Logg inn knapp Logo Høgskolen i Telemark
Les e-post Arena høgskole Fronter M-disken, samt fellesdisker Tilbake til hovedsiden Sitemap
Banner
HiT / Nyheter / Russiske HiT-studentar til Bø

Russiske HiT-studentar til Bø

Novgorods Kreml - dvs festning - er det eldste i Russland
Novgorods Kreml - dvs festning - med Sofia-katerdralen er den eldste i Russland. HiT har sidan 1992 drive økonomi- og administrasjonsstudium i byen.

I dagane 8. til 18. mai har studiestaden Bø ved Høgskolen i Telemark besøk av "sine" 35 studentar og 9 forelesarar frå Russland. Heilt sidan 1992 har høgskolen hatt utdanningssamarbeid med nåverande Novgorod statsuniversitet.

Utdanningssamarbeidet med Novgorod har namnet Norman-programmet, og er finanisert av det norske utanriksdepartementet via Senter for internasjonalt universitetssamarbeid (SIU).

Studentane som saman med lærarane sine nå kommer til Bø, er det fjerde kullet som blir uteksaminert i dette programmet. Norman-IV studentane er flinke og svært arbeidsame, og gleder seg til å komme til HiT og Norge.

For dei russiske studentane er Norgesbesøket ein avslutning på sin bachelorgrad innan Økonomi og administrasjonsfag ved studiet som Høgskolen i Telemark driv i Novgorod.

Novgorod rundt 180 kilometer søraust for St.Petersburg er byen som vikingane kalte Holmgard og der Olav Trygvasson blei oppforstra.

Bachelorstudentane frå Novgorod er i alderen 20 - 24 år, og dei færraste har vore i Norge tidlegare.

Programmet er både fagleg og sosialt. I løpet av Norgesbesøket skal dei både presentere avsluttande prosjektoppgåver, besøke Telenor på Fornebu og bli kjent med HiT - den høgskolen dei faktisk har studert ved i tre år.

I tillegg er det lagt opp til at dei skal bli kjent med Telemark og sjå eit vårleg og vakkert Norge. Dei skal både på rundreise i fylket med stopp på Rjukan og Gaustablikk, padle på Telemarkskanalen og oppleve 17.mai feiring i Oslo.