Barn og unges personopplysninger: Retningslinjer for innhenting og bruk

print

Datatilsynet og Forbrukerombudet har i samarbeid utvikla retningslinjer for innhenting og bruk av mindreårige sine personopplysningar.

Hovudregelen er at mindreårige som er fylt 15 år sjølv kan samtykkje til innhenting og bruk av eigne personopplysningar. For barn som ikkje er blitt 15 år må eventuelt foreldra samtykkje til innhenting og bruk av opplysningar om barnet.

To unnatak
Datatilsynet og Forbrukerombudet har sett opp to unnatak frå denne hovudregelen: Sensitive personopplysningar skal berre innhentast med samtykket frå foreldra. Sensitive opplysningar er blant anna opplysningar om helse, om etnisk bakgrunn, livssyn, og seksuelle forhold. For småkonkurransar og liknande, der enkle kontaktopplysningar berre skal brukast til eventuell premiering og deretter slettast, kan også mindre barn enn 15 åringar samtykkje til deltaking sjølv. Her er det likevel ein føresetnad at opplysningane blir sletta etter premiering, personverntrusselen er vurdert, og klassifisert som særs låg, og konkurransen er eigna for den aktuelle aldersgruppa.

les hele veilederen (pdf-format)

Datatilsynet © 2007    postkasse@datatilsynet.no   Postboks 8177, Dep 0034 Oslo   Telefon: 22 39 69 00   Personvernpolicy