 |
|
navn:
INGRID ERIKSEN
FAG:
MASTERSTUDIUM, UTØVENDE MUSIKK |
|
VISSTE DU AT PIANOET ER EIT SKIKKELEG SURT INSTRUMENT?
STEMT ETTER EIT AV DEI KJIPASTE KOMPROMISSA I MUSIKKHISTORIA?
DEI MUSIKALSKE ULVANE
|
DENNE HELDIGE FIOLINISTEN
KAN FINJUSTERE TONEHØGDEN UNDERVEGS, OG SLEPP DERMED
Å INNGÅ KOMPROMISS AV DEN TYPEN VI TAR FOR OSS
HER. (foto: SIV B. SYSTAD) |
DET ER IKKJE DET Å GJERE KOMPROMISS
i seg sjølv som er problemet, ein må uansett gjere
ganske grove tilpassingar av det eine eller andre slaget når
ein berre har 12 halvtonar i skalaen å rutte med, som oss
i Vesten. På stryke- og blåseinstrument kan ein finjustere
tonehøgda når ein speler, og slik passe seg inn i samanhengen.
Men på tasteinstrument (piano, orgel, cembalo) må ein
fiksere kvar enkelt tonehøgd før ein byrjar spele
ein kan ikkje stemme om underveis.
KJERNA TIL PROBLEMET LIGG i sjølve
fysikken. Eit reint intervall (avstand mellom to tonar) er ein fysisk
storleik. Kvar klingande tone er bygd opp av eit spekter av «partialtonar».
Avstanden mellom desse er alltid den same: 2. partialtone har dobbelt
så høg frekvens som 1. (grunntonen), 3. partialtone
tre gongar så høg, 4. partialtone fire gongar så
høg, 5. partialtone fem gongar så høg o.s.b.
Ettersom frekvensen aukar, stig tonehøgda, og i den tonerekkja
som her oppstår finn me dei intervalla som er grunnlaget for
musikken. Vel å merke dei reine intervalla. Mellom 1. og 2.
partialtone er avstanden ein «oktav» avstanden mellom
ein c og den neste på eit klaviatur. Mellom 2. og 3. partialtone
er avstanden ein «kvint» avstanden mellom t.d. c og
g. Mellom 4. og 5. partialtone er avstanden ein «ters»
avstanden mellom t.d. c og e. Desse 3 intervalla er oppfatta som
«konsonerande » i den vestlege kulturkrinsen, dvs. velklingande
og behagelege å høyre på. Difor vil me også
gjerne at dei skal vere reine, dvs. at frekvensane har same matematiske
tilhøve seg imellom som dei naturgjevne i partialtonerekkja.
Men dette går ikkje an. På same måte som potensrekkja
til 2 (2 4 16 32&) ikkje har nokon tangeringspunkt med potensrekkja
til 3 (3 9 27 81&) eller 5 (5 25 125 625&) kan ein ikkje
stemme alle 12 halvtonane slik at alle oktavar, kvintar og tersar
er reine. Stemmer ein berre reine kvintar, vil oktavane bli sure,
og tersane vert så på jordet at dei knapt er til å
kjenne att. Stemmer ein berre tersar vert oktavane enno verre. For
å skaffe seg eit utgongspunkt i denne forvirringa har ein
bestemt seg for at oktaven, det mest konsonerande intervallet, alltid
må vere heilt rein. Kvintar og tersar må deretter modifiserast
etter denne.
I MELLOMALDEREN, før tersen
vart etablert som konsonerande intervall, kunne ein ganske enkelt
løyse problemet som den greske matematikaren Pythagoras (ca.
572 ca. 497 f. Kr.), ein av dei fyrste som teoretiserte omkring
akustikken: Fyrst stemmer ein oktaven rein, og etterpå så
mange reine kvintar som går an (11 av 12). Den siste kvinten
vert i denne «temperaturen» (stemmesystemet) ganske
mykje for liten/trong, av di han blir avgrensa av den oktaven me
stemte i byrjinga. Han er faktisk så sur at han er umogeleg
å bruke, han hyler og blir difor kalla ein «ulv».
Den biten som manglar for at han skulle vore rein, kallast eit «pythagoreisk
komma» og er omtrent så stor som ein 5-dels halvtone.
I den pythagoreiske temperaturen blir ulvekvinten vanlegvis plassert
mellom tonane h og f#. Dei fleste tersane i dette systemet er også
ganske sure og fungerer dårleg musikalsk (1 komma for store).
Men 4 av 12 tersar er faktisk reine! Iallfall reine nok til å
fungere slik i praksis. Om ein byrjar rekne på det, vil ein
finne at me framleis er nokre desimalar ifrå. Men å
stemme eit tasteinstrument vert til sjuande sist ein praktisk utfordring,
og eg vil difor handsame det slik i denne samanhengen. Skulle ein
i eit stykkje musikk ønske å spele tersar, er det difor
lurast å halde seg til dei fire reine, a c#, h d#, d f# og
e g#. Desse oppstår ved det heldige tilhøvet at om
éin av dei 4 kvintane som «ligg innanfor» tonane
i ein ters (t.d. ligg kvintane c g, g d, d a og a e innfor tonane
i tersen c e) er eit komma for trang, vil tersen verte rein. Dette
prinsippet vart utnytta til fulle i «mellomtonesystemet»
som vart utvikla kring år 1500 då tersen som konsonans
var blitt svært populær, og flest mogeleg reine tersar
på klaviaturet var det største tenkjelege gode. I staden
for at éin av dei fire kvintane skulle bli så trong
at han er ubrukeleg, fordelte ein kommaet på alle dei 4 kvintane
innfor tersen. Alle er 1/4 komma for tronge, noko som godt kan høyrast,
men også godt kan uthaldast. Den ytre tersen er framleis rein.
Om ein vil ha fleire reine tersar, må ein forminske fleire
kvintar. I mellomtonetemperaturen er 11 kvintar forminska med 1/4
komma. Den siste kvinten er som eit resultat av dette alt for vid;
1 3/4 komma, ein verkeleg ulv! Til gjengjeld er 8 av 12 tersar heilt
reine. Dei 4 ulvetersane (+2 komma kvar!) og ulvekvinten plasserer
ein slik at dei er lette å unngå. Standardplasseringa
for tersane er gjerne h d#, f# b, c# f og g# c, då kjem ulvekvinten
mellom d# og g#. Men om ein vil spele eit stykkje som brukar nokon
av desse tersane er det ingenting i vegen for å leggje dei
ein annan plass. Cembaloen og klavikordet, som var tasteinstrumenta
til husbruk i denne perioden, må stemmast ganske ofte uansett,
så å stemme om ein enkelt tone innimellom er ikkje noko
problem. Orglane er meir kompliserte i så måte, her
løyste ein stundom trongen til fleire reine tersar ved å
dele i to dei tangentane ein elles ville stemme om, med to ulike
tonehøgder til bruk i ulike tonale samanhengar. Mellomtonetemperaturen
vart brukt over svært lang tid, gjennom heile renessansen
og langt ut i barokken. Ein kan sjå dette på musikken
som vart skriven for tasteinstrument, han unngår dei toneartane1
som er mest problematiske, og om han brukar ein sur tone er det
gjort som ein vondskapsfull effekt (t.d. der songaren syng om daud
og helvete). I sluttakkordane2 er tersane flittigare i bruk enn
kvintane, for å oppnå ein mest mogleg rein, velklingande
effekt.
MOT SLUTTEN AV 1600-TALET byrja ein
utforske ulike sett å modifisere mellomtonetemperaturen på,
både for å kunne røre seg friare mellom toneartane,
og for at kvar toneart skulle få sin heilt eigen musikalske
karakter. I mellomtonesystemet kling alle toneartar så godt
som identisk, om ein berre held seg unna ulvane. Med framvoksteren
av affektlæra på 16- og 1700-talet eit forsøk
på systematisering av dei verkemiddel ein kan bruke for å
gjere musikken uttrykksfull vart også tonearten ein måte
å understreke uttrykket på. For å oppnå
dette, måtte dei ulike akkordane høyrest ulike ut.
Dette var bakgrunnen til at Bach gjorde eit poeng av å skrive
musikk i alle dur- og molltoneartar i samlinga «Das Wohltemperierte
Clavier» (1722 og ca. 1740). Det er utallige måtar å
få til dette på. Stemmer ein t.d. 4 tronge kvintar (forminska
med 1/4 komma), kan dei andre 8 vere reine. Tersane vil då
verte litt vide, varierande mellom +1/4 komma til +1 komma også
dei siste held ein ut å høyre på, om musikken
er riktig trist. Om ein fordeler kommaet på 6 kvintar i staden
for fire, vil ulikskapen mellom toneartane avta ein del, og 1/6-komma-kvintar
er adskillig meir makelege å høyre på enn 1/4-komma-kvintane.
Men ein vil framleis ha eitpar tersar som er 1 komma for vide. Denne
temperaturen vart utvikla av Valotti på andre helvta av 1700-talet,
og var i bruk til godt innpå 1800-talet, d.v.s. på Beethoven
og Schubert si tid. Men då romantikken endte med at Schönberg
oppløyste tonaliteten fyrst på 1900-talet og erklærte
at alle toner er likeverdige og burde brukast like ofte, hadde ein
forlengst byrja finfordele det namngjetne kommaet kjelda til så
mykje kreativ frustrasjon aldeles jamnt utover alle tolv halvtonane.
Alle kvintar er altså heilt like i vårt moderne, teknologiske
flygel, berre ørlite sure, og alle tersar likeså, ein
del for vide. Alle toneartar klinger fullstendig identisk.
1 Toneart: Ein kan byrje ein melodi frå
kva tangent ein vil på klaviaturet, så lenge ein passar
på å bruke dei riktige svarte tangentane også
innimellom. Tonearten fortel kva tone ein byrja frå.
2 Akkord = samklang mellom fleire tonar
spelte på ein gong. Vanlegvis bygd opp av oktavar, kvintar
og tersar.
|