Kven svarer på kva
Det er i hovudsak tre ulike stillingsgrupper tilsett i jordskifteretten. Dommarar, ingeniørar og administrativt tilsette. Dei ulike stillingsgruppene har ulik utdanning og ulike ansvarsområde. Her er ein kort oversikt over kven som svarer på kva i jordskifteretten, for ein oversikt over saksgangen i ei jordskiftesak.
Dommarar:
Jordskiftedommarar og overingeniørar med utdanning frå UMB kan svare generelt på eigedomsfaglige og juridiske spørsmål knytta til fast eigedom.
Grunneigarar og partar i pågåande saker vender seg ofte til jordskifteretten med spørsmål av typen: ”Naboen køyrer over utmarka mi med traktor, kan han gjere det?”
Det er viktig å vera klar over at jordskifteretten sjeldan kan svare direkte på slike spørsmål over telefon. Jordskifteretten må følgje dei spelereglar som lovene gir, og kan ikkje avsei ein ”førehandsdom” over telefonen. Jordskiftedommaren kan heller ikkje opptre som ein slags advokat for ein av partane.
Det jordskiftedommaren kan svare på er mellom anna:
· Korleis jordskifteretten jobbar, og kva type saker dei kan behandle.
· Gi ei vurdering av om det problemet grunneigaren har, kan behandlast av jordskifteretten, og eventuelt gi råd om kor han kan vende seg for å få svar på spørsmålet sitt.
· Informere generelt om kva rettsreglar som gjeld på det området han får spørsmål om.
Ingeniørar:
Ingeniørane i jordskifteretten er spesialistar på mellom anna landmåling og kartlegging.
Det ingeniørane kan svare på er mellom anna:
· Korleis jordskifteretten jobbar, og kva type saker dei kan behandle.
· Svare på spørsmål om tolking av kart, skulddelingar o.l.
Kontorpersonell:
Det kontorpersonalet kan svare på er mellom anna:
· Generell informasjon om kva type saker jordskifteretten kan behandle, eller setje vidare til riktig person på kontoret.
· Svare på spørsmål om innkallingar til møte, fristar og andre brev som har gått ut frå jordskifteretten.
Alle kan informere om:
· Saksgangen i pågåande jordskiftesaker, når eller om det er planlagt nye møte, kostnader med å kreve sak, ventetid frå ein reiser ei sak til jordskifteretten kan starte saka, o.l.