|
Lenker til to gode rettleiingar i oppgåveskriving finn du her:
råd&VINK: veiledning i informasjonskompetanse (Høgsk. i Telemark og Stord/Haugesund)
VIKO - Vegen til informasjonskompetanse (Universitetsbiblioteket i Trondheim)
Gå også gjennom følgjande sjekkliste:
Definer problemstillinga
Kva er det eigentleg du er ute etter informasjon om? Det er vanskeleg å finne relevant informasjon når du ikkje veit kva du søker. Formuler gjerne problemstillinga som eit spørsmål. Definer viktige omgrep og emneord for problemstillinga. Den seinare informasjonssøkinga gjer at du kanskje må justere problemstillinga di, men det gjer det ikkje mindre viktig å ha ei klart formulert problemstilling heilt frå starten.
Finn bakgrunnsinformasjon
Sjekk handbøker, ordbøker og leksika - generelle leksika og fagleksika. Brukar du dei rette omgrepa og termane? Leksika-artiklar har nettopp som føremål å gi ei presis innføring i eit emne.
Bruk databasar for å finne bøker
Bruk emneorda for å søke i biblioteket sine databasar. På dette tidspunktet i søkeprosessen bør du vere meir interessert i å få eit breitt utval informasjon framfor å avgrense den. Start difor med vide søketermar. Når du får relevante treff så vurder emneorda dei er registrerte med, og gjer nye søk. Ver kjeldekritisk! Ver spesielt merksam på bøker som gir ein samla oversikt over eit emne, og ikkje berre eit aspekt ved emnet.
Gå gjennom tidsskriftlitteraturen
Følg med i tidsskrifta innan ditt fagområde. Sjå i hyllene for dei nyaste tidsskrifthefta.
Biblioteket gir deg dessutan tilgang til databasar over tidsskriftartiklar både i norske og utanlandske tidsskrift. Husk at den mest oppdaterte informasjonen alltid finst i tidsskrift.
Sjekk litteraturlister i bøker og tidsskriftartiklar
Her kjem du ofte på sporet av anna relevant litteratur innan emnet ditt.
Finn ressursar i fulltekst på Internett
Etterkvart vert meir og meir informasjon tilgjengeleg i fulltekst på Internett. Heimesida til biblioteket er eit godt startpunkt for informasjonssøking på nettet. Ver klar over at det er tilfeldig kva som finst og ikkje finst på Internett. Du kan aldri rekne med at du har funne den viktigaste informasjonen, eller at informasjonen er fullstendig. Ein må også vere klar over at det er både seriøse og useriøse aktørar på nettet. For deg som brukar gjeld det å vere kritisk til kjeldene.
Vurder det du har funne
Dersom du har funne for mange eller for få kjelder, må du kanskje snevre inn eller utvide søkeomgrepa dine. Ver kjeldekritisk!
Skriv prosjektoppgåva
Til eit skriftleg arbeid vil det alltid bli stilt ein del formelle krav. Sjekk hos faglærar kva reglar som gjeld. Generelt kan ein seie at ei prosjektoppgåve bør innehalde følgjande komponentar: framside, tittel og tittelside, samandrag, føreord, innhaldsliste, innleiing, hovudkapittel, konklusjon og avslutning, kjelder og litteraturliste.
Bruk ein standard for tilvisingar og litteraturliste
Der det blir referert til annan litteratur i sjølve teksten, skal dette visast til på ein slik måte at ein kan slå opp i litteraturlista og finne fulle bibliografiske opplysningar.
Innførslane i litteraturlista skal gi opplysningar som forfattar(ar), tittel, utgivarstad, utgivar, årstal, utgåve. For tidsskrift må du gje opp heftenr., år, evt. årgang og sidetal.
Det finst fleire ulike standardar for skriving av tilvisingar og litteraturlister, og du må undersøke kva standard som vert nytta ved ditt studium.
Sjå elles biblioteket sine eigne sider for tilvisingar og litteraturlister.
|