Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 5  Ny-Noreg møter Svensk-Finland

Stephen J. Walton
Pris: 100,-
Utgjevingsår : 1999

I samband med Dei nynorske festspela 1998 skipa Ivar Aasen-instituttet til eit seminar med tittelen Ny-Noreg møter Svensk-Finland. Det var den første internasjonale tilskipinga Ivar Aasen-instituttet har stått for. Det var ikkje tilfeldig at det nettopp var finlandssvenskane som først vart inviterte. Dei er naturlege samtalepartnarar for nynorskoffentlegheita og for Ivar Aasen-instituttet reint særskilt. Finlandssvenskane  har dessutan vore for lite påakta som samtalepartnarar. Seminaret og denne boka er eit forsøk på å rette på det.

Boka inneheld innlegga til dei fire innleiarane. Desse er Christer Laurén frå Instituionen för nordiska språk, Vasa Universitet/Europäische Akademie Bozen, Jon Peder Vestad, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda, Jan Terje Faarlund, Institutt for nordistikk og leksikografi, Universitetet i Oslo og John Sundholm, Åbo Akademi. Vidare inneheld boka Stephen J. Waltons presentasjon av seminaret, og den oppsummerande kronikken Walton hadde i Sunnmørsposten i etterkant av seminaret.

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 08.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning