- Forfattarnamn skal inverterast (etternamn først); bruk etternamn og initialar.
- Litteraturlista skal ordnast alfabetisk etter den første forfattaren sitt etternamn. Er same forfattar oppført med fleire innførslar, skal desse ordnast etter årstal slik at dei eldste arbeida kjem først. Når ein forfattar opptrer både som einaste forfattar og som første forfattar i ei gruppe, skal referansane der han er einaste forfattar kome først. Kjelder som manglar forfattar skal alfabetiserast etter tittel.
- Bruk komma for å skilje mellom fleire forfattarar som kjem etter kvarandre, bruk &-teiknet før siste forfattar.
- APA tilrår at den første linja i kvar referanse skal ha innrykk, 5 mellomrom frå venstre marg. Dette er primært for å gjere trykkinga av arbeidet lettare. I eit ferdig publisert arbeid er første linja i ein referanse utan innrykk, dei resterande linjene har innrykk på 5 mellomrom. Du kan du nytte denne «ferdige» varianten dersom arbeidet ditt ikkje skal publiserast, slik det også er gjort i eksempla nedanfor.
- Berre første ord i tittel og undertittel skal skrivast med stor forbokstav. Når det gjeld tidsskrift- og serietitlar, skal alle vesentlege ord skrivast med stor forbokstav (artiklar, preposisjonar, m.m. skal skrivast med små bokstavar - konsulter manualen for meir informasjon).
- Boktitlar og tidsskrifttitlar skal understrekast eller kursiverast. Bruk understreking dersom arbeidet skal publiserast, det ferdig trykte dokumentet skal ha kursivert skrift.
Bok med ein forfattar:
Vedeler, L. (1999). Pedagogisk bruk av lek. Oslo: Universitetsforlaget.
Bok med fleire forfattarar:
Alle forfattarane skal takast med.
Hernes, L., Horn, G., & Reistad, H. (1993). Lek, dans og teater. Vollen: Tell.
Redigert verk:
Haug, P. (Red.). (1995). Spesialpedagogiske utfordringer. Oslo: Universitetsforlaget.
Seinare utgåver:
Hammersley, M., & Atkinson, P. (1995). Ethnography: Principles in practice (2nd ed.). London: Routledge.
Omsett bok:
Donaldson, M. (1984). Barns tankeverden (T. D. Evans, Oms.). Oslo: Cappelen. (Originalutg. publisert 1978)
I tilvisinga oppgir du utgivingsår for både original og omsetjing: 1978/1984.
Artikkel eller kapittel i ei bok:
Boka har ein forfattar:
McQuail, D. (1994). Media structures and institutions In Theories of Mass Communication (pp. 154-182) London: Sage.
Redigert verk:
Eiser, S., Redpath, A., & Rogers, N. (1987). Outcomes of early parenting: Knowns and unknowns. In. A. P. Kern & L. S. Maze (Eds.), Logical thinking in children (pp. 58-87). New York: Springer.
Korporasjon som forfattar og utgivar:
American Psychological Association. (1994). Publication manual of the American Psychological Association (4th ed.). Washington, DC: Author.
Bok i serie:
Larsson, C. (1996). Identity through the other: Canadian adventure romance for adolescents (Umeå Studies in Humanities No. 133). Umeå : Umeå University.
Artikkel i tidsskrift:
Når alle hefte innan ein årgang får fortløpande paginering, skal ein føre opp berre årgangsnr.:
Bekerian, D. A. (1993). In search of the typical eyewitness. American Psychologist, 48, 574-576.
Dersom kvart hefte innanfor ein årgang har avsluttande paginering, skal ein føre opp både årgangsnr. og heftenr.:
Vaage, O. F. (1998). Mer krim, komedier og konserter: Kulturbruken på 1990-tallet. Samfunnsspeilet, 12 (6) 2-15.
Avisartikkel:
Mehlum, J. (1996, 5. desember). Monopoler, troll og gode hensikter: Kronikk. Dagbladet, s. 26.
|