Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Studentoppgåver / Kjeldekritikk /

Kjeldekritikk

Trykte informasjonskjelder

Bruk følgjande kriterium for vurdering av litteratur og tilvisingar:

Forfattarnamn

Er forfattarnamnet kjent? Er vedkomande ein fagleg autoritet på feltet?

Tittel

Inneheld tittelen nøkkelomgrep som er sentrale for di problemstilling?

Tidsskriftnamn

Lær deg dei sentrale norske og utanlandske tidsskrifta innan ditt fagområde. Ut frå namnet på eit tidsskrift vil du kunne vite omtrent kva det står for.

Utgjevarstad og forlag

Dei mest sentrale verka vert ofte utgitt av dei store, velkjende forlaga, og dei kjem gjerne ut i dei store universitetsbyane.

Det betyr ikkje at du ikkje kan finne interessante ting som er utgitt andre stader.

Utgjevingsår

Det er ofte lurt å byrje med publikasjonar som nettopp er komne ut, fordi dei refererer til eldre publikasjonar. Gjennom å lese den nye litteraturen kan du lettare avgjere kva for delar av den eldre litteraturen som kan vere relevant for deg.

Innhald

Du bør vite noko om innhaldet i ein publikasjon, spesielt dersom du skal bestille bøker frå andre bibliotek eller frå utlandet. Dette kan du ofte få informasjon om gjennom dei databasane for litteratursøking som gir samandrag av innhaldet i publikasjonen. Ei anna moglegheit er å gjere bruk av bokmeldingar som du finn i fagtidsskrift.

Når du har funne fram til ei bok er det lurt at du prøvar å vurdere om den er relevant for deg utan å lese heile boka. Her er nokre råd om korleis du kan gjere dette;

Baksidetekst

Her kan du finne ei kort oppsummering av tema i boka.

Innhaldsliste

Denne gir deg ei rask oversikt over kva for emner boka omhandlar, og kva for prioritering forfattaren har gjort i handsaminga av dei.

Føreordet

Dette kan gi deg informasjon om forfattaren sine hensikter med boka og kva for publikum han eller ho ynskjer å nå.

Stikkordregister

Her kan du få oversikt over kva for omgrep forfattaren handsamar, og om desse samsvarar med dei du er interessert i. Ved å slå opp nokre stikkord som er viktige i arbeidet ditt, kan du sjå om forfattaren handsamar dei tema du er opptatt av.

Bibliografien

Her kan du sjå om forfattaren nyttar seg av andre forfattarar som er sentrale innan det fagområdet du er interessert i.

Skumlesing

Er du framleis i tvil om boka er relevant for deg, kan du skumlese den. Ved å lese første og evt. andre setning i eit avsnitt, så vel som dei to siste, vil du få med deg hovudinnhaldet i avsnittet.

Internettkjelder

Kven som helst kan leggje ut informasjon på Internett. Samtidig som dette gir oss tilgang til enorme informasjonsmengder, har det også sine problematiske sider. Du skal vere merksam på at nettet i tillegg til sakleg, veldokumentert informasjon inneheld store mengder med reklame, samt vevsider som fremjar interessene til enkeltpersonar og spesielle grupper. Medan eit manuskript går fleire gonger mellom forleggar og forfattar før det endelege sluttresultatet ligg på bordet, går ein veldig stor del av nettsidene ikkje gjennom nokon slik kvalitetskontroll. Det er difor viktig at du sjølv kritisk vurderer den informasjonen du finn på nettet. Patterson (1999, februar 3) har sett opp ei rekkje kriterium som det er verdt å sjå nærare på ved kvalitetsvurdering av ressursar på Internett. Teksten nedanfor tek i hovudsak utgangspunkt i desse kriteria:

Forfattar/opphavsmann

Kven har lagt ut informasjonen på nettet, og har vi tillit til vedkomande? Opplysningar om forfattaren og kvalifikasjonane hans er ofte heilt avgjerande for å kunne vurdere om ei kjelde er påliteleg. Ei god vevside gir slike opplysningar. Du kan også sjekke e-post adressa til forfattaren og adressa (URL’en) til vevsida for å finne informasjon om forfattaren si stilling og tilknyting til ein spesiell organisasjon eller gruppe. Dersom dette ikkje fører fram, er neste steg å sjekke peikarane tilbake til vertssida, eller du kan sende ein førespurnad per e-post til vertsinstitusjonen.

Du bør også gjere ei vurdering av vertsinstitusjonen, dersom ein slik eksisterer. Finst det nokon offisiell logo, namn eller annan indikasjon på at informasjonen på den aktuelle vevsida er støtta av denne institusjonen? Kva slags profil har vertsinstitusjonen, og kan du stole på at den informasjonen som vert formidla er objektiv?

Ein URL kan vere eit godt hjelpemiddel i evalueringsprosessen. Alle URL’ar inneheld eit domenenamn der toppdomenet er anten eit organisasjonsledd eller eit nasjonalitetsledd.

Følgjande toppdomene vert nytta for ressursar i USA:

.com (commercial)

.mil (military)

.edu (educational)

.gov (government)

.org (organization) (ikkje-kommersiell)

.net (network)

 

Andre land har fått tildelt ei to-bokstavs landskode. Døme: .no (Norge), .se (Sverige), .dk (Danmark), .uk (Storbritannia).

Dersom ein URL inneheld ein ~, så er det ofte eit teikn på at denne sida tilhøyrer ein privatperson som har leigd seg plass på ein stor, sentral teneste. Dette tyder ikkje nødvendigvis at informasjonen er dårleg, men den kritiske sansen din bør vere skjerpa.

Målgruppe

Kva brukargruppe rettar informasjonen seg mot? Har informasjonen eit akademisk tilsnitt, er den retta inn mot skuleverket, eller er målgruppa eit meir generelt publikum? Er informasjonen for vanskeleg til ditt bruk, eller er den kanskje for overflatisk? Nokre gonger vil du finne opplysningar om målgruppe i sjølve vevdokumentet. I tillegg vil språk og skrivestil gi ein god peikepinn på kva brukargruppe forfattaren har hatt i tankane. Er det brukt eit tungt, vitskapleg språk med mykje fagterminologi, signaliserer dette ei akademisk orientering. Ein enklare, meir lettfatteleg språkbruk derimot, opnar for eit større og breiare publikum.

Aktualitet

Ofte har du behov for ny og heilt oppdatert informasjon, og då er det viktig å kunne tidfeste kjeldene. Eit verdifullt vevdokument er alltid datert, og det inneheld opplysningar om siste oppdatering. Vanlegvis vil du finne denne informasjonen anten på byrjinga eller på slutten av dokumentet. I Netscape kan du også via Page Info i View-menyen finne ut når ei side sist vart revidert.(Men dette treng ikkje vere datoen for når informasjonen faktisk blei oppdatert.) Sjå etter ressursar som nyleg er oppdaterte, eller som ser ut til å bli ajourførte med jamne mellomrom.

Fullstendig og nøyaktig informasjon

Kor fullstendig og nøyaktig er informasjonen? Dette kan du kontrollere ved å samanlikne informasjonen med pålitelege, trykte ressursar innan same felt. Du må også vurdere informasjonskjelda. Treng du til dømes norske lovtekstar, bør du gå til den offisielle kjelda, Lovdata, og ikkje til ei anna, uoffisiell kjelde.

Objektivitet

Som vi har vore inne på tidlegare, finst det mykje informasjon på nettet som ikkje er objektiv. T.d. gjeld dette reklamesider og sider som fremmer særinteresser. Du bør difor alltid vurdere kva som er føremålet med den informasjonen du har framfor deg.

Katalogar

Svært mange organisasjonar legg opp katalogar over evaluert internettinformasjon. Sjå til dømes på Britannica og Argus Clearinghouse.

Peikarar frå andre ressursar

Ofte kan du dra nytte av dei peikarane andre har lagt ut. Dersom ei kvalitetskjelde har peikarar til andre sider, kan du kjenne deg rimeleg trygg på at også desse sidene held ein bra standard.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Kirsten Hundvebakke 11.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning