- Litteraturlista skal innehalde alle kjelder som er siterte i arbeidet.
- Start ein innførsel ved venstre marg, påfølgjande linjer skal ha eit innrykk på fem mellomrom frå venstre marg.
- Litteraturlista skal ordnast alfabetisk etter forfattar, eller etter tittel dersom forfattar manglar.
- Du skal bruke den forma av forfattarnamnet som står på boka sitt tittelblad. Bruk ikkje initialar når tittelbladet gir fullt fornamn!
- Første forfattarnamn i ein referanse skal inverterast (etternamn, fornamn). Dei andre forfattarnamna skal skrivast rett fram (fornamn etternamn).
- Når den same personen opptrer som forfattar/redaktør i fleire tilvisingar, skal dei ordnast alfabetisk etter tittel. I staden for å gjenta forfattarnamnet brukar ein --- som repetisjonsteikn, sjå eksempel under bok med ein forfattar.
- Tittelen på bøker og tidsskrift skal understrekast eller kursiverast. Du bør bruke understreking dersom arbeidet ditt skal publiserast, det ferdig trykte dokumentet skal ha kursivert skrift.
- I engelskspråklege titlar skal første ord, siste ord og elles alle vesentlege ord ha stor forbokstav (sjå manualen for fleire opplysningar).
- Namn på forlag/utgivar kan forkortast.
Bok med ein forfattar:
Ørjasæter, Tordis. Menneskenes hjerter: Sigrid Undset - en livshistorie. Oslo: Aschehoug, 1993.
---. Sigrid Undset og Roma. Oslo: Aschehoug, 1996.
Bok med to eller tre forfattarar:
Hernes, Leif, Gunnar Horn, og Helge Reistad. Lek, dans og teater. Vollen: Tell, 1993.
Bok med meir enn tre forfattarar:
Gilman, Sander, et al. Hysteria beyond Freud. Berkeley: U of California P, 1993.
eller
Gilman, Sander, Helen King, Roy Porter, George Rousseau, and Elaine Showalter. Hysteria beyond Freud. Berkeley: U of California P, 1993.
Bruk same mal som i litteraturtilvisingane.
Redigert verk:
Lopate, Phillip, ed. The Art of the Personal Essay: An Anthology from the Classical Era to the Present. New York: Anchor-Doubleday, 1994.
Seinare utgåver:
Gross, Harvey, and Robert McDowell. Sound and Form in Modern Poetry. 2nd ed. Ann Arbor: U of Michigan P, 1996.
Omsett bok:
Pennac, Daniel. Som en roman: Om gleden ved å lese. Oms. Inger Østenstad. Oslo: Tano, 1999.
Del av antologi el. redigert verk:
Når du siterer eit essay, eit dikt, ei novelle, ein artikkel, osv. som er ein del av ein antologi el. eit redigert verk, må du ta med følgjande informasjon:
Magny, Claude-Edmonde. «Faulkner or Theological Inversion.» Faulkner: A Collection of Critical Essays. Ed. Robert Penn Warren. Englewood Cliffs: Prentice-Hall, 1966. 66-78.
Allende, Isabel. «Toad’s Mouth.» Trans. Margaret Sayers Peden. A Hammock beneath the Mangoes: Stories from Latin America. Ed. Thomas Colchie. New York: Plume, 1992. 83-88.
Korporasjon som forfattar og utgivar:
American Council of Learned Societies. Teaching the Humanities: Essays from the ACLS Elementary and Secondary Schools Teacher Curriculum Development Project. New York: ACLS, 1994.
Bok i serie:
Larsson, Clarence. Identity through the Other: Canadian Adventure Romance for Adolescents. Umeå Studies in Humanities 133. Umeå: Umeå U, 1996.
Opptrykk:
Utgivingsåret for originalutgåva skal kome først. Deretter kjem opplysningar om utgivingsstad, forlag og år for opptrykket:
Atwood, Margaret. Surfacing. 1972. New York: Fawcett, 1987.
Artikkel i tidsskrift:
Når alle hefte innan ein årgang får fortløpande paginering, skal du føre opp årgang, år og sidetal:
Vangsnes, Øystein Alexander. «Intensiverende nominalfraser i norsk.» Norsk lingvistisk tidsskrift 15 (1997): 35-51.
Når kvart hefte innan ein årgang har avsluttande paginering, må du også oppgi heftenr.:
Vickeroy, Laurie. «The Politics of Abuse: The Traumatized Child in Toni Morrison and Marguerite Duras.» Mosaic 29.2 (1996): 91-109.
Rogne, Magne. «Purisme som idé og praksis i norsk språknormering.» Språklig samling 39.3 (1998): 11-18.
Nokre tidsskrift nyttar berre ei fortløpande heftenummerering, utan årgangsnr. Før då opp heftenr. på same måte som ein elles fører opp årg.:
Solberg, Olav. «Tre noveller av Tarjei Vesaas.» Norskrift 94 (1997): 64-91.
Avisartikkel:
Mehlum, Jan. «Monopoler, troll og gode hensikter: Kronikk.» Dagbladet 5. des. 1996: 26.
|