|
Ein skal vise til forfattaren sitt etternamn og utgivingsåret.
(Pettersen 1995)
Pettersen (1995) undersøkte korleis lesevanane hos grunnskoleelevar har utvikla seg ...
Når du viser til ei kjelde med to eller tre forfattarar, skal alle tre namna takast med:
(Pettersen og Kristoffersen 1990)
(Pettersen, Kristoffersen, og Paulsen 1991)
Når du viser til ei kjelde med meir enn tre forfattarar skal du nemne den første, etterfølgt av «et al.» (dvs. «med fleire»):
(Pettersen et al. 1997)
Når litteraturlista inneheld to eller fleire kjelder av ulike forfattarar med same etternamn og same utgivingsår, må ein også ta med forfattaren sine initialar:
(P. Pettersen 1990)
(K. S. Pettersen 1990)
Dersom det du har brukt frå ei kjelde er avgrensa til ein bestemt del, skal du gi opp sidetalet:
(Kristoffersen 1990, 109)
(Pettersen 1995, 23, 43, 46-51)
Når du siterer to eller fleire kjelder av ulike forfattarar i den same parentesen, skil du dei med semikolon:
(Kristoffersen 1990; Pettersen 1990; Simonsen og Paulsen 1995)
Når du viser til fleire referansar med ein og same forfattar, skal dei skiljast med komma:
(Pettersen 1990, 1997)
Dersom du også oppgir sidetal, må du skilje referansane med semikolon:
(Pettersen 1990, 45-49; 1997, 105)
Når du viser til to eller fleire kjelder frå same forfattar, skrive same år, skil du mellom kjeldene ved å setje ein bokstav bak årstalet:
(Pettersen 1990a, 1990b, 1992) eller (Pettersen 1990a,b, 1992)
Ved direkte sitat har ein to alternativ:
- Integrert i teksten, markert med hermeteikn.
- Teke ut av den løpande teksten, utan hermeteikn. Sitatet må då markerast med anten innrykk, mindre skrifttypar, eller med mindre linjeavstand.
Korte sitat bør integrerast i teksten, medan sitat på meir enn ti linjer el. meir enn eitt avsnitt bør trekkjast ut av den løpande teksten.
|