|
Tilkoplingsfilene for SilverPlatter-databasane - dei som har (SP) i filnamnet - kan ikkje brukast lenger etter denne endringa. Derfor har vi no lagt ut nye tilkoplingsfiler for desse databasane, men no med oppkopling til Ovid (dei har fått (OVID) i filnamnet).
Filene er gjennomgått, så kvaliteten på referansane som ein importerer frå desse databasane, bør vera minst like bra som frå dei gamle SilverPlatter-databasane. Skulle det vera nokon feil, vennlegst ta kontakt med oss. Då kan vi prøva å retta det opp.
Følgjande databasar er no tilgjengelege via Ovid (i alfabetisk rekkjefølgje):
- AMED (ny)
- ATLA
- CAB Abstracts
- CINAHL
- Econlit
- EMBASE
- Biological Abstracts
- Francis
- ERIC
- GeoRef
- Inspec
- International Pharmaceutical Abstracts
- Medline
- Philosopher's Index
- Parasitology (tidl. Parasite)
- PsycINFO
Ikkje alle Ovid-tilkoplingsfilene er ferdige i skrivande stund, men vi kjem til å leggja ut nye fortløpande, til vi er ferdige med å redigera alle. Så følg med på sida vår om tilkoplingsfiler.
|