Einskildsaker
Helsetilsynet i fylket behandlar einskildsaker med spørsmål om svikt i helsetenesta. Slike saker kan koma opp på grunnlag av klager frå pasientar, medieoppslag, førespurnader frå andre delar av helsetenesta o.a. Informasjon om saksbehandlinga er å finna under menyen Hendingsbasert tilsyn.
Omfang av aker Helsetilsynet i Sogn og Fjordane har i 2005 vurdert 42 personell og verksemder i helsetenesta. Desse vurderingane fordeler seg på 34 saker. 6 av sakene blei sendt til Statens helsetilsyn med førespurdnad om å vurdere ein administrativ reaksjon (åtvaring eller avgrensing/tap av autorisasjon).
Ut over dette har Sogn og Fjordane motteke 2 klager på personell eller verksemder i helsetenesta som er blitt avslutta med ”inga oppfølging etter lokal avklaring”. Det tyder at klaga er sendt til den det er klaga på med førespurdnad om at han eller ho inviterer klagaren til eit møte med sikte på å få løyst saka minneleg, og at klagaren etter dette har valt å ikkje gå vidare med saka.
Lenkjeliste
Sist endra 16.5.2006
|