|
Bok nr. 9 Aviser på nynorsk
Øystein Sande Pris: 100,- Utgjevingsår: 2000
I dette skriftet prøver forfattaren å kartleggje kor mange og kva for aviser som har kome ut på nynorsk sidan Aasmund Olavsson Vinje allereie i 1858 begynte å gi ut Dølen. Han ser også på utviklingstrekk og geografisk fordeling.
Skriftet er delt i to delar. I del I går forfattaren nærare inn på pioneren, avisutgjevaren og journalisten Aasmund Olavsson Vinje, og kva han har hatt å seie for ettertida. I Del II tek han for seg utviklinga etter Vinje og Dølen, er innom dei store "flaggskipa" (særleg Fedraheimen og Den 17de Mai), og kjem fram til at det er i dei mange små lokalavisene at nynorsken har hatt størst framgang som avisspråk.
Øystein Sande (f.1942) er amanuensis i medievitskap ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag.
|