 |
|
navn:
GEIR FOLLEVÅG
FAG:
STIPENDIAT, LITTERATURVITSKAP |
|
I FORSKINGA PÅ ADOPSJON HAR EIN FOR DET MESTE
BASERT SEG PÅ EIT EMPIRISK PRINSIPP FOR Å FINNE SVARET
PÅ DET. EIN HAR GJORT FELTARBEID, FØRETATT DJUPNEINTERVJU
OG SPØRJEUNDERSØKJINGAR, SETT PÅ PSYKOLOGISKE
«CASE STORIES», OSB. FOR Å FINNE UT KORLEIS DET
OPPLEVAST Å VERE «ADOPTERT.» MEN SVÆRT FÅ
HAR STILT SPØRSMÅL VED KATEGORIEN «ADOPTERT»
OG KVA A PRIORI FØRESTELLINGAR SOM HAR KONSTITUERT FORSTÅINGA
AV DENNE KATEGORIEN.
KVA ER Å VERE «ADOPTERT»?
EG SKAL KORT VISE korleis reine empiriske
undersøkjingar om adopterte og adopsjon kan gje grovt stigmatiserande
framstellingar av adopterte så lenge ein ikkje stiller spørsmål
ved dei kategoriane og inndelingskriteria ein nyttar i slike undersøkjingar.
DEN MEST KJENDE RAPPORTEN i nyare tid
er «Suicide, psychiatric illness, and social maladjustment
in intercountry adoptees in Sweden: a cohort study» av dei
svenske forskarane Anders Hjern, Frank Lindblad og Bo Vinterljung.
Den blei publisert i tidsskriftet Lancet, 10. august 2002, men allereie
9. august 2002 omtaler Dagsavisen rapporten under tittelen «Adoptivbarn
sliter tungt». Undersøkjinga tar utgangspunkt i offentlege
registreringar i Sverige av utanlandsadopterte frå 8 og opp
til 24 år. Ingressen til reportasjen er: «En ny, omfattende
svensk undersøkelse viser at barn som er adoptert fra utlandet
er tre til fem ganger mer utsatt for mentale lidelser og for å
begå selvmord enn barn med svenske foreldre.»1
Gjennom å bruke «multivariate Cox s regression models
of person-years» har forskarane kome fram til ein «odds
ratio», som fortel, i prosent, kor mange adopterte som er
registrert i det psykiatriske helsevesenet, som har freista å
gjere sjølvmord og har fått fengselsdommar. Resultatet
av undersøkjinga er: «Adoptivbarna er 4 ganger mer
utsatt for å begå selvmord, eller forsøke selvmord
enn barn av svenske foreldre. De har 3-5 ganger større sjanse
for å få mentale problemer. De er 3-5 ganger mer utsatt
for å bli rusmisbrukere.»2
UNDERVEGS I RAPPORTEN kjem forskarane
med viktige presiseringar: «Measures used in this study focus
on very negative outcomes, and we therefore have no information
on the 3577 (82%) of 4340 boys and 6403 (92 %) of 6980 girls adoptees
that had no indication of mental health disorders or social maladjustment.»3
Samla antal adopterte, uavhengig av kjønn, er 11320. Av desse
har forskarane ingen informasjon om dei 9980 som ikkje er registrerte
som psykiatrisk sjuke eller kriminelle. Dei trekkjer sine generelle
konklusjonar om adopterte på grunnlag av eit soleklart mindretal:
1340 av 11320 utanlandsadopterte i Sverige. 90 % adopterte med «no
indication» av mentale sjukdommar og sosial utilpasshet, blir
ikkje tatt omsyn til når dei skal karakterisere den generelle
situasjonen til adopterte. Denne presiseringa blir ikkje nemnt av
Dagsavisen, som heller ikkje kommenterer at det er ein logisk ugyldig
slutning å generalisere slik ut frå mindretalet: «Our
surveys show that inter-country adoptees...» og «Our
results have important implications of professional support to adoptees
and their families.» Forskarane har samanlikna 11320 utanlandsadopterte
med 853 419 i tilsvarande aldersgruppe blant innfødde, kvite
svenskar. Reknar ein prosenttala om til konkret antal er det langt
fleire ikkje-adopterte som er registrerte med problem enn adopterte.
1 eller 2 % av 853 419 er i konkret antal langt meir enn 10 % av
11320. I konkret arbeidsbyrd belastar altså ikkje-adopterte
det svenske helsevesenet og fengselsvesenet i langt større
grad enn utanlandsadopterte.
TALA I SEG SJØLV tvilar eg ikkje
på. Ei heller på utføringa av undersøkjinga
med den nemnde metoden. Men dei generelle konklusjonane forskarane
trekkjer om kor problematisk det er å vere adoptert blir logisk
sett merkverdige når dei 10 % av adopterte nettopp er med
i undersøkjinga fordi dei er registrerte i eit eller anna
offentleg arkiv knytta til det psykiske helsevesenet og rettsvesenet.
Ingen bør bli overraska over at konklusjonen blir at adopterte
har problem når det berre er adopterte som er registrerte
med problem som det blir trekt slutningar ut frå. Lat oss
ta eit kvardagsleg døme: Vi har 100 eple i ei korg. Vi skal
freiste å seie noko generelt om eple. Men p.g.a. dårleg
tid må vi gjere eit utval av epla i korga og nyttar farge
som eit kriterium. Vi finn ut at 90 av epla er grøne og 10
er raude. Så tar vi ut dei 10 raude epla og studerer dei.
Skal vi då seie noko generelt om eple på grunnlag av
dei 10 raude epla, så kan vi ikkje seie at: «Alle epla
i korga er raude.» eller at «Det er stor risiko for
at alle epla i korga er raude.» For vi veit jo at dei resterande
90 epla er grøne... Det er nettopp difor desse 90 epla ikkje
blei inkludert i undersøkjinga.
EG SAKNAR OGSÅ EIN GRUNNLEGGJANDE
refleksjon over å nytte det faktum at ein er «adoptert»
som årsaksforklaring til at adopterte får problem. Til
dømes snakkar dei svenske forskarane om at intellektuell
underutvikling, som igjen kan føre til asosial livsførsel,
hos adopterte kan vere ein konsekvens av underernæring i perioden
før dei blir adopterte. Dette kan eg seie meg delvis einig
i. Spørsmålet er berre: Er manglande intellektuell
utvikling p.g.a. underernæring eit spesifikt problem for adopterte?
Vil ikkje eit innfødd svensk barn som er underernært
vere like utsatt for ein slik risiko? Det forskarane freistar å
seie er truleg at fleire av dei adopterte har vore i ein slik situasjon
enn innfødde fordi dei har levd sine første år
i mykje fattigare land enn Sverige. Difor bør ein vere mykje
meir presis og seie: Det er underernæringa som kan vere årsaken
til eventuell manglande intellektuell utvikling hos nokre adopterte,
ikkje at dei er adopterte, som praktisk og juridisk berre tyder
at dei ikkje har vakse opp med biologiske foreldre. Underernæring
skaper problem for alle menneske, uansett kva slags foreldre ein
har vakse opp med. Adopsjonen er nettopp ein freistnad på
å løyse dei problema som adopterte hadde før
dei blei adoptert, nemleg at dei ikkje hadde omsorgspersonar som
kunne sikre dei mest basale behov eit born har.
SJØLVSAGT SKAL VI HJELPE adopterte
som får problem. Men skal, kan og må vi knyte alle problem
som adopterte kan få til det faktum at dei er adopterte? Er
å vere adoptert så å seie ein sjukdomstilstand?
Lat oss ta sjølvmord til dømes. Blant alt tenkjeleg
og utenkjeleg som kan motivere eit menneske til sjølvmord
kan nemnast: einsemd og dårleg sjølvbilde (kraftig
mobbing på skule eller jobb, t.d.), ein håplaus livssituasjon
(kjærasten har slått opp, har mista jobben, har fått
stor gjeld), rusmisbruk, osb. Er det berre adopterte som får
slike problem? Er ei gjeld på 2 millionar kroner verre for
ein adoptert enn for ein ikkjeadoptert? Følast kjærleikssorg
ekstra vanskeleg for ein adoptert? Ein adoptert som har problem
er først og fremst eit menneske og enkeltindivid som har
problem. Dei problema eg nemner her må seiast å vere
svært så allmennmenneskelege i tydinga: «Det kan
skje med alle» og ikkje spesifikt adopterte. Det er rett og
slett menneskeleg å få slike problem. Å ikkje
ha problem i det heile tatt er svært umenneskeleg.
OGSÅ NÅR DET GJELD SPØRSMÅL
SOM forståing av nasjonalitet, kultur, identitet, osb.
er det ein del sviktar hos dei svenske forskarane. Dei legg til
dømes stor vekt på det dei kallar «The importance
of continent of origin.» både som inndelingskriterium
av adopterte, og i konklusjonen, for å forklare eventuelle
årsaker til at enkelte adopterte får problem. Dei meiner
altså at ein avgjerande faktor for korleis det går med
adopterte er kva kontinent dei er fødde på og adoptert
frå. Forskarane seier at adopterte med «non-Swedish
appearance» er meir utsatt for fordommar og diskriminering
og dermed er dei ei utsatt gruppe. Seinare nyttar dei omgrepet «non-European
physical appearance.», som dei ikkje presiserer. Det er nærliggjande
å tolke det slik at dei med «non-European» meiner
det same som «ikkje-kvit». Å vere «europeisk»
blir likestilt med å vere kvit sjølv om det no finst
mange generasjonar av ikkje-kvite som er fødde og har vakse
opp i Europa. Dei er folkevalgde politikarar i europeiske statar,
dei deltar i EM, dei snakkar europeiske språk og er på
alle andre måtar «integrert» i Europa. Kanskje
har mange av dei aldri vore utanfor Europa. Dessutan har det budd
kvite i Afrika, Asia og Sør-Amerika i minst like mange generasjonar.
Å knyte kontinent til hudfarge blir dermed ganske så
suspekt. Rett nok er det «vanleg» å tenkje slik
forskarane gjer om hudfarge i høve til kontinent. Nasjonalistar
og rasistar, til dømes, tenkjer slik i dag. Dei tenkjer framleis
at Europa er kvitt, og alle andre hudfargar har ingenting i Europa
å gjere. Også rasistane tenkjer at «the continent
of origin» er heilt avgjerande for korleis eit menneske er.
Dei seier til dømes at «fjernkulturelle innvandrarar
er meir kriminelle enn nordmenn». Fordi innvandrarane er født
på eit anna kontinent er dei meir kriminelle... Forskarane
er farleg nær å seie at fordi adopterte er født
på eit anna kontinent gjer dei meir sjølvmord, har
større psykiske problem og er meir kriminelle enn dei som
er født i Europa... Eg seier ikkje at forskarane her er rasistar
politisk sett. Men dei bør vere klar over den ideologiske
faren som ligg i å tilleggje «the continent of origin»
stor «importance» når dei skal forklare korleis
eit menneske er.
DEI SVENSKE FORSKARANE trekkjer fleire
gongar fram faktoren diskriminering og rasisme i samfunnet som ein
årsaksforklaring på at adopterte får problem.
Det er riktig at dette er eit reelt problem for utanlandsadopterte
med ikkje-kvit hudfarge. Men kva er forskarane sine forslag til
å løyse desse problema? Hjern & co. talar til dømes
for at adoptivforeldre i større grad må åtvarast
om at borna kan få problem. Er det hos dei adopterte og foreldra,
altså hos «offera», at sjølve problemet
ligg? Dette problemet ligg i dei haldningane dei møter i
samfunnet. Ergo er det der ein må setje inn dei største
tiltaka for å freiste å endre på dei. Forskarane
set ikkje fokus på kva som må gjerast i høve
til samfunnet for å hjelpe adopterte å bli godtatt.
Det mest konkrete forslaget forskarane kjem med er at adoptivfamiliar
må sleppe lettare til når dei søkjer psykiatrisk
hjelp. Ei genial løysing! På den eine sida nyttar forskarane
registrering hos det psykiatriske helsevesen som ein indikator på
at nokon har problem. For å løyse dette problemet vil
dei at det skal bli lettare for adopterte å sleppe til hos
psykolog og psykiater. Indikatoren på at adopterte har problem
vil altså berre auke med forskarane sitt forslag! Dette er
eit forslag som sikrar arbeidsplassane i det psykiske helsevesenet,
men særleg effektivt for å sikre utanlandsadopterte
ein betre kvardag er det ikkje. Ei heller når det gjeld å
endre på forståinga av adopterte som anten svært
farlege eller svært svake og stakkarslege individ, som Hjern
og co. med sin rapport berre forsterkar. Så lenge ein ikkje
stiller spørsmål ved kategorien «adoptert»
når ein skal gjere slike undersøkjingar, så forblir
adopterte innestengd i kategoriens reduksjonistiske og objektiverande
grep. «Kategorisk vald», kan vi kanskje kalle det.
1 Dagsavisen, 9. 8. 2002.
2 ibid.
3 Alle sitat frå rapporten er henta
frå Hjern, Anders/ Lindblad, Frank/ Vinnerljung, Bo: Suicide,
Psychiatric Illness, and Social Maladjustment in Intercountry Adoptees
in Sweden: A Cohort Study» i Lancet, Vol. 360, No. 9331. 10.
august 2002.
|