Skriv ut Sideoversikt |  


Lærarutdanninga
Humanistiske fag
Mediefag
Samfunnsfag
Ivar Aasen-instituttet
Biblioteket
Kontor for etter- og
   vidareutdanning

Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Nynorsksenteret


Studentoppgåver / Litteraturtilvisingar / MLA /

Tilvisingar i teksten

Forfattaren sitt etternamn og sidetalet skal siterast:

(Pettersen 110-15)

I ei landsomfattande undersøking om barns lesevanar, påviste Pettersen at det er ein klar samanheng mellom bibliotekbruk og lesedugleik (135-40).

 

Dersom du siterer heile arbeidet, kan sidetal sløyfast. Då bør ein helst sitere forfattaren i den løpande teksten, i staden for i ein parentes:

Pettersen undersøkte korleis lesevanane blant norske barn har utvikla seg ...

 

Dersom litteraturlista inneheld arbeid av to eller fleire forfattar med same etternamn, må ein ta med første initial, evt. heile fornamnet dersom også initialen er lik:

(P. Pettersen 183-85)
(R. Pettersen 230)

 

Dersom kjelda har to eller tre forfattarar, oppgir du etternamnet til kvar av dei:

(Pettersen, Kristoffersen, og Samuelsen 203)

 

Dersom kjelda har meir enn tre forfattarar, kan du anten oppgi første forfattarnamn etterfølgt av «et al.» ( dvs. «med fleire»), eller du kan oppgi alle namna. Bruk same mal i tilvisingane som i litteraturlista!

(Pettersen et al. 215-20)
(Pettersen, Kristoffersen, Samuelsen, og Haugen 215-20)

 

Når du viser til fleire referansar av ein og same forfattar, må du også ta med tittelen på arbeidet, om ønskjeleg kan tittelen forkortast:

(Bliksrud, Sigrid Undset 85)
Bliksrud hevdar at ... (Sigrid Undset 85).
I boka Sigrid Undset, skriv Bliksrud at ... (85).

 

Når du viser til fleire kjelder i ein parentes, skil du dei med semikolon:

(Bliksrud, Sigrid Undset 85; Ørjasæter 110)

 

Direkte sitat på opp til fire linjer skriv du i hermeteikn i den løpande teksten. Sitat på meir enn fire linjer skal skrivast med eit innrykk på ti mellomrom frå venstre marg.



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Ragnhild Halsen 19.02.2003
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning