Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 2  Forteljingar om Ivar Aasen

Geir Hjorthol
Pris : 100,-
Utgjevingsår: 1997

Dei ti artiklane som fyller denne boka, er ikkje først og fremst meinte som ei forseinka hylling av Ivar Aasen, eitt år etter Ivar Aasen-året. I staden har formålet vore å sjå nærmare på den måten Aasens liv og verk har blitt framstilt på - i fortid og notid.

Aasen-biletet, eller-bileta, er forma gjennom ei rekkje sjangrar. I denne boka blir det sett søkjelys på litteraturhistoriske framstillingar, hyllingsdikt, gjenbruk av Aasen i nynorsk lyrikktradisjon og biografiar.

I 1996 kom det ut tre omfangsrike biografiar om Ivar Aasen - av Jostein Krokvik, Kjell Venås og Stephen J. Walton. På denne bakgrunnen fall det naturleg å rette merksemda mot dei biografiske forteljingane om Aasen. Alle dei tre forfattarane har presentert prosjekta sine her. Samtidig inneheld boka meir prinsipielle drøftingar av biografien som populær og problematisk sjanger - med utgangspunkt både i desse og eldre Aasen-biografiar.

Aasen-biletet er ikkje eit spørsmål om sjanger åleine. Fleire av artiklane viser at formelle og ideologiske mønster blir til innanfor institusjonelle rammer, i den borgarlege ålmenta, i målrørsla og i den litterære institusjonen.

Resultatet er ikkje éin Ivar Aasen som alle kan semjast om, men eit mangefasettert bilete, skapt av motstridande interesser og utforma som vitskapelege og mytologiske fortejingar i ein prosess som ikkje er slutt.

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 08.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning