanningar med felles rammeplan, bachelor i sjukepleie, bachelor i ingeniørfag osv. Departementet har også fastsett den faglege tilleggsnemninga for jusstudiet, master i rettsvitskap. Det kommande tannlegestudiet ved Universitetet i Tromsø vil også bli eit mastergradsstudium som det vil vere naturleg å gi tittelen: master i odontologi. Tilsvarande for profesjonsstudiet i farmasi, synest det naturleg å gi tittelen: master i farmasi.
Det er vanskeleg å slå fast kva modell som er å føretrekkje, men universitetsdirektøren meiner det er fleire fordelar med den modellen Universitetet i Oslo har valt. Tilleggsnemninga på lågare nivå dekkjer vide fagområde, gjer det enklare med vitnemål for interfakultære studieprogram og synleggjer mindre grad av spesialisering, mens tilleggsnemningane på mastergradsnivå knytt til konkrete studieprogram gir uttrykk for spesialisering i konkrete fordjupingsområde tilsvarande dagens hovudfag. Den negative sida ved ei løysing med tilleggsnemning på mastergradsnivå lik tittelen på studieprogram er at det vil gi like mange tilleggsnemningar som det er tilbod om studieprogram. Eit gradssystem med tilleggsnemningar knytte til studieprogram, vil krevje større ressursar, både administrativt og økonomisk blant anna ved at kvar grad må ha eit eige vitnemål. Eit slikt opplegg medfører at talet på vitnemål blir svært stort og gevinst med innføring av tre nye gradar til erstatning for eit titals tidlegare kan bli borte.
Vurderingar og vedtak ved UiTøs avdelingar
Spørsmålet om tilleggsnemningar var til høring ved avdelingane rundt årsskiftet, og det kom svar frå dei tre allmennfakulteta. Under gjengir vi fakultetas vurderingar. Det må her presiserast at fakulteta har gjort desse vurderingane på bakgrunn av ei klar føring frå universitetsdirektøren om at tilleggsnemningar skulle leggjast på områdenivå og ikkje knytast til fag/studieprogram. Studieavdelinga gav føringar for tilleggsnemningar fordi det på det tidspunktet såg ut til å vere nasjonal einigheit om å velje tilleggsnemningar på overordna nivå, og fordi eit slik nivå vil vere enklare å administrere, jf. ovanfor. Dette har altså endra seg under prosessen og ei nasjonal avklaring synest no vere uaktuell.
Styret ved Det humanistiske fakultet går inn for at dei nye gradane skal ha den fagspesifikke tilleggsnemninga bachelor/master i humanistiske fag. Det samfunnsvitskaplege fakultet har vurdert den felles tilleggsnemninga bachelor/master i kultur- og samfunnsfag dersom universitetet ikkje går inn for disiplinære nemningar. Det matematisk-naturvitskaplege fakultet går innfor den fagspesifikke tilleggsnemninga bachelor/master i realfag.
Universitetsdirektøren har gjennom semestret halde avdelingane orienterte om den vidare diskusjonen og utviklinga i spørsmålet og har gitt avdelingane høve til å komme med nye innspel,
men ingen har kome med vidare kommentarar eller merknader.
Universitetsdirektørens vurdering
Etter at vedtak er gjort ved NTNU og Universitetet i Oslo er det klart at vi ikkje vil få ein lik bruk av tilleggsnemningar ved alle universiteta. Ved NTNU er det like tilleggsnemningar på bachelorgrads- og mastergradsnivå. Universitetet i Oslos modell med eit prinsipielt skilje mellom dei fagspesifikke tilleggsnemningane på bachelor- og mastergradsnivå vil også vere universitetsdirektørens anbefaling overfor universitetsstyret. Dersom universitetsstyret vedtek universitetsdirektørens forslag, og styret ved Universitetet i Bergen går inn modellen i det interne høringsforslaget deira, vil det seie at universiteta i Oslo og Tromsø har valt ein modell der ein som hovudregel skil mellom fagspesifikke tilleggsnemningar på høgre og lågare nivå, mens NTNU og Universitetet i Bergen har valt ein modell der ein ikkje gjer eit slikt skilje.
Når universitetsdirektøren anbefaler å knyte tilleggsnemninga på bachelorgradsnivå til fagområde, har ein òg vurdert tilleggsnemningane bachelor i realfag og bachelor i naturvitskap. Ut frå ei vurdering av at ikkje alle faga (bl.a. matematikk og informatikk) er dekte av nemninga naturvitskap, går universitetsdirektøren inn for å bruke nemninga bachelor i realfag. Dette er også i samsvar med Det matematisk-naturvitskaplege fakultets vurdering. Når universitetsdirektøren likevel er i tvil om det er fornuftig å bruke tilleggsnemninga bachelor i realfag som einaste tilleggsnemning for alle realfaglege bachelorgradsprogram, er det fordi profilerte og tradisjonsrike studieprogram ved Noregs fiskerihøgskole står i fare for å bli mindre synlege. Etter universitetsdirektørens syn er det viktig å framheve NFH og profilere høgskolen som landets leiande utdanningsinstitusjon innan fiskeri og havbruk. Det er derfor eit spørsmål om det vil vere gagnleg å ha ei eiga tilleggsnemning bachelor i marine fag som betre synleggjer det fiskerifaglege utdanningstilbodet ved NFH. Det som talar imot tilleggsnemninga marine fag, er at nemninga berre vil dekkje tre studieprogram: akvakultur, fiskerifag og marin bedriftsleiing.
Fleire av faga (historie, filosofi, religionsvitskap) som ved dei andre universiteta ligg ved dei historisk-filosofiske fakulteta, er ved Universitetet i Tromsø organiserte ved Det samfunnsvitskaplege fakultet. Dette synleggjer også den nære slektskapen mellom faga ved fakulteta og er i seg sjølv eit argument for at faga ved Det humanistiske fakultet og Det samfunnsvitskaplege fakultet blir gitt ei felles tilleggsnemning: bachelor i kultur- og samfunnsfag. Dette er ei nemning som også synleggjer det fleirfakultære aspektet i fleira av studieprogramma, for eksempel russlandsstudiar. Den same problemstillinga gjer seg òg gjeldande for fag ved Noregs fiskerihøgskole, Det medisinske fakultet og Det matematisk-naturvitskaplege fakultet, som alle har realfaglege studieprogram; og ved NFH er det i tillegg fag som sorterer under samfunnsvitskapane. Ei felles nemning for fagområde vil generelt også gjere det lettare å innordne nye tverrfakultære studieprogram Også ut frå at Universitetet i Oslo, med langt fleire og breiare studieprogram, har gått inn for èi felles tilleggsnemning for samfunnsvitskaplege og humanistiske fag, går universitetsdirektøren inn for den same løysinga ved Universitet i Tromsø. Like eins med tanke på målsetjinga om å utvikle fleire tverrfakultære studieprogram, synest det fornuftig å sjå kultur- og samfunnsfaga under eitt.
Samanfatta går universitetsdirektøren inn for at det på bachelorgradsnivå blir innført fire fagspesifikke tilleggsnemningar: bachelor i realfag, kultur- og samfunnsfag, marine fag (som vil vere tilleggsnemninga for dei tre studieprogramma akvakultur, fiskerifag og marin bedriftsleiing ved NFH). I tillegg vil det vere muleg for studentar som ikkje ønskjer å følgje eit fastlagt studieprogram å sjølv kombinere fag/emne til graden bachelor i fritt samansette fag. På mastergradsnivå, både for påbyggingsstudium og integrerte femårige studium, vil universitetsdirektøren tilrå at fagspesifikk tilleggsnemning blir lik tittelen på studieprogrammet.
Femårige masterprogram og profesjonsstudium
Unntak for denne praksisen vil vere fagspesifikke tilleggsnemningar for dei tidlegare sivilingeniørstudia som ut frå nasjonal koordinering, jf. ovanfor, bør kunne få tilleggsnemninga master i teknologi. Universitetsdirektøren vil foreslå at fakulteta kan velje fritt om dei ønskjer å nytte tilleggsnemninga master i teknologi dersom dei meiner dette er ein fordel i konkurransen med andre lærestader, særleg då NTNU.
Det har vore drøfta fleire mulege nemningar for mastergradsprogramma som skal gi kandidatane lektorkompetanse i skoleverkt. Målet har vore å finne ei nemning som både synleggjer undervisningskompetanse, og at denne kompetansen er innanfor fagspesifikke område, altså understrekar den faglege rolla som universiteta har. Master i aleine vil kollidere med dei tradisjonelle studia utan integrert praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Nemninga bør også synliggjere at det er et heilskapleg program der ikkje berre sjølve hovudfaget blir synleggjort, men også at det inngår undervisningsretta fag i graden. Tilleggsnemninga bør altså vere ei form for "sekkenemning". Master i undervisning/utdanning har vore drøfta, men universitetsdirektøren meiner ei slik nemning kan gi inntrykk av det dreiar seg om pedagogikkstudium. Universitetet i Oslo har likevel gått inn for denne tilleggsnemninga: master i realfagsutdanning og master i kultur- og samfunnsfagutdanning.
Universitetetsdirektøren meiner denne typen program bør ha tilleggsnemningar som signaliserer at det er eit fagstudium, men med PPU integrert og anbefaler derfor at dei tre aktuelle programma får følgjande tilleggsnemningar: master i med integrert praktisk-pedagogisk utdanning. Universitetsdirektørens forslag på dette punktet er også ”adoptert” av Universitetet i Bergen og er teke med i høringsforslaget til avdelingane der.
Endring av studieforskrifta
Universitetetsstyret vedtok på møte 20.06.02 under sak S 92-02 Forskrift for studier ved Universitetet i Tromsø korleis tilleggsnemningar skal brukast i vitnemål. Då studieforskrifta blei vedteke, var ikkje alle problemstillingane rundt dei nye gradane og fagspesifikke tilleggsnemningar grundig nok kasta lys over. Dagens forskrift for studier ved Universitetet i Tromsø er formulert slik at tilleggsnemningar til graden skal vere knytte direkte til tittelen på studieprogrammet, dvs. èi tilleggsnemning for kvart studieprogram. Dersom universitetsstyret gjer vedtak i samsvar med universitetsdirektørens innstilling, vil det vere behov for å endre studieforskrifta på dette punkte. Dette vil universitetsdirektøren kome tilbake til i ei eiga sak i juni då studiforskrifta uansett skal reviderast.
Forslag til vedtak:
1. Graden bachelor ved Universitetet i Tromsø har følgjande fagspesifikke tilleggsnemningar:
a. bachelor i realfag
b. bachelor i kultur- og samfunnsfag
c. bachelor i marine fag
d. bachelor i fritt samansette fag
2. Graden master ved Universitetet i Tromsø skal som hovudregel ha fagspesifikk tilleggsnemning lik tittelen på studieprogrammet som fører fram til graden.
3. Tidlegare sivilingeniørstudium kan nytte fagspesifikk tilleggsnemning master i teknologi.
4. Mastergradsprogram med integrert praktisk-pedagogisk utdanning skal ha fagspesifikk tilleggsnemning med tilføying: ”med integrert praktisk-pedagogisk utdanning”.
VEDTAK I SAK S 31-03
KVALITETSREFORMA – FAGSPESIFIKKE TILLEGGSNEMNINGAR TIL DEI NYE GRADANE
Til: universitetsstyret
Møtedato: 15.05.03
Styret gjorde slikt einstemmig vedtak:
1. Graden bachelor ved Universitetet i Tromsø har følgjande fagspesifikke tilleggsnemningar:
a) bachelor i realfag
b) bachelor i kultur- og samfunnsfag
c) bachelor i marine fag
2. Graden master ved Universitetet i Tromsø skal som hovudregel ha fagspesifikk tilleggsnemning lik tittelen på studieprogrammet som fører fram til graden.
3. Tidlegare sivilingeniørstudium kan nytte fagspesifikk tilleggsnemning master i teknologi.
4. Mastergradsprogram med integrert praktisk-pedagogisk utdanning skal ha fagspesifikk tilleggsnemning med tilføying: ”med integrert praktisk-pedagogisk utdanning.
5. Spørsmålet om bachelor i fritt samansette fag blir tatt opp i ny sak.”.
|