Arbeidsmiljøutval (nynorsk)

Denne sida gjev svar på dei vanlegaste spørsmåla ikring arbeidsmiljøutval – oppgåvene og rolla deira.

Kven skal ha arbeidsmiljøutval?

Alle verksemder som har minst 50 tilsette, har plikt til å opprette eit arbeidsmiljøutval. I tillegg skal det vere arbeidsmiljøutval

  • i verksemder med mellom 20 og 50 tilsette, dersom ein av partane ved verksemda krev det
  • dersom arbeidsforholda er slik at Arbeidstilsynet krev det

 

Det lokale Arbeidstilsynet skal ha beskjed når det blir oppretta eit arbeidsmiljøutval.

Samansetjinga av utvalet

Desse skal vere med i arbeidsmiljøutvalet: 

  • Arbeidsgjevaren og arbeidstakarane med like mange representantar. Flest mogleg ulike grupper innanfor verksemda bør vere representerte.
  • Hovedverneombodet
  • Verne- og helsepersonalet (bedriftshelsetenesta), dersom verksemda har knytt til seg slike. Men dei skal berre vere rådgjevande – dei har ikkje stemmerett. Det er viktig at verne- og helsepersonalet har ei uavhengig og sjølvstendig rolle. Dei skal ikkje representere nokon av partane

Utvalet skal ikkje ha færre enn fire medlemmar, samtidig som det ikkje bør verte for stort. Dersom det er usemje mellom partane, er det arbeidsgjevaren som avgjer talet.

Val av medlemmar

Arbeidsgjevaren peikar ut representantane sine i utvalet. Ein representant for den øvste leiinga skal alltid vere medlem. Representantane for arbeidstakarane skal normalt veljast ved fleirtalsval. Alle tilsette, så nær som den øvste leiinga, har stemmerett og kan veljast. Valet skal vere skriftleg og hemmeleg.

Der det finst fleire lokale fagforeiningar som saman organiserer eit fleirtal av arbeidstakarane, kan dei avtale at valet skal skje som forholdstalsval eller at fagforeiningane kan peike ut representantane for dei tilsette. Medlemmane skal veljast for to år om gongen.

Leiaren for utvalet skal veljast for eitt år. Leiaren skal veljast blant medlemmene i AMU, og annankvar gong frå arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Dersom partane ikkje blir einige om leiaren skal vere frå arbeidsgjevar- eller arbeidstakarsida det første året, skal det avgjerast ved loddtrekking.

Det er ein del administrativt arbeid knytta til AMU (referat, saksframlegg osv.). Det kan vere praktisk å velje ein sekretær. Dette vervet bør veksle mellom representantar for arbeidsgjevarane og arbeidstakarane, slik at den parten som ikkje har leiarvervet, tek på seg sekretæroppgåva.

Oppgåvene til AMU

Arbeidsmiljøutvalet skal arbeide for eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø i verksemda.

AMU skal

  • behandle spørsmål som vedkjem bedriftshelsetenesta/vernetenesta
  • behandle  spørsmål om opplæring, instruksjon og opplysning på område som kan verke inn på arbeidsmiljøet:
    • fastsetje retningsliner for å føre nye tilsette inn i verne- og miljøarbeidet i verksemda
    • sjå til at arbeidsgjevaren sørgjer for at nytilsette får nødvendig opplæring så snart som mogleg
    • arbeide for at dei tilsette får innsikt i arbeidsmiljøspørsmål og deltek aktivt i arbeidet med helse, miljø og tryggleik (HMS)
  • behandle planar om nye lokale, prosessar eller ombyggingar som krev samtykke frå Arbeidstilsynet
  • behandle andre planar som kan verke vesentleg inn på arbeidsmiljøet, som nye maskiner, rasjonaliseringstiltak, endringar i arbeidsprosessar og førebyggjande vernetiltak
  • behandle etablering og vedlikehald av internkontroll
  • delta i kartlegging av verksemda med befaring og vurdering av behovet for vernetiltak
  • delta i utarbeidinga av ein handlingsplan for HMS-arbeidet
  • ta opp spørsmål og initiere nye tiltak
  • behandle helse- og velferdsaspekt ved arbeidstidsordningar
  • gjennomgå alle rapportar om ulykker, nestenulykker og sjukdom som kan komme av arbeidsmiljøet, prøve å finne årsaka og sjå til at arbeidsgjevaren gjer det som er nødvendig for å hindre at det skjer på nytt. Private og medisinske opplysningar skal takast ut av rapporten før han blir lagd fram for AMU, med mindre kvar enkelt har gjeve løyve til at opplysningane blir lagde fram. Når utvalet finn det nødvendig, kan det vedta at det skal gjennomførast undersøkingar av sakkunnige eller ein granskingskommisjon som utvalet nemner opp
  • utarbeide ein årleg rapport om verksemda si
  • Utvalet kan òg behandle spørsmål om tilrettelegging for arbeidstakarar med redusert funksjonsevne. Ansvarsområdet til AMU

Dersom arbeidsmiljøutvalet meiner det er naudsynt for å verne liv og helse, kan det krevje at arbeidsgjevaren gjennomfører konkrete tiltak for å betre arbeidsmiljøet. AMU kan setje ein frist for når tiltaka skal vere gjennomførte. Tiltaka må vere innanfor ramma av reglane i arbeidsmiljølova og tilhøyrande forskrifter.

For å bringe på det reine om det føreligg helsefare, kan AMU krevje at arbeidsgjevaren gjennomfører målingar eller andre undersøkingar av arbeidsmiljøet.

 Dersom arbeidsgjevaren meiner å ikkje kunne gjennomføre vedtak i utvalet, skal han/ho så snart som mogleg leggje spørsmålet fram for Arbeidstilsynet til avgjerd.

Saksbehandling i utvalet

AMU bestemmer sjølv kor ofte dei skal ha møte, men normalt skal det haldast minst fire møte kvart år. Dersom to medlemmer krev det, skal utvalet halde møte. Alle arbeidstakarar kan vende seg til AMU med eit problem og be dei ta opp saka. Elles tek AMU opp spørsmål på eige initiativ eller etter innspel frå verneombod.

Når AMU ikkje klarer å finne ei løysing alle medlemmene kan vere einige om, skal det haldast ei avstemming. Standpunktet til både fleirtalet og mindretalet skal gå fram av møtereferatet. Det skal skrivast referat frå alle møta i utvalet.

Medlemmane av AMU har teieplikt om personlege tilhøve eller opplysningar som kan utnyttast av andre til næringsverksemd (forretningsløyndomar). Teieplikta gjeld ikkje når det er gjeve samtykke, eller når det er nødvendig å leggje fram opplysningane for å informere dei arbeidstakarane/organa det gjeld, om ulykkes- eller helsefare i verksemda.

Årsrapporten frå AMU

Arbeidsmiljøutvalet skal kvart år gje ein rapport om arbeidet sitt til dei styrande organa i verksemda og organisasjonane til arbeidstakarane. Rapporten skulle tidlegere sendast til Arbeidstilsynet i form av eit eige skjema (503). Denne ordninga gjeld ikkje lenger. Rapportane som blir utarbeidde, skal ikkje sendast inn, men oppbevarast i verksemdene og skal kunne visast fram dersom Arbeidstilsynet ber om det.

AMU står fritt i utforminga av rapporten, men han bør innehalde desse elementa:

  1. Fakta omkring utvalet

    • medlemmer med stemmerett i utvalet
    • Om verne- og helsepersonale er medlemmer av utvalet
    • Kva for ein part som har hatt formannsvervet det siste året
    • Kor mange møte som har vorte haldne
  2. Hovudpunkta i arbeidet i utvalet

    • Dersom utvalet har utført arbeid og oppgåver som nemnt i § 7-2 i arbeidsmiljølova, bør rapporten innehalde opplysningar om dette saman med ei kort oversikt.
    • Rapporten bør innehalde opplysningar om handlingsprogrammet verksemda har for verne- og miljøarbeidet, og om korleis utvalet deltek i dette arbeidet.

Medlemmer av arbeidsmiljøutval har krav på nødvendig opplæring. Opplæringa skal gjennomførast snarast råd etter eit nyval. Opplæringa skal gje kunnskap om

  •  korleis verne- og miljøarbeid skal drivast
  •  ergonomi, støy, belysning, klima og trivselsskapande tiltak 
  •  førebygging av ulykker, bruk av personleg verneutstyr o.l.
  • arbeidsmiljølova og anna relevant regelverk

Ytterlegare opplæring kan vere nødvendig dersom det har noko å seie for arbeidsmiljøet og arbeidet i utvalet. Kjemisk helsefare er eitt aktuelt område.

Opplæringa skal normalt vere på minst 40 timar. Ho skal helst leggjast til arbeidstida, og deltakarane skal ha full lønn og fri frå dei vanlege oppgåvene sine. Dersom opplæringa blir lagd til fritida, skal det betalast lønn det var ordinær arbeidstid, utan overtidstillegg.

Verneomboda og representantane for arbeidstakarane har rett til å ta opplæringa i form av kurs arrangerte av organisasjonane til arbeidstakarane dersom dei ønskjer det. Arbeidsgjevaren skal dekkje utgiftene ved opplæringa.

 


søk

På bokmål

Handler om tema som reguleres av

Samme tema behandles også i