|
Opptak / påmelding til ph.d.-emne
Søknad om opptak / påmelding til ph.d.-emne
Her ligg søknadsskjema
på bokmål,
på nynorsk
og på engelsk.
Husk å legg ved (eventuelle) bekreftelser til punkt 4 i skjemaet.
Send søknaden til:
Universitetet i Tromsø
Det samfunnsvitskaplege fakultet,
Att.: forskingsenheten,
9037 Tromsø
Kven kan delta på ph.d.-emner?
I Ph.d.-forskrifta § 9 om opptak til emne i opplæringsdelen, er det spesifisert at desse kategoriane studentar kan følgja ph.d.-emne ved UiTø:
Kategori 1:
Ph.d.-studentar ved UiTø.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 2:
Personer som er tilsett i stipendiatstilling ved UiTø,
men som enno ikkje er tatt opp på ph.d.-program.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 3:
Doktorgradsstudentar frå andre universitet.
Desse skal ikkje betala semesteravgift.
Kategori 4:
Personer med minimum mastergrad eller tilsvarande, som ikkje er tatt opp på ph.d.-program.
Deltakarar i denne kategorien må ha betalt semesteravgift (og eventuell kursavgift) ved UiTø. Eller levere bekrefta kopi av gjeldande semesterkort fra annet norsk universtet/høyskole.
Deltakarar i kategori 4 vil etter at forskingsstaben har mottatt søknad om opptak til ph.d.-emne få tilsendt giro for semesteravgift. Kvitteringa må deretter returnerast for dokumentasjon på betaling. 'Kategori-4-deltakarar' vil ikkje verte eksamensmeldt utan framvist kvittering.
I følge § 10, 3. ledd i forskrift for studentsamskipnader skal ikkje doktorgradsstudentar betala semesteravgift. Det betyr at doktorgradsstudentar ikkje lenger kan betale semesteravgifta eller registrere seg som student.
Doktorgradsstudentar som tar andre emner enn ph.d.-emner, skal betala semesteravgift. Dei må også søke om opptak til enkeltemner innan ordinære fristar (p.t. 1. desember for opptak til vårsemesteret og 20. juli for opptak til høstsemesteret). Sjå Universitetet i Tromsø: Studietilbud - UiT
|