Bli student ved HSF
Her har vi samla informasjon som kan vere aktuell for deg som er studiesøkjar.
Har du fått studieplass og skal begynne å studere hos oss, bør du i tillegg sjå på sida "For studentar" som du finn i hovudmenyen.
Er det likevel informasjon du ikkje finn, så ring oss på telefon 57 67 60 00.
Under "Studentliv" i menyen til venstre finn du nokon av aktivitetane/tilboda i studentmiljøet ved høgskulen.
Aktuelt
Opptak til vidareutdanningar med oppstart i januar 2007
Vi har opptak til ei rekkje vidareutdanningar retta mot skule-, barnehage- og helsesektoren. Søknadsfrist er 1. desember.
Ny sjanse til å bli sjukepleiar!
Me utvidar no fristen for å søkje opptak til Bachelor i sjukepleie i Førde til
20. november.
Studentbarnehagen
I Sogndal har me ein eigen studentbarnehage med 44 barnehageplassar. Det er Studentsamskipnaden som driv denne, og tilbodet er særs retta mot studentane sine behov. Sogndal Studentbarnehage ligg sentralt plassert med gangavstand til alle avdelingane på høgskulen.
Søkjer du hybel i Sogndal?
Dersom du er ute etter studentbustad frå desember eller januar har Studentsamskipnaden (SISOF) nokon ledige no. I tillegg er det også opna ein nettstad der utleigarar og bustadsøkjarar kan melda si interesse.
Sist endra av: Åse Neraas, 06. oktober 2006 09:41:10
Publisert av: Administrator User, 09. mars 2006 09:37:21