Storinnrykk til HiT
Neste veke arrangerer Høgskolen i Telemark Euroweek. 250 studentar frå 17 europeiske land kjem til Bø for å lære om internasjonalt samarbeid.
Sidan desember har ei gruppe på 250 studentar jobba med ulike prosjekt mot temaet ”Innovation management”. Dette har dei gjort ”virtuelt” - på tvers av landegrenser. No skal arbeidet bli presentert i det verkelege livet, under Euroweek ved studiestad Bø.
70 forelesarar frå nettverket ”Prime networking”, som Høgskolen i Telemark er ein del av, skal vurdere prosjekta til studentane. Det beste akademiske prosjektet og den beste munnlege presentasjonen vil hauste heider og ære under avslutningsseremonien på Morgedal Skimuseum fredag 4. mai.
- Formålet med Euroweek er internasjonal læring både tverrfagleg og tverrkulturelt. Euroweek er med på å auke erfaringa og kunnskapen om internasjonalt arbeid hos studentane. Det gir dei også ein utvida dimensjon i studia, fortel høgskolelektor Judtih Torvik som er ansvarleg for arrangementet.
14 HIT- studentar skal vere med på Euroweek. Dei kjem frå fagretningane reiseliv, internasjonal marknadsføring og økonomi- og administrasjonsfag.
Torvik legg ikkje skjul på at ho har et velvillig team bak seg både av tilsette og studentar. 35 studentar jobbar som frivillige. Dei skal blant anna sørgje for tilstrekkeleg informasjon til deltakarane, måltider, guiding og rigging. Frå institutt for økonomi og informatikk deltek 15 tilsette.
- Vi ser på det sosiale som ein veldig viktig del. Vi har ikkje slott å vise fram slik som i Austerrike, men vi har mykje natur. Vi skal blant anna ta dei med på Lifjell, fortel Torvik.
På tysdag blir det Global Village på Kroa i Bø. Da skal deltakarane vise fram sine nasjonale skattar i form av mattradisjonar, kunst og dans. Global Village brukar å være eitt av høgdepunkta under Euroweek, les vi på heimesida.
Høgskolen i Telemark har vore med på Euroweek sidan oppstarten i Brussel i 1995. Fyrste gong Høgskolen i Telemark arrangerte Euroweek var i 1997.
