Marknadsføring i konsern

print
(06.01.2006) Gunnel Helmers 

Konsern må også respektere reservasjon mot direkte marknadsføring.

Det er ikkje utan vidare gitt at verksemder innan same konsern kan bruke kvarandre sine kundelister til å marknadsføre produkta sine.

Datatilsynet har hatt fleire saker der denne problemstillinga kom fram.

Hafslund Sikkerhet ønskte å marknadsføre sine løysingar direkte mot kundar tilknytt Hafslund Strøms straumnett. Datatilsynet tolkar lova slik at dei ikkje kan gjere dette utan å fjerne namn og adresse til kundar som har reservert seg i reservasjonsregisteret, eller eventuelt dersom dei skaffar samtykke frå kunden. For konsernet LOS gjaldt ei tilsvarande vurdering i forhold til marknadsføring av breibandsløysingar overfor straumkundar.

Personopplysningslova si § 26 har einskilde unnatak frå plikta til å respektere ein reservasjon mot direktereklame i Brønnøysundregistrene. Eitt unnatak gjeld marknadsføring av eigne produkt som knyter seg til eit gjeldande kundeforhold. Eit løpande kundeforhold vil i mange tilfelle kunne bli rekna som eit samtykke til at føretaket kan sende kunden informasjon og reklame innanfor området sitt.

Likevel kan ein ikkje marknadsføre andre produkttypar enn den kunden allereie har ein avtale om. Det vil seie at ein kan marknadsføre straumprodukt til straumkundar, telefoniprodukt til telefonikundar og produkt som skal auke tryggleiken til kundar av tryggleiksløysingar.

Les LOS-saka (pdf, nytt vindauge)
Les Hafslund-saka (pdf, nytt vindauge)

 

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy