Generelt
Dei alminnelege domstolane i Noreg er Høgsterett, Høgsteretts kjæremålsutval, lagmannsrettane og tingrettane. Disse domstolane dømmer i både sivile sakar og straffesakar.
I tillegg finns enkelte domstolar med spesielt avgrensa kompetanse. Jordskifterettane, Trygderetten og Arbeidsretten er eksempler på slike særdomstolar.
Domstolane er ein del av det offentlege styringssystemet i ein rettsstat bygd på demokratiets grunnprinsippar. Domstolane betegnast ofte som den tredje statsmakt.
Høgsterett
Høgsterett er den øvste domstolen i landet og ankeinstans for dommar frå domstolane på lågare nivå. Det er berre ein Høgsterett, og domstolen held til i Oslo. Avgjerdene som blir tekne her, er endelege og kan ikkje ankast eller påklagast. Eit særskilt unntak gjeld saker som kan leggjast fram for Menneskerettsdomstolen i Strasbourg.
Tre av høgsterettsdommarane utgjer Høgsteretts kjæremålsutval. Det blir rekna som ein eigen domstol, som må samtykke om at saka kan leggjast fram for Høgsterett. Utvalet kan og ta endeleg avgjerd i visse saker. Høgsterettsdommarane gjer teneste i kjæremålsutvalet etter tur.
Lagmannsretten
Det er seks lagmannsrettar i Noreg. Dei dekkjer kvar sin geografisk avgrensa rettskrins, som blir kalla lagdømme. Dei seks lagmannsrettane er:
· Borgarting lagmannsrett i Oslo
· Eidsivating lagmannsrett i Hamar
· Agder lagmannsrett i Skien
· Gulating lagmannsrett i Bergen
· Frostating lagmannsrett i Trondheim
· Hålogaland lagmannsrett i Tromsø.
Lagmannsretten blir leidd av ein førstelagmann og har fleire lagdommarar.
Tingretten
Alle tingrettane er domstolar på same nivå. Kvar tingrett har sitt område. Det blir kalla domssokn og femner om ein eller fleire kommunar. I somme domssokn er oppgåvene fordelte mellom fleire domstolar. Regjeringa har vedteke å endre grensene mellom domstolane i Noreg, og talet på førsteinstansdomstolar skal fram til år 2008 reduserast. Dei første endringane tredde i kraft første halvår 2002.
Særdomstolar
Det finst særdomstolar som avgjer andre spørsmål enn dei som tingrettane behandlar. Arbeidsretten og jordskifterettane er dei viktigaste særdomstolane. Typisk for særdomstolane er at dei har sterke innslag av lekdommarar.
Arbeidsretten, som behandler saker som gjeld kollektiv arbeidsrett, mellom anna tarifftvistar, er skipa i samsvar med arbeidstvistlova. Arbeidsretten har heile landet som verkeområde. Domstolen blir leia av ein jurist.
Jordskifterettane har som hovudoppgåve å finne tenlege løysingar på upraktiske eigedoms- og bruksforhold i eit område. Jordskifterettane og jordskifteoverrettane dekkjer til saman heile landet, men kvar domstol har eit avgrensa regionalt verkeområde. Sentralt blir jordskifterettane administrerte av Domstoladministrasjonen. I kvart fylke er det ein fylkesjordskiftesjef. Jordskiftedommarane er ikkje juristar, men jordskiftekandidatar frå Universitetet for miljø- og biovitenskap. Dommarane har først og fremst landbruksfagleg kompetanse, mellom anna i grunndisponering og planlegging.