Mai 2003 / nr 9
Tema: Mennesket og Naturen

 

 

FØR MUSIKARANE KOM TIL KLODEN VAR DET BERRE LYDAR I NATUREN. NO ER DESSE LYDANE PÅ FULL VEG TILBAKE - I FULL STYRKE.

EIGENTLEG ER DESSE HØGE LYDANE SATELLITTAR

Fire fyrar som lagar meir enn lyd. Nokre kallar dei atmosfæriske, andre kallar dei biologiske. Dei har meir enn slike karakteristikkar til felles: Dei har alle saman ein unik evne til å gjengi eit uendeleg mangfald – av tonar og andre skapningar. Dei trur på omgrepet biodiversitet: mangfaldet av landskap, fuglar, pattedyr etc. Dei tør å tenke på dette, og har ikkje plateselskap som motarbeidar dei. Trass i ei lovprising av naturen er det berre tonar, samplingar, notar det dreier seg om - samt nokre tusen opptak med satelitt- og insekt-støy.

Dei fire er fire av mange: støyinsektmusikaren (og professoren i biologi - med særleg fokus på maur) Fransisco Lopez, samtidskomponisten og fjelleremitten Salvatore Sciarrino (som bur i ein avsidesliggande italiensk mellomalderby), fjellklatraren og polarsound-artisten Biosphere samt svensken i romobservatorie på sekstitalet, Karl-Birger Blomdahl. Alle fire lyttar til dei minste skapningane og dei største prosessane i universet. Observasjonane skriv dei om til støy, ambient, opera og elektronika.

«Faktisk høyrest raudvingetrasten ut som satellittar i verdsrommet». Det er ei utsegn som står på plata Altisonans som kom ut i 1966. Komponisten Karl-Birger Blomdahl sat i romovervakingssenteret i Kiruna i Nord-Sverige og tok opp lydar på sekstitalet. Han sat der og lytta intenst og lenge til lydar frå verdsrommet. Han møtte mellom anna ein ungarsk astronom som meinte at lydane i verdsrommet hadde mange likskapar med småfugllydar. Den 25 september 1966 kom plata ut, og tittelen betyr på norsk «høgdelyd». Dei som gav ut opptaket var Sveriges Radio. Plata er også eit døme på kva som kom ut av eit av dei fremste eksperimentelle lydstudioa i Europa. Plata er ei særmerkt innspeling som summerer opp alt Lopez, Biosphere og Sciarrino har laga. Formtilnærminga er lik - ikkje den motiviske, men den kompositoriske. Alskens småfugl i ein skog kvitrar intenst: hakkespettar, meisar, finkar, erler etc. Dei blir «fadet» inn og ut over tidsrom på fem-seks minutt. Stadig fleire og fleire fuglar blir lagt oppå dei som allereie kvitrar. Ein merker kvitringa etterkvart blir rytmisk - koret av småfugl blir som eit skikkeleg stort kor. Det er veldig samsunge. Det herlege her er at bak alle spora sit ein eldre svenske med sans for sånne lydar. Han sit der førti år før Merzbow, Biosphere og dei andre gjer liknande ting. Etter ti minutt blir lydane intense i lydstyrken. Unaturleg intense: og ein skarp superhøg lyd som er i slekt med den klassiske bloppe-lyden kjem inn og ut. Lange blopp som endrar seg i intensitet kjem oppå fuglesurret. Etterkvart er det berre blopp og ikkje meir fugl. Bloppa går så over til intens supersonisk susing. Oppå susinga legg komponisten på lydar av stor vadefugl og sjøfugl, gåsefugl, ærfugl, enkeltbekkasin og rørdrum. Dei djupe bassane til dei sistnemnde speler oppå susinga som basunar, tubaer og fagottrekkene i eit symfoniorkester. Den høge susinga blir som lydane av pesete og intense piccolofløyter. Eigentleg er desse høge lydane satellittar.

Det som kjenneteiknar Blomdahl som lydpionér er den direkte haldninga til naturen og lydane der. Lyd-mylderet til Blomdahl er basert på ei elektronisk tilnærming. Tradisjonelt har tilnærminga til naturen vore viktige for mange komponistar - iallfall som motivmakarar og melodiske meistrar. Det er berre å sjå på Vivaldi, Sæverud, Saint-Saëns, Messiaen, Grieg og Valen. Alle saman har fortald ope kva naturen har hatt å seie for dei. Men, berre reint motivisk. Det som skjer frå og med sekstitalet er at kjeldene ikkje berre er motiviske. Dei blir konkrete. Dei tek opp eit utal lydar og blandar dei inn i sine samanhengar. Det gjorde dei italienske futuristane heile førti år tidlegare: til dømes lange lyd-rullar med drypping var noko av det som Marinetti og venene hans spelte inn. Men på sekstitalet blir dette ein regel.

I tilnærminga til lyd og natur er Lopez, Sciarrino og Biosphere nokre av dei mest naturmedvitne i musikkverda i dag: på kvar sin måte, riktig nok. Alle saman er opptekne av at naturen er ein like viktig referanse som all anna form for musikk og kunstartar. Sciarrino blir ofte kalla økologisk komponist - det må ikkje misforståast som new age svermeri. Grunnen til at han blir kalla øko er at han «kviskrar». Han har utvikla teknikkar for at alskens instrument skal kviskre. I klassisk musikk har ein vanlegvis brølt med instrumenta sine. Ein har spelt så fort og høgt ein kunne for å vise kor virtuos ein er. Sciarrino har prøvd å viske ut desse haldningane, og det provoserar. Det såg mange som høyrde opningskonserten under Ultimafestivalen i Oslo i fjor. Då stod alle musikarane og måpte over at dei måtte spele så uhyre svakt. Etter ei stund gjekk det bra. Problemet under urframføringa var at naturlydane i salen kom fram og vart sendt ut på radio: promping, raping, snufsing, snorking. Ting som blir skjult i støyen frå eit stort orkester. Dette er tabulydar som er fine å pakka inn i bråket frå orkesteret. Dette høyrde ein utmerka, og det var stort. Ei jente som var med mor på konsert og sovna på rad 5 byrja å hvisle i søvne. Komponisten sjølv var gira av alle desse ekstra stemmene i salen. Nokre vart forbanna over at komponisten var så forbaska stille. Dei fleste var derimot overraska over det originale materialet Sciarrino har funne fram til. Noko anna er kor oppteken han er av alle inntrykk ikring seg. Det gjeld ikkje berre kulturelle uttrykk. Fuglane er han særleg gode vener med - i kjøkenet heime i Italia har han fleire villfuglar buande. Han har kaffibar for ti-tolv duer i vindauga. Han er også oppteken av mindre insekt som lagar klikkelydar på verandaen hans. Det kan ein kanskje høyre.

Biosphere aka Geir Jenssen i Tromsø har eit anna forhold til naturen. Han er midt i ein langt meir dramatisk naturvariant. Fuglane og insekta har sikkert viktige posisjonar i verda hans også. På tidleg nittital laga han nærradioprogram der naturen fekk ei solostemme. Der spelte han ambientmusikk og las opp frå Illustrert Vitenskap. I dag er det det ekstreme og polare ein merker lettast med Jenssen sitt uttrykk. Eit bevis på dette les ein i det siste nummeret av klatrebladet KRIMP. Der står det ein lang og levande reportasje skriven av Geir Jenssen: om då han gjekk opp på det sjette høgaste fjellet i verda. Ein månad i eit isøde prega av oksygenmangel og luftspeglingar. Dette universet kjem indirekte til uttrykk i musikken hans også. Langstrakte mjuke bassfylde linjer ligg som storslegne kanvas. Desse spenner han langsamt vaksande tema over - inntrykket blir forsterka gjennom nye motiv som blir utvikla. Alt blir forandra gjennom alskens prosessar som verker organiske. Folk som har blitt gira på lydane til Jenssen og vore inne på heimesida hans får forsterka kjensla av det organiske. Naturfotos av høg kvalitet musikaren har teke sjølv, ligg der og fortel endå meir om kva han vil fortelje om. Indirekte fortel han om eit medvit og ansvar for naturen.

Ansvarsmedvit i musikkmiljøa er noko ein sjeldan får høyre om. Det sel overhovudet ikkje godt, om ein høyrer på dei som trykker aviser. Dei som fortel oss kva som er godt og dårleg i media vil ha skandalane. Dei vil fronta dei som let forbruket og lyst vere hero istaden for fornuft og ansvar. Andre verdiar er ut. Skal ein operere med alternative ting må dei ha med sex å gjere: det sel og blir trykt i VG. Med ein gong ein musikar vil fortelje om verdiar skriv media om. Det er som orkideperioden til Morten Harket - då han var avbilda i TOPP med orkidear ikring seg. Det er ikkje nok med fysiske storleikar ikring seg: ein treng like mykje eit eige vokabular som ikkje musikkpressa kan. Artistane treng også retorikk for å kline inn eventuelle bodskap i journalistskallane. Men, dette blir fort ein diskusjon som er urettvis. Sanninga er at mange artistar lever på akkord med seg sjølv og ideala. Musikkpressen er også mottakarar og ofte ikkje dei som verbaliserar ei haldning. Plateselskapet er ofte den største syndaren - det er i dei store multinasjonale selskapa svikten ofte ligg. Det er difor mp3-debatten er betent - fordi det er multinasjonale multimillionar plateselskapa tener. Alt skal selje og når det er snakk om sal kan ein gå over lik. I dette gamet er det berre nokre heilt få som klarar å ta vare på integriteten sin og samstundes halde fram. Bjørk er eit godt døme. Ho fekk meir enn profesjonell hjelp til å uttrykke sin eigen integritet. Allereie frå Sugarcubes-tida fekk ho hjelp frå ein av dei største skaldane på Island - Sjón. Han utfordra Bjørk sitt eige tankemønster med sine eigne ville idear - og var ein unik diskusjonspartnar. Det gjorde at for kvart album og etterkvart soloalbum kunne ho dra tankane endå lenger far out. Det er noko anna enn eit mylder av trendekspert-idèar som alle er like. I eit slikt mylder får musikarar som Sciarrino, Lopez, Biosphere og Blomdahl vere i fred. Dei slepp å vere klovnar på plateselskapspremiss. For dei er det nok å vere engasjerte. Dermed er dei også politiske og får uttrykt ideala sine utan å vere programbundne til ein marknadsføringsprofil. Det er her framtida ligg - når livsstils- og trendekspertane har teke over heile populærmusikkfabrikken er det berre få holrom att innimellom. Desse kan ein - om ein vil - fylle med fuglekvitter, insektsurr og anna morosamt. Dermed er ein fri til å velje: dette kan gjelde både kunstnar og publikum.

20(P)03 / Bunn