Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 3  Norsk Navnebog

(Ivar Aasen)  Ved Terje Aarset / Kristoffer Kruken
Pris : 150,-
Utgjevingsår: 1997

Språket er "det største og vigtigste Kjendemærke for et Folkeslag; men ogsaa Navneskikken hører med til Folkets Ættemerker", seier Ivar Aasen i sluttkapitlet i Norsk Navnebog.

Aasen publiserte to arbeid om personnamn i 1850-åra, men det var først i 1876 at arbeidet hans med namna og namneskikkane våre skaut fart.

Norsk Navnebog (1878) er vår første namnebok. Boka byggjer på eit omfattande kjeldemateriale, og har både eit opplysande og normativt siktemål: å gjere namneskikken norskare.

I 1912 vart boka oppattrykt i Skrifter i Samling (med latinsk skrift) og kom same året som eiga bok. Denne utgåva er i dag berre å få antikvarisk. I 1980 gav Børsums Forlag og Antikvariat ut eit fotografisk opptrykk av Norsk Navnebog, men den småstilte frakturskrifta er det mange som i dag ikkje les.

Den nye utgåva av Norsk Navnebog (1997) er lagd til rette av Kristoffer Kruken og Terje Aarset. Namneboka kjem i moderne typografisk utstyr og blir lett tilgjengeleg for vår tids lesarar. Nytt for denne utgåva er eit register på om lag 3500 namn og namneformer som gjer det lettare å få oversyn over det store namnetilfanget i boka.

Kristoffer Kruken (f.1950) er førsteamanuensis ved Seksjon for namnegransking, Universitetet i Oslo. Han har gjennom åra skrive ei rekkje fagartiklar om personnamn eg er m.a. ansvarleg for 2.utgåva av Norsk personnamnleksikon (1995), vårt største og mest moderne oppslagsverk om personnamn.

Terje Aarset (f.1945) er førsteamanuensis ved Nordisk institutt, Høgskulen i Volda. I 1996 gav han ut Det norske Folkesprogs Grammatik (1848) av Ivar Aasen i ny utgåve, som nr.1 i serien Skrifter frå Ivar Aasen instituttet.

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 08.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning