 |
|
navn:
leikny Lunde
FAG:
ferdig Hovedfag
samfunns-
økonomi |
|
Ville du sett sparepengane dine i eit norsk filmprosjekt?
Generelt blir det investert lite privatkapital i norsk film. Mykje
kan gjerast for Å betre vilkÅra for filmproduksjonen.
Den norske filmen
– Mellom kunst og kommers
|
illustrasjonsfoto fra filmen
Gunnar Goes |
Ein skulle tru at vår generasjon
er den store kinogenerasjonen. Men dette stemmer ikkje. På
1950-talet gjekk nordmenn nærare tre gonger så mykje
på kino som i dag, faktisk så såg ein i gjennomsnitt
10 filmar i året. Men etter at NRK starta med regulære
fjernsynssendingar tidleg på 60-talet, fekk kinoen hard konkurranse.
Grovt sett kan ein seia at kinoane i Noreg mista halvparten av besøket
sitt i dei fyrste åra etter at fjernsynet kom og ein ny firedel
av besøket då videoen gjorde sitt inntog rundt 1980.
Sidan 2001 har me hatt ein liten oppsving
i kinobesøket, men framleis ser me i gjennomsnitt berre 2-3
filmar i året. Det samla kinobesøket i Noreg ligg mellom
elleve og tolv millionar årleg. Det visar seg at dei åra
besøket er høgast samsvarar med dei åra norsk
film gjer det godt. Dette kan ha to årsaker. For det fyrste
kan det verka som om dei som i utgangspunktet går ein del
på kino, vel å sjå enno fleire filmar. For det
andre ser det ut til at gode norske filmar klarar å dra til
seg dei som normalt ikkje har vane for å gå på
kino. Suksessen for norsk film i år har likevel ei rekkje
økonomiske føresetnader og trekk med seg fleire konsekvensar
som det kan vera verd å sjå nærare på i
forhold til den norske filmens framtid.
I film kan det liggja store pengar
og det er mange som ynskjer å delta i kappløpet om
å laga dei beste og mest populære filmane. I USA er
filmbransjen storindustri. I Europa er film eit kulturelt hjertebarn,
sjølv om òg europeisk filmproduksjon har klare industrielle
trekk. For at europeisk film skal klara seg i konkurransen mot amerikanske
storsatsingar, gjev dei fleste europeiske statar filmstøtte
i form av subsidier og fordelaktige lån. Utan støtte
ville europeisk filmproduksjon verta sterkt redusert.
I Noreg er situasjonen mykje den same
som i resten av Europa. Men innanfor EU må kulturomsyn stundom
vika for omsynet til frihandel og den indre marknaden. Her kjem
filmproduksjonen mellom barken og veden då det er eit definisjonsspørsmål
om ein skal sjå på film som ei vare eller som eit kulturgode.
I 1998 innførte EU-kommisjonen bl.a. ei generell øvre
grense på 50% statstøtte til filmproduksjon. Dette
såg ikkje bra ut for Noreg då me gjennomsnittleg har
ei filmstøtte på over 70%; ei av verdas høgaste
støttetildelingar. I 2001 vart det gjort store endringar
i det norske støttesystemet og forskriftene ved det nyetablerte
Norsk filmfond vart godkjende av ESA (EFTA sitt overvakingsorgan).
EU-retningslinjene opna for unntak frå 50-prosentgrensa, og
enkeltprosjekt kan i dag få offentleg støtte opp til
75% av produksjonskostnadane. Dette kjem av at Noreg oppfyller to
hovudkriterium i EU-reglane av 2001; Noreg har ein avgrensa marknad
med tilsvarande små moglegheiter for inntening, i tillegg
til at Noreg er eit svært avgrensa språkområde.
Ein investor vil alltid ta omsyn til
risiko når han investerar. Støtteordningane i Noreg
med bl.a. produksjonsstøtte og billettstøtte er i
utgangspunktet med på å minka risikoen ved investeringa.
Ein norsk film kan ved Norsk filmfond i dag i praksis få opp
til 50% støtte av produksjonskostnadane. I tillegg kjem billettstøtta
som premierar godt besøkte filmar. Her ligg eit av dei største
problema med dagens statlege støtteordningar. To av dei kulturpolitiske
måla som gjeld for støtteordningane er å produsera
mange filmar og å få flest mogleg besøk på
desse. Midlane til billettstøtta ligg i same pott som midlane
til produksjonsstøtta og dermed førar godt besøkte
filmar og store billettstøtteutbetalingar til at det vert
færre midlar til seinare produksjonar. Ein måte å
rydda opp i dette på kan vera å senka den øvre
grensa på utbetalt billettstøtte (dette vil berre verta
aktuelt for filmar som i utgangspunktet gjer det godt) samstundes
som ein legg til rette for meir privatkapital i norsk film.
Generelt sett vert det investert lite
privatkapital i norsk film. Dei siste åra har ein likevel
sett ein liten forbetring på dette området. På
80-talet var det mogleg å få skattelette ved investering
i filmproduksjon i Noreg. Det fanst kommandittselskap for film,
men grunna misbruk og mindre vellukka filmar vart denne investeringsforma
avskaffa. I dag vert det på ny jobba for å få
til formar for skattelette ved investering i filmproduksjon.
For ein produsent er det fleire faktorar
som spelar inn når han skal skaffa finansieringa til ein film.
For det fyrste må han ha tru på prosjektet og vera i
stand til å selja idéen. Vidare har lang fartstid og
nettverk i filmbransjen, profesjonelle relasjonar og tidlegare suksessar
ofte mykje å seie. Mange produsentar har sine faste folk dei
går til for å henta inn risikokapital (det same som
privatkapital). Forventningar spelar ei stor rolle, og nye investorar
er normalt meir villige til å skyta inn kapital i tider der
norsk film går godt. Med andre ord, så lenge det er
ein rimeleg sjanse for gevinst vil det alltid vera tilgang til risikokapital.
I USA er det ikkje uvanleg at filmproduksjonar dekkar delar av finansieringa
gjennom «skjult reklame». Denne typen «product
placement» er allereie på veg inn i norske filmar, og
ein skal ikkje sjå bort i frå at det vil koma til meir
av slike reklameinntekter. Samstundes har distribusjonsselskap både
i Europa og Noreg blitt flinkare til å investera pengar direkte
i filmproduksjon. For produsentane er dette positivt når dei
skal finansiera prosjekta sine, men det førar og til klare
fordelar for distribusjonsselskapa. Dette kjem av at slike investeringar
normalt vil sikra dei distribusjonsrettane til filmane dei investerar
i.
Kor langt liv ein film har, avheng
av den enkelte filmen. Inntektsmessig vil ein normalt rekna med
ein 5 – 7 års levetid, medan andre vil hevda at ein
film har evig (kunstnarisk) liv. Deretter kan ein spørja
seg korleis ein skal rekna ut verdien av ein film. Kan ein ta ein
viss og evigvarande prosent inntening på filmen? Kva vil vera
venteleg med tanke på pris, folks etterspurnad, inflasjon
osv.? Det nærmaste ein kjem vil nok vera å samanlikna
med ein liknande film som ikkje ligg langt unna i tid. Ein kan òg
gjera seg idear ut frå regissøren sine tidlegare merittar,
casting, skodespelarane sin popularitet osv. For å finna det
forventa overskotet, lyt ein neddiskontera dei framtidige inntektene
med den risikojusterte renta. Eit filmprosjekt er alltid risikabelt
og renta ein nyttar i neddiskonteringa lyt difor justerast for denne
risikoen. Den sikre renta ligg i dag på 5-6%, så renta
for eit filmprosjekt lyt vera tydeleg høgare. Risikoen vil
sjølvsagt vera avhengig av den enkelte filmen. Likevel vil
ein aldri kunne setja opp ein sikker framtidig inntekt på
ein film. Dette kjem av at filmmarknaden er i stadig endring, på
same tid som folks behov og ynskjer stadig endrar seg.
Det finnest likevel måtar å
redusera risikoen ved ein filmproduksjon på. Eit døme
på dette er å laga oppføljarar til allereie populære
filmar. Det er ikkje berre i USA at dette føregår.
Filmen Elling fekk eit kinobesøk på godt over 700 000;
det høgaste besøket ein norsk film har fått
sidan Flåklypa Grand Prix! Normalt reknar ein med at ein oppføljar
vil tena inn ca. 2/3 av det den fyrste filmen spelte inn. Sjølv
om Mors Elling ikkje har fått like gode kritikkar som Elling
nærmar den seg allereie eit besøk på 350 000.
Etter kinovisning vil filmen i tillegg ha inntekter på video,
DVD, fjernsyn osv.
I USA har sekundærinntektene
(dvs. inntekter som ein film får etter at den har vore gått
på kino) auka sterkt dei siste åra og ligg no høgare
enn inntektene frå kinovisning. I dag vil den tida ein amerikansk
film går på kino nærast fungera som reklame for
filmen. Filmar tenar i dag store pengar på sal av effektar
som pc-spel, bøker, leiker, tilleggsmateriale på DVD
osv. Generelt har det vore vanskeleg å kartleggja inntektsfordelinga
til norske filmprodusentar. Dette er òg gjeldande elles i
Europa. Med den nye tilbakebetalingsordninga ved Norsk filmfond
(sidan 2001 må filmar som har fått støtte av
filmfondet attendebetala produksjonsstøtta etter at filmen
har tent inn eigenkapitalen og i takt med at eit overskot vert opparbeida)
då produsentar no er pliktige til å innlevera oversikt
over alle inntektene ein film har. På denne måten vil
ein om nokre år få eit mykje klårare bilete av
den faktiske inntektsfordelinga for norske filmar. I tillegg til
at dette vil visa storleiken på sekundærinntektene vil
dette og vera fordelaktig i arbeidet med å skaffa meir privatkapital
i norsk film.
Godt besøkte og populære
norske filmar tilseier ikkje at ein kan lena seg attende og berre
nyta dette faktum. Her er det framleis mykje som kan endrast og
gjerast for å optimalisera vilkåra for å få
ein langsiktig og suksessfull filmproduksjon. |