Dommarane
Dommarane
Alle rettssaker ved dei allmenne domstolane blir leidde av fagdommarar. Men den vanlege borgaren er sterkt representert gjennom lekdommarar. Lekdommarar blir anten kalla meddommarar eller lagrettemedlemmer, alt etter kva oppgåver dei har i retten.
I norsk strafferett er det eit grunnfesta prinsipp at den tiltala skal dømmast av likemenn. Det er over hundre år sidan Stortinget vedtok at uavhengige borgarar (lekdommarar) skulle bruke sunn fornuft og skjønn til å avgjere skuld eller ikkje skuld, som eit korrektiv til styresmakter og makthavarar.
I tingretten er alltid meddommarar med på å behandle ordinære straffesaker. Det er og lekdommarar i dei fleste straffesakene som blir behandla i lagmannsretten. I dei alvorlegaste straffesakene blir skuldspørsmålet i regelen avgjort av ein lagrett med ti lagrettemedlemmer (jury).
Lekdommarar kan og vere med på å behandle sivile saker. I visse sakstypar er det lovfesta. I andre høve har retten nemnt opp lekdommarar på eige initiativ eller etter framlegg frå ein av partane. Det kan og hende at saka krev lekdommarar med spesiell fagkunnskap.
I Høgsterett er det ikkje lekdommarar.
Fagdommarar
Fagdommarar i dei allmenne domstolane er alltid juristar. Dei gjer teneste i tingretten, lagmannsretten og Høgsterett.
Domstollova stiller opp visse krav som dommarar må oppfylle: Ein dommar skal vere norsk statsborgar og ikkje vere frådømd røysteretten. Det er og krav til minstealder for dommarar: 30 år for høgsterettsdommarar, førstelagmenn og lagmenn, 25 år for lagdommarar og tingrettsdommarar og 21 år for dommarfullmektigar.
Etter domstollova kan ein dommar ikkje samtidig vere forliksrådsmedlem eller praktiserande advokat.
For å bli dommar må ein og vere ”vederheftig”. Det vil seie at dommaren ikkje må ha større gjeld enn formue. I dag blir dette tolka som krav om solvens. Insolvent er den som i tillegg til å ha negativ formue og er ute av stand til å gjere opp for seg etter kvart som krav forfell til betaling. Det siste vil seie at ein kan bli slått konkurs.
At søkjaren har hatt ei inkassosak mot seg eller er registrert som problembetalar i kredittopplysningsregister, er ikkje nok til å diskvalifisere han eller henne for ei dommarstilling. Men på grunnlag av slike opplysningar krev utnemningsinstansen at søkjaren kan gi ei nærmare forklaring og ein dokumentasjon som viser at privatøkonomien ikkje er spesielt problematisk, og at det heller ikkje er fare for ei sterkt negativ utvikling.
Domstollova har og eit krav om juridikum med beste eller nest beste karakter.
Det er eit vanleg syn at framferda til ein dommar både i og utanfor retten må vere slik at folk kan ha tillit til dommaren og domstolane.
Vilkåra for å gi ein dommar avskil følgjer av tenestemannslova. Ein dommar kan avsetjast berre etter rettargang og dom. Praksis viser at dommarar svært sjeldan blir straffa, avsette frå stillinga si eller suspenderte.
Lekdommarar
Det er to typar lekdommarar, ordinære og fagkunnige. Dei siste har ”særlig kyndighet” innanfor eitt eller fleire fagområde. Begge kategoriane blir som hovudregel valde av kommunestyret. Den enkelte kommunen har ansvaret for å føre lister over utvala av lekdommarar.
Det er ulike utval lekdommarar for lagmannsrettane og tingrettane, og det er ulike utval for menn og kvinner. Utvala er felles for sivile saker og straffesaker. Det kan og nemnast opp særskilde utval av fagkunnige lekdommarar. Lekdommarar blir utnemnde for fire år om gongen, rekna frå 1. mai året etter at det har vore val av kommunestyre.
Vilkåra for å bli vald er dei same for ordinære og fagkunnige lekdommarar, bortsett frå at dei fagkunnige lekdommarane har særskild fagkunnskap på eit område.
Det bør berre veljast lekdommarar som på grunn av "sin retsindighet, dyktighet og selvstændighet" blir rekna som "særlig skikket til hvervet".
Den som blir vald som lekdommar, har i utgangspunktet både rett og plikt til å ta på seg vervet. Men visse persongrupper kan ikkje veljast, mellom anna dommarar, tenestemenn i politi og påtalemakt, og praktiserande advokatar. I tillegg er visse straffedømde personar utestengde frå val. Vidare har somme grupper rett til å krevje fritak frå val, mellom anna legar og jordmødre, visse tenestemenn i samferdselssektoren og personar som har fylt 65 år. Alle som ikkje er utestengde, kan veljast så sant dei har fylt 18 år, er truverdige og kan veljast ved kommuneval.