Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Studentoppgåver / Litteraturtilvisingar / Chicago /

Litteraturliste

  • Alle kjelder som vert siterte i teksten må takast med i litteraturlista.
  • Første forfattarnamn i ein referanse skal inverterast (etternamn, fornamn). Dei andre forfattarnamna skal skrivast rett fram (fornamn etternamn).
  • Du bør nytte den forma av forfattarnamnet som står på boka sitt tittelblad. Evt. kan du bruke initialar i staden for å skrive fornamnet fullt ut. Anten du vel den eine eller den andre måten, er det viktig at du er konsekvent.
  • Kvar innførsel skal starte ved venstre marg. Når ein innførsel tek meir enn ei linje, skal dei påfølgjande linjene ha innrykk (5 mellomrom frå venstre marg).
  • Litteraturlista skal ordnast alfabetisk etter forfattar.
  • Er same forfattar oppført med fleire tilvisingar, skal desse ordnast etter årstal slik at dei eldste kjem først. I staden for å gjenta forfattarnamnet skal det nyttast repetisjonsteikn (------), sjå eksempel under bok med ein forfattar.
  • Når ein forfattar opptrer både som einaste forfattar og som første forfattar i ei gruppe, skal referansane der han er einaste forfattar kome først.
  • Når ein person opptrer som både forfattar, redaktør, etc., skal arbeida der han opptrer som forfattar kome først.
  • Boktitlar og tidsskrifttitlar skal kursiverast.
  • Berre første ord i tittel og undertittel skal skrivast med stor forbokstav.
  • I praksis vert undertitlar ofte utelate, likevel vert det oppfordra til at ein oppgir full tittel (dvs. hovudtittel og undertittel).
  • I engelskspråklege tidsskrift- og serietitlar skal kvart ord starte med stor forbokstav (bortsett frå artiklar, preposisjonar, osv. - konsulter manualen for nærare informasjon).


Bok med ein forfattar:

Vedeler, Liv. 1982. Integrering i barnehagen. Oslo: Universitetsforlaget.

------. 1999. Pedagogisk bruk av lek. Oslo: Universitetsforlaget.

 

Bok med fleire forfattarar:

Alle forfattarane skal takast med.

Hernes, Leif, Gunnar Horn, og Helge Reistad. 1993. Lek, dans og
   teater. Vollen: Tell.

eller:

Hernes, Leif; Gunnar Horn; og Helge Reistad. 1993. Lek, dans og
   teater. Vollen: Tell.

Redigert verk:

Haug, Peder, red. 1995. Spesialpedagogiske utfordringer. Oslo:
   Universitetsforlaget.

Seinare utgåver:

Hammersley, Martyn, and Paul Atkinson. 1995. Ethnography:
   Principles in practice. 2d ed. London: Routledge.

Omsett bok:

Donaldson, Margaret. 1984. Barns tankeverden. Omsett av
   Tordis Dalland Evans. Oslo: Cappelen.

Artikkel eller kapittel i ei bok:

Boka har ein forfattar:

McQuail, Denis. 1994. Media structures and institutions.
   In Theories of Mass Communication. London: Sage.

Redigert verk:

Kaiser, Ernest. 1964. The literature of Harlem. In Harlem:
   A community in transition, edited by J. H. Clarke.
   New York: Citatdel Press.

Korporasjon som forfattar og utgivar:

American Psychological Association (APA). 1994.
   Publication manual of the American
   Psychological Association. 4th ed. Washington, D.C:
   American Psychological Association.

I tilvisinga kan korporasjonsnamnet forkortast. I dette tilfellet er det tilstrekkeleg å skrive: (APA 1994)

Bok i serie:

Larsson, Clarence. 1996. Identity through the other:
   Canadian adventure romance for adolescents.
   Umeå Studies in Humanities no. 133. Umeå:
   Umeå University.

Opptrykk:

Ofte kjem bøker i nye opptrykk/opplag. Då bør ein ha med fullstendig utgivingsinformasjon for både originalutgåva og opptrykket.

Trykkeåret for opptrykket skal kome like bak forfattarnamnet. Opplysningar om utgivingsstad, forlag og år for originalutgåva kjem etter tittelen. Til slutt kjem opplysningar om opptrykket.

Flissman, J. H. 1991. How the cold war will end.
   Translated by William DeLor. New York: 
   Stalwart Press, 1968. Reprint, Los Angeles:
   Tim P. Johnson.

I tilvisinga oppgir ein berre årstal for opptrykket.

Artikkel i tidsskrift:

Ta med opplysningar om årgang og sidetal, evt. heftenummer. Heftenummer er nødvendig berre dersom kvart hefte innanfor ein årgang har avsluttande paginering.

Bennett, John W. 1946. The intepretation of Pueblo culture:
   A question of values. Southwestern Journal of
   Anthropology 2:361-74.

Vaage, Odd Frank. 1998. Mer krim, komedier og konserter:
   Kulturbruken på 1990-tallet. Samfunnsspeilet 12, nr. 6:12-15.

Bellworthy, Cartright C. 1990. Reform of congressional
   remuneration. Political Review 7, no. 6:87-101.

Avisartikkel:

Vanlegvis er det tilstrekkeleg å vise til artikkelen i løpande tekst, til dømes slik:

I kronikken «Monopoler, troll og gode hensikter,» trykt i Dagbladet, 5. desember 1996, hevdar Jan Mehlum at ...

Dersom ein meiner det er nødvendig å ta med referansen i litteraturlista, kan dette gjerast slik:

Mehlum, Jan. 1996. Monopoler, troll og gode hensikter:
   Kronikk. Dagbladet, 5. desember.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ragnhild Halsen 21.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning