|
Etternamnet til forfattaren og utgivingsåret skal siterast:
Pettersen (1995) undersøkte korleis lesevanane blant grunnskoleelevar har utvikla seg ...
I ei landsomfattande undersøking om lesevanane blant grunnskoleelevar (Pettersen, 1995), ...
I 1995 undersøkte Pettersen korleis lesevanane blant grunnskoleelevar har utvikla seg ...
Når du viser til ei kjelde med to forfattarar, må du nemne begge kvar gong du viser til kjelda:
Lesevanane til norske grunnskuleelevar har endra seg drastisk dei siste ti åra (Pettersen & Kristoffersen, 1990). ... Pettersen og Kristoffersen (1990) hevdar også ...
Når du viser til ei kjelde med tre til fem forfattarar, skal du sitere alle forfattarane den første gongen. Ved seinare tilvisingar nemner du berre den første forfattaren, etterfølgt av «et al.» (dvs. «med fleire»).
Første gong:
(Pettersen, Kristoffersen, & Samuelsen, 1997)
Deretter:
(Pettersen et al., 1997)
Når du viser til ei kjelde med seks eller fleire forfattarar, skal du nemne berre den første, etterfølgt av «et al.».
Dersom ei litteraturliste inneheld arbeid av to eller fleire forfattarar med same etternamn, skal ein ta med forfattarane sine initialar i tilvisingane. Dette gjeld sjølv om utgivingsåret er ulikt:
P. Pettersen (1990) og K. S. Pettersen (1992) gjorde fleire undersøkingar ...
Når du viser til fleire referansar med ein og same forfattar, kan fleire årstal setjast i parentesen:
(Pettersen, 1990, 1997)
Dersom du viser til to eller fleire kjelder frå ein og same forfattar, skrive eit og same år, skil du kjeldene ved å setje bokstavane a, b, c, osv. rett etter årstalet:
(Pettersen 1990a, 1990b, 1990c, 1992)
Når du siterer to eller fleire kjelder av ulike forfattarar, skal dei siterast i alfabetisk rekkjefølgje slik:
(Kristoffersen, 1990; Pettersen, 1990, 1991; Simonsen, 1995)
Når du viser til eit omsett arbeid, oppgir du utgivingsår for både original og omsetjing:
(Donaldson, 1978/1984)
Dersom det ein har brukt frå ei kjelde er avgrensa til ein bestemt del, skal ein oppgi sidetalet:
(Kristoffersen, 1990, s. 109)
Korte, direkte sitat (mindre enn 40 ord) skal skrivast i løpande tekst og markerast med hermeteikn. Du må oppgi sidetal:
Vedeler (1999) seier at «lek er et godt hjelpemiddel når man skal observere og kartlegge barns læreforutsetninger og sosiale tilknytning i kameratgruppen» (s. 144).
Lange sitat (meir enn 40 ord) skal takast ut av løpande tekst og skrivast med eit innrykk på fem mellomrom frå venstre marg, utan hermeteikn:
Vedeler (1999) seier følgjande:
Gjennom observasjon av barns lek kan man få kunnskap om barns kognitive utvikling når man kjenner utviklingsstadiene i lek og sammenhengen mellom lekeatferd og intellektuell utvikling. Her inngår lekekatagorier som funksjonslek (sansemotorisk lek), symbollek, rollelek, konstrusjonslek og regellek. Funksjonslek er den tidligste form for lek man kan observere hos barn. (s. 148)
|