Studentsamskipnaden Studentliv Om websiden Tilpass Utskriftsvennlig English

Studiesøker Student Ansatt Media

Studier

Forskning og utvikling

Om Høgskolen

Bibliotek
www.hiof.no / Studietilbudet / Opptak / PRESSEMELDING: Søkjartal 2008 /





Søk i:













PRESSEMELDING: Søkjartal 2008
Skriv ut


 

 

Fellestjenesten

Saksbehandler: Jo Ese
Telefon: 69 21 50 18
E-post: jo.ese@hiof.no


Søkjartal Høgskolen i Østfold 2008

  • Oppgang for allmennlærarutdanninga på trass av nasjonal nedgang.
  • Gode tall for språkfaga ved HiØ.
  • Størst konkurranse om plass ved helse- og sosialfaglege utdanningar.

Søkjartala til grunnutdanningar ved universitet og høgskular 2008 er no offentleggjorde. På landsbasis har ca. 92 500 personar søkt om opptak til høgare utdanning gjennom samordna opptak, om lag like mange som søkte høgare utdanning i 2007.

1798 søkjarar har ei grunnutdanning ved Høgskolen i Østfold som sin høgste prioritet i årets opptak. Dette er ein liten nedgang sidan 2007, men høgskulen noterer likevel nok eit år der ein over tid har forholdsvis stabil søkjartilgang om vi samanliknar oss med andre høgskular. På trass av den vesle nedgangen er dei totale søkjartala jamt over gode, ca. 50 % høgare enn talet på studieplassar vi tilbyr. Sjå også vedlagte tabell.

Søkinga til allmennlærar hadde ein kraftig nedgang på landsbasis i fjorårets opptak. Også i år går søkinga til allmennlærar ned nasjonalt, men Høgskolen i Østfold kan notere auka interesse for læraryrket. Også interessa for førskulelærarutdanning går opp i Østfold, med fleire søkjarar enn i fjor. Vidareutdanningane for lærarar har også høgare søkjartal enn i fjor.

Språkfaga ved HiØ noterer oppgang i søkjartala, og vi ser auka interesse for IT-utdanningar utan krav om realfagleg fordjuping frå vidaregåande skule.

Sjølv om søkjartala til helse- og sosialfaglege utdanningar går ned for tredje året på rad, vil det også i år vere størst konkurranse om desse studieplassane.

Hovudopptaket i Samordna opptak gjennomførast 20. juli, det vil seie at alle som har søkt innan fristen 15. april vil få svar rett etter dette. Sjølv om ein ikkje har søkt innan fristen kan det enno vere gode mogelegheiter for å skaffe seg ein studieplass ved Høgskulen i Østfold til hausten gjennom restetorget som opnar etter hovudopptaket. Her kan ein finne studium som har ledige plassar og raskt melde seg på gjennom å ta kontakt direkte med høgskulen.

Dei lokale opptaka - oppgang i søking til masterutdanning og praktisk-pedagogisk utdanning.

I dei lokale opptaka ved høgskulen, i hovudsak masterutdanningar, vidareutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning, er det i alt registrert 981 søkjarar, ein oppgang på nesten 200 sidan 2007. Størst konkurranse om studieplass blir det til masterutdanningane i organisasjon og ledelse og spesialpedagogikk, til praktisk-pedagogisk utdanning og til videreutdanning i psykisk helsearbeid.

Kontakt oss gjerne for meir informasjon eller kommentarar:

Rektor Elin Nesje Vestli Tlf: 950 29 337
Høgskoledirektør Birgitta Næss Tlf. 975 87 569
Fung. opptaksleiar Jo Ese Tlf. 970 39 899

Tabell 1: Oversikt over primærsøkjarar til grunnutdanningar ved Høgskolen i Østfold gjennom samordna opptak 2008.

Utdanning

Primærsøkjarar
2008[1]

Endring frå 2007[2]

Studieplassar

Ingeniør, bygg

49[3]

-4

40

Ingeniør, elektro

26[3]

+5

20

Ingeniør, maskin

20[3]

Nytt

10

Ingeniør, industriell design

11[3]

-9

25

Teknologisk innovasjon/entreprenørskap

9

-12

20

Sum ingeniørutdanning

115

-7

115

Sykepleie

277

-32

120

Vernepleie

107

+22[4]

70

Barnevernspedagog

117

-18

35

Sosialt arbeid (sosionom)

118

-14

42

Bioingeniør

36

-4

40

Sum helse- og sosialfagutdanning

655

-131

307

Allmennlærerutdanning

135

+8

85

Førskolelærerutdanning heltid

101

+12

110

Førskolelærerutdanning deltid

53

+6

30

Årsstudier (fagstudier)

225

+22

140

Sum lærarutdanning

514

+49

365

Økonomi/administrasjon

105

+2

80

Revisjon

47

-2

40

Samfunn, språk og kultur (SSK)

27

+5

25

Årsstudier i språk og statsvitenskap

141

+65

100

Internasjonal kommunikasjon

24

-5

40

Sum økonomi, samfunn og språk

344

+42

285

Ingeniør, data

23[3]

-8

20

Digital medieproduksjon

72

+21

40

Informatikk

28

-1

20

IT-ledelse og informasjonssystemer

36

+13

30

Årsstudium i informatikk

7

-5

15

Sum informasjonsteknologi

166

+20

125

Sum grunnutdanningar

1798

-23

1197

Meir informasjon om årets søkjartal i samordna opptak kan ein finne på www.samordnaopptak.no.

 

Tabell 2: Oversikt over søkjartal til master- og videreutdanningar og praktisk-pedagogisk utdanning

Studium

Primærsøkjarar
2008

Endring frå
2007

Organisasjon og ledelse, master

154

+76

Informatikk, master

14

+1

Spesialpedagogikk, master

130

Ikkje opptak 07

Psykisk helsearbeid, videreutd.

97

+38

Rusproblematikk 1, videreutd.

20

Ikkje opptak 07

Helse- og sosialadm, videreutd.

46

+17

Dualproblematikk, videreutd.

22

+7

Lindrende behandling og omsorg, videreutd.

36

Nytt

Praktisk-pedagogisk utdanning

335

+40

30-studiepoengsenheter i lærerutdanningen

189

-8

Påbyggingsstudier i samfunn, språk, kultur

24

-10

Sum masterutdanning, vidareutdanning og PPU

1067

+273



[1] Primærsøkjarar er talet på søkjarar som har dette studiet øvst på si prioriteringsliste i samordna opptak.
[2] Talet viser endring i høve til det tilsvarande søkjartalet som var registrert til studiet på same tidspunkt i fjor.
[3] I tillegg kjem søkjarar gjennom eige lokalt opptak til tresemesterordning, med søknadsfrist 15. mai.
[4] I fjor var det oppgang til Vernepleier deltid. Difor blir oppgangen i år ikkje samanliknbar med året før.

Oppdatert av Tore Petter Engen 22.04.2008 - Ved feil/mangler - kontakt: webmaster Høgskolen i Østfold - Remmen, 1757 Halden, 69 21 50 00