Krav frå Datatilsynet: Når ein legg til rette for elektronisk kommunikasjon av fødselsnummer over usikra nettverk, må fødselsnummeret krypterast eller sikrast på annan måte.
Personopplysningsforskrifta § 9-2 stiller følgjande krav ved sending av fødselsnummer: "Postsendinger som inneholder fødselsnummer skal være utformet slik at nummeret ikke er tilgjengelig for andre enn adressaten. Tilsvarende gjelder sendinger som formidles ved hjelp av telekommunikasjon."
Ved sending over usikra nettverk blir dette løyst mest formålstenleg ved at fødselsnummeret krypterast ved sending. Spørsmålet er spesielt aktuelt når ein har lagt til rette for sending av fødselsnummer over Internett i form av innlegging på Web-sider og sending i e-post.
Eit slik vern samsvarer vidare med føresegna om sikring av konfidensialitet i personopplysningsforskrifta § 2-11.
Det blir lagt til grunn at lovkrava for bruk av fødselsnummer i personopplysningslova § 12 er oppfylt.
Les meir om bruk av fødselsnummer her.