Skriv ut Sideoversikt |  


Avdelingar og fagmiljø
- Kulturfag
- Mediefag
- Humanistiske fag
og lærarutdanning
- Samfunnsfag og
historie

Biblioteket
Internasjonalisering
Studentsamskipnaden
Ivar Aasen-instituttet
Nynorsksenteret



 Kontakt

Ivar Aasen-instituttet
Høgskulen i Volda
Postboks 500,
6101 Volda

Telefon: 70 07 50 16
Telefaks: 70 07 51 35
Besøksadresse:
Lettbygget
Joplassvegen 11, 6101 Volda

Send ein e-post.  ror@hivolda.no
  Til kontaktsider

Om Høgskulen / Ivar Aasen-instituttet / Skriftserien /

Bok nr. 7  Litt laust, mest fast

Stephen J. Walton
Pris: 100,-
Utgjevingsår: 1999

Denne boka inneheld sju tekstar frå tida 1997-1999. Dei handlar om trekk ved den nynorske skriftkulturen. Det spørsmålet som heng over dei, er "Kva mogelegheiter har nynorsken i overgangen frå modernitet til ettermodernitet?". Det samla svaret er at de finst verdiar i nynorskkulturen som er verdt å ta vare på, og at det ettermoderne samfunnet gir berarane av nynorskkulturen nisjar der dei har gode sjansar til å gjere nytte for seg. Den som leitar godt her, vil også finne eit ymt om at vi kanskje no er på veg ut av det ettermoderne og inn i det nybarokke. Eller at det nybarokke nettopp er éin av dei ettermoderne nisjane der nynorsken trivst svært godt.

Tre av desse tekstane har ikkje vore prenta før, og éin av dei har vore så godt som utilgjengeleg. Dei tre andre har stått i Dag og Tid, og blir såleis her berga for ettertida frå journalistikkens evige notid.

Stephen J. Walton (f. 1958) tener til livets opphald som professor og instituttleiar ved Ivar Aasen-instituttet ved Høgskulen i Volda og som professor i norsk ved University College London.

 

 



Skriv ut  Skriv ut
Oppdatert av Roger Ole Rangsæter 08.03.2007
Publisert med NetEd : Web publiseringsløsning