Direktoratet for naturforvaltning ønskjer med desse sidene å informere om retten til å drive jakt og fangst i Noreg og om dei vilkåra som blir stilte til jegerar og fangstfolk. Med jakt og fangst meiner vi alle former for hausting av vilt med skytevåpen eller fangstreiskap. På desse sidene vil du også finne informasjon om kva slags lover og reglar som gjeld.
Foto: Bjørn Rangbru
Dei rike viltressursane i Noreg har gitt grunnlag for busetjing allereie mens store delar av landet var dekt av is. I historisk tid har jakt og fangst mange stader vore ei viktig attåtnæring, og dermed eit vesentleg element i norsk busetting og levemåte. I dag er jakta ein viktig del av friluftslivet her til lands.
Når vi forvaltar viltressursane våre er det viktig at det skjer på ein sånn måte at naturen sin produktivitet og artsrikdom blir oppretthalden. Innafor desse rammene kan ein drive jakt til det beste for landbruk og friluftsliv.
I Noreg er alt vilt freda med mindre anna følgjer av Viltlova. Det gjer at det berre er eit fåtal artar det er lov å jakte på. Dei jaktbare artane har jakttider som er regulert gjennom ei eiga forskrift. Vi skil til vanleg mellom småvilt og storvilt, og det er ulike krav som stillast til jegerar som jaktar småvilt og storvilt.
For å kunne utøve jakt eller fangst i Noreg, må alle jegerar og fangstmenn vere registrert i Jegerregisteret i Brønnøysund og ha betalt jegeravgift for gjeldande jaktår. Med mindre jakta går føre seg på fjord eller hav, må ein også ha løyve frå grunneigar.