Arbeidssite for ny webarkitektur ved UiO (nwa) |
Kronologisk peikarsamling (morosam men rotete)Den fyrste veka (arbeidet startar. Arbeidsgruppa tilsynelatande harmonisk) 18.11.99 hadde John Baarli og Torstein Helleve eit møte med Espen Østli frå Razorfish, der vi gjekk gjennom tankane så langt. Dei skal koma med eit prisoverslag i byrjinga av veke 47, sannsynlegvis måndag. Den andre veka (innsamling av informasjon tek til. Inga kaffiservering. Frustrasjonar viser seg) 24.11.99: Lagt ut mal for tilbakemeldingar frå arbeidsgruppa om URL'ar: 26.11.99: Døme på korleis informasjonsoversikt innan emnekategori kan sjå ut 26.11.99: Informasjonsstrategi, John Baarli/Torstein Helleve Den tredje veka (arbeidssitar oppstår. nyweb òg. Prosjektplan presentert. Forvirring minkar. Kaffi blir servert, berre litt forsinka. Forsiktig entusiasme) 29.11.99: UBs arbeidssite er oppe og går 30.11.99 IAs arbeidssite likeså 01.12.99 SFAs arbeidssite er på plass 03.12.99 SiOs arbeidssite er på plass Den fjerde veka (kontrakten med Razorfish i havn. Forvirringsnivå stabilt. Kaffi presis) 08.12.99 Informasjonsmøte for alle informasjonsansvarlige og IT-ansvarlige, med spørsmål frå salen Den femte veka (designet tek form. Ingen får sjå det. Forvirringa minkar i arbeidsgruppa, til referentens store forvirring. Kaffi og kaker) 13.12.99 Prosjektplanen endelig klar for offentleggjering Den sjette veka (fyrste dødlinje nærmar seg. Arbeidsgruppa minkar, omvendt proporsjonalt med referentens forvirring. Kaker, ikkje kaffi. Eit steg attende) 23.12.99 OPAs arbeidssite er på plass Den sjuande veka (nedteljinga til 3. januar held fram. Arbeidsgruppa prega av romjula. Optimismen herskar. Kaffien er tilbake på menyen. Pepperkaker) Det historisk-filosofiske fakultet har lenge arbeida med å få betre struktur på sidene sine. Dei har lagt vekt på å utforma sidene og strukturen i tråd med filosofien bak arbeidet med ny webarkitektur, og har framlegg til korleis ei fagside kan sjå ut. Den åttande veka (forsida kjem på plass, noko forsinka. Ingen kaker. Kaffi) I forbindelse med den nye forsida er det lagt ut ei lita orientering om arbeidet med ny webarkitektur og status så langt. Den niande veka (den nye forsida kjem på plass ein gong til. Brikker fell på plass. Kaffi av plastbeger. Verre og verre) HF har komen eit steg vidare i sitt arbeid, med ei fagoversikt som begynner å smaka av fugl. Den tiande veka (side nr. to er på plass, halvannan veke etter den fyrste. Det finst 450.000 sider på UiOs vev. Med denne farten er vi ferdige rundt år 15000 e. Kr. Ta med varme klede) 18.01.00 Studentliv-sida er på plass Den ellevte veka (side nr. tre er på plass. Null kaffi) 24.01.00 Studie-sida er på plass Den tolvte veka (ingenting skjer. Ikke eingong møte i arbeidsgruppa) Den trettande veka (arbeidsgruppa møtes att, friske og opplagte) 08.02.00 Tekstversjon av forsida og dei to nye portalane er på plass Den trettande veka (stor misnøye med kaffileveransane) Den fjortande veka (referenten gjer ei blemme og rotar bort referatet. (16/3 - eg fant det att) Var det kaffi? Kven veit?) Den femtande og sekstande veka (kaffi og kaker. Prosjektet er slutt. Livet går vidare) SLUTT....? |
Emnesortert peikarsamling (kjedelig men oversiktlig)Arbeidsgruppenes arbeidssitar
(Peikarane til arbeidssitane er fjerna, sidan prosjektet er avslutta) ProsjektplanReferat frå møter i arbeidsgruppa
Om...
Dømesider
Tilrådd lesing
|
Oppretta 19.11.99 av TH.
Oppdatert 11.09.00 av TH.
Ansvarlig:
webmaster@uio.no